Fagstoff
Video
Sukkerbrød
Eit luftig og flott sukkerbrød er eit perfekt utgangspunkt for å lage blautkake og marsipankake, men kan òg nyttast til andre kaker og dessertar. Sukkerbrød blir laga av ein piska masse. Piska massar består av egg, sukker, mjøl og eventuelt bakepulver.

Oppskrift
I tabellen under ser du mengda av ingrediensane til sukkebrød tilpassa ulike storleikar på kakeformer. Per 50 gram egg (ca. 1 egg) bruker vi 25 gram sukker, 25 gram kveitemjøl og 1/4 ts bakepulver. Merk at mengda bakepulver må tilpassast og ikkje aukast til meir enn 1,5 ts ved bruk av 7 egg.
Storleik på | Egg | Sukker | Kveitemjøl | Bakepulver |
|---|---|---|---|---|
22 cm | 200 g (4 egg) | 100 g | 100 g | 1 ts |
24 cm | 250 g (5 egg) | 125 g | 125 g | 1 ts |
26 cm | 300 g (6 egg) | 150 g | 150 g | 1,5 ts |
28 cm | 350 g (7 egg) | 175 g | 175 g | 1,5 ts |
Framgangsmåte:
- Pisk romtempererte egg og sukker til stiv eggedosis.
- Sikt mjøl og bakepulver for hand. Bland varsamt ved å løfte inn mjøl og bakepulver med ein sleikjepott.
Ikkje rør for mykje. Då risikerer du at lufta blir slått ut att og at massen fell saman.
Hell massen i ei smurt springform eller ein kakering med bakepapir i botnen.
Steik kaka i omnen på 170 grader i 30–40 minutt.
- Avkjøl kaka i forma før du tek ho ut.
Film: Sukkerbrød
I filmen under (lengde 3:29) viser vi korleis du lagar eit luftig sukkerbrød som kan brukast til ei blautkake eller marsipankake.
Video: Mintra AS / NDLA / CC BY-SA 4.0