Berekraft og ressursutnytting

Del 1: Teoretisk oppgåve
Kom med forslag til korleis ein på ein god og effektiv måte kan hindre at mat blir kasta, ved bruk av
- kutteteknikk
- restprodukt (kan vi lage noko av restprodukt etter til dømes oppdeling og kutting?)
- mengdeutrekning
- kvalitetsvurdering av råvarer og produkt
Del 2: Praktisk oppgåve
Du skal lage eit måltid til fire personar av desse råvarene:
- 1 heil kylling
- 300 g gulrot
- 100 g sellerirot
- 1 blomkål
- 1 brokkoli
- 2 sjalottlauk
- 400 g poteter
- 2 dl fløyte
- 1 fersk timian
- salt, pepar og krydder som finst på kjøkkenet ditt
Lag ein arbeidsplan og planlegg slik at minst mogleg mat blir kasta. Du vel sjølv kva for tillagingsmetodar du vil nytte. Den maten som blir kasta, skal du vege opp slik at du veit kor mange gram som eventuelt blir kasta. Du skal servere måltidet til fire personar. Når du ryddar av bordet, skal du vege opp dei eventuelle matrestane som blir kasta.
Del 3: Etterarbeid og refleksjon
Kva var dei største kjeldene til matsvinn i dykkar produksjon?
Kva val gjorde de for å redusere svinn?
Kva kunne de ha gjort annleis for å utnytte råvarene endå betre?
Korleis påverkar mengdeberekning og planlegging matsvinn i eit profesjonelt kjøkken?