Oppgåve
Utnytting av råvarer
I denne oppgåva skal de lære korleis de kan utnytte råvarer best mogleg og redusere matsvinn. De skal òg forklare kvifor god råvareutnytting er viktig både for miljøet og for økonomien.

Det blir kasta mange bananar i Noreg, kan dei utnyttast betre?
Slik gjer de:
Gå saman i mindre grupper.
Søk på nettet etter tips og "hacks" for å redusere matsvinn og utnytte råvarer betre. Vurder om tipsa de finn, verkar trygge og fornuftige før de bruker dei.
Vel ut nokre råvarer som ofte blir kasta, eller som det blir mykje restar eller avskjer av.
Finn ut korleis meir av råvarene kan brukast.
Lag ein kort film der de
viser råvarene
viser kva som ofte blir kasta, og korleis dette kan brukast i staden
forklarer korleis dette bidreg til mindre matsvinn
forklarer kort kvifor god råvareutnytting er bra for miljøet og økonomien