Fagstoff
Video
Formkaker
Formkaker skal vere saftige og gode, og dei finst i mange variantar. Formkaker blir laga av ein rørt masse. Rørte massar består av sukker, smør, egg, mjøl, bakepulver, væske og eventuelle smaksstoff. Når vi skal lage rørte massar, nyttar vi k-spaden på maskina.

Framgangsmåte:
- Rør smør og sukker kvitt.
- Tilsett eitt og eitt egg og rør godt mellom kvart egg.
- Tilsett mjøl og bakepulver litt etter litt.
- Tilsett væske litt etter litt.
- Bland inn smakstilsetjingar.
- Hell i ei smurd form og steik kaka.
- Ha på eventuell glasur.
Variantar av formkaker
Variant | Blir smaksett med | |
|---|---|---|
Sitronkake | sitronsaft og rive skal frå sitron | |
Appelsinkake | appelsinsaft og rive skal frå appelsin | |
Marmorkake | vaniljesukker i den lyse delen, kakao eller sjokolade i den mørke delen | |
Fruktkake | fruktsaft og små bitar av tørka frukt |
Film: Sitronkake
Denne videoen (lengde 6:49) viser korleis vi lagar ei sitronkake av rørt masse.
Video: Mintra AS / NDLA / CC BY-SA 4.0