Kostsirkelen - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Kostsirkelen

Kostsirkelen kan vere eit godt hjelpemiddel i kostplanlegginga. Ved å ete slik kostsirkelen viser, kan du sikre at du får i deg nødvendige næringsstoff kvar dag, og at kosthaldet er sunt og balansert.

I kostsirkelen er matvarene inndelte i seks grupper:

  1. kornvarer og poteter
  2. grønsaker, frukt og bær

  3. meieriprodukt

  4. kjøtt, innmat, fisk, egg og belgfrukter

  5. margarin, smør, oljer og nøtter

  6. kaker, snacks og søtsaker


For å vise kor mykje du bør ete av ulike matvarer, er dei plasserte i ein kostsirkel der storleiken på kvart felt speglar tilrådinga frå helsestyresmaktene. Eit stort felt viser at du bør ete mykje av desse matvarene, eit lite stykke viser at du bør ete mindre av desse matvarene. Kostsirkelen gir dermed eit visuelt bilete på storleiksforholdet mellom dei ulike matvaregruppene.

Ut frå kostsirkelen kan vi gi følgande kosthaldsråd:

  • matvarer bør utgjere hovuddelen av kosthaldet.

  • matvarer bør utgjere ein mindre del av kosthaldet.

  • Grove kornprodukt og poteter bør vi ete til fleire måltid kvar dag.

  • Feitt og feittrike matvarer bør berre utgjere ein liten del av kosthaldet.
  • Inntaket av sukker og sukkerrike matvarer bør avgrensast, men det er rom for desse matvarene av og til, i små mengder.

Utfordringar til deg

Samanlikn kosthaldet ditt med tilrådingane frå helsestyresmaktene.

  1. Er det nokre matvaregrupper som utgjer større delar av kosthaldet ditt enn tilrådd i kostsirkelen?

  2. Er det nokon matvaregrupper du får for lite av?

  3. Kva gjer du for å sikre at du får nok grønsaker, frukt og bær?

Skrive av Asle Holthe, Jannike Gausdal og Vigdis Haugan. Rettshavar: Høgskolen i Bergen
Sist fagleg oppdatert 01.10.2024