Smilefjesordninga

Trygg mat
Føremålet med smilefjesordninga som Mattilsynet har starta, er tryggare mat på serveringsstader og betre hygieneforhold. Ved hjelp av smilefjeset kan forbrukarane raskt finne ut om spisestaden blir driven slik at maten som blir servert, er trygg.
Dette betyr smilefjesa
Smilande munn
Mattilsynet har ikkje funne brot på regelverket, eller har berre funne bagatellmessige brot på regelverket og gjort merksam på dette.
Strekmunn
Mattilsynet har funne brot på regelverket og gitt førehandsvarsel eller gjort nødvendige vedtak. Etter at bedrifta har retta opp i eventuelle feil, gir dei melding til Mattilsynet om det. Dei har då krav på eit nytt tilsyn innan ti dagar.
Sur munn
Mattilsynet har funne alvorlege eller gjentekne brot på regelverket og gitt førehandsvarsel eller gjort nødvendige vedtak. Same ordning for retting av feil som ved strekmunn.
Kven gjeld smilefjesordninga for?
Forskrifta gjeld i hovudsak for restaurantar og kaféar. Nærare bestemt står det i forskrifta at alle som serverer og omset mat, skal vere knytte til smilefjesordninga. For at bedrifta skal vere knytt til ordninga, må maten etast på staden.
Forskrifta gjeld ikkje for kantiner, matservering på institusjonar, bensinstasjonar eller storkioskar.
Dette skjer på tilsyn
Når Mattilsynet kjem på smilefjestilsyn, er det fire område innanfor matlovgivinga som blir kontrollerte av inspektøren:
- leiing og rutinar
- lokale og utstyr
- korleis ein handterer og lagar til maten
- om maten er merka og kan sporast
Under desse områda finst det faste kravpunkt. Mattilsynet går gjennom mange av desse kravpunkta ved kvart tilsyn.
Tilsynsresultat
Når tilsynet er avslutta, får verksemda eit smilefjessymbol: smilefjes, strekmunn eller sur munn. Den dårlegaste karakteren på dei punkta som Mattilsynet har kontrollert, bestemmer smilet. Tilsynsresultatet skal hengast opp godt synleg for deg som vurderer å ete der. Resultata frå smilefjestilsynet blir også publiserte på Mattilsynet si eiga nettside smilefjes.mattilsynet.no.

Relatert innhald
Nettside hos mattilsynet-xp7prod.enonic.cloud