Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Vin

Fagstoff
Video

Opning og sablering av musserande vin

Å opne ei flaske musserande vin som champagne eller prosecco kan vere ei utfordring. Det er viktig å vite korleis du skal gjere det rett for å unngå skadar og søl. I filmen under (lengde 4:46) viser vinkelneren to måtar å opne ei flaske musserande vin på.
Video: Jarle Sten Olsen / CC BY-ND 4.0

Opne musserande vin på "vanleg måte"

  1. Sørg for at vinen er godt kjølt. Det reduserer trykket og gjer vinen enklare å opne.

  2. Flaska skal bli halden i 45 gradars vinkel og ikkje peike mot gjestane. Fjern folien på toppen av flaska (etter at du har presentert vinen).

  3. Hald godt i botnen av flaska, og legg tommelen på toppen av flaska. Losne metallhetta mens du framleis held tommelen på toppen. Lukk handa rundt korken, og vri varsamt på flaska.

  4. Når korken begynner å gi etter, skal du halde igjen, slik at vi berre høyrer eit lite "futt". Korken skal ikkje skytast ut med eit "pang" slik at vinen fossar ut av flaska.

Sablering av musserande vin

Å opne ei flaske vin ved hjelp av ein sabel eller ein kniv blir kalla sablering. Dette er ei spektakulær oppleving for gjestane og blir gjerne brukt til spesielle høve. Det trengst rett teknikk og litt øving for å meistre denne metoden.

Slik gjer du det:

  1. Finn eit opent område med god plass, gjerne utandørs.

  2. Pass på at vinen er godt kjølt.

  3. Hald flaska i ein 45 gradars vinkel, med korken vend bort frå deg sjølv og andre. Fjern folien på toppen av flaska.

  4. Legg tommelen på toppen av korken. Losne stålhetta varsamt mens du held med tommelen. Slepp tommelen forsiktig og sjå til at korken ikkje er på veg til å sprette ut. Løft av stålhetta og legg ho i lomma.

  5. Snu på flaska til du finn skøyten som går frå botnen av flaska og opp til flaskehalsen. Det er langs denne skøyten du skal føre sabelen.

  6. Ta tak i sabelen eller kniven, og før han langs skøyten på flaska og opp til flaskehalsen i ei bestemd og fast rørsle. Du treng ikkje å bruke mykje makt, det handlar meir om teknikk. Om det blir gjort rett, vil korken og øvste delen av flaska fly av i ei rein rørsle. Du kan no helle den musserande vinen i glas og servere.

Skrive av Jannike Gausdal.
Sist oppdatert 06.04.2026