Samisk ornamentikk

Ornament
Eit ornament er eit formelement som kan stå åleine eller vere ein del av eit samansett mønster. Det blir brukt som dekor eller utsmykking.

Ornamentikk
Ornamentikk er dekor som er laga med ornament. Eit motiv blir gjenteke, ofte på ein rytmisk måte. Samisk ornamentikk blir gravert på horn- og treprodukt, sauma og brodert eller trykt på skinn og tekstilar.
Samane gir dekoren betyding. Dunfjeld (2006) innførte derfor omgrepet tjaalehtjimmie på sørsamisk. Det betyr meir enn rein dekor: "Tjaalehtjimmie er sammensetning av tegn, ornamenter og symboler som til sammen kan gi mening."
Dekoren gir meining ut frå samanhengen gjenstanden blir brukt i. Mønster i fletta og vovne band fortel til dømes noko om personen som har dei på seg. Dei kan seie noko om kjønn, sivilstatus og kvar personen kjem frå.

Dekoren varierer frå område til område

Samisk ornamentikk kan blir delt inn i forskjellige kategoriar. Former og mønster varierer frå område til område. Blomsterdekor blir mykje brukt i den nordsamiske stilen.
I sørsamisk område er ornamentikken meir geometrisk. Dunfjeld skriv at «Ornamentikken er satt sammen av doble linjer, sikksakk-border, trekantstikk og forskjellige strukturer av diagonale og rektangulære flettebåndsmønstre.”
Bruk av trekantar
Trekanten er eit gammalt symbol som er utbreidd blant samar og andre urfolk. Korleis trekantane blir plasserte saman, kan fortelje om ulike relasjonar mellom menneske, naturen og maktene. Når trekantar blir inngraverte i tre eller horn, blir det kalla trekanstikk.

Det samiske alteret i Nidarosdomen
Synleg samisk kunst har omtrent vore fråverande i norske kyrkjer, men dette er i ferd med å endre seg. Folke Fjällström vann konkurransen blant samiske kunstnarar om å utforme eit samisk alter til Nidarosdomen. Dette blei innvigd på samefolkets dag 6. februar i 2017. Materialet er bjørk som er olja og behandla etter samisk tradisjon.

Ornamentikken på det samiske alteret blir beskrive slik på Nidarosdomens nettsider:
[Den] består av tegn, parallelle linjer, border og ulike mønsterflater med flettverksornamentikk. Trekantstikk representerer ulike relasjoner mellom mennesker, naturen og maktene. Plasseringen av bordene langs de krumme bøylene gir konteksten for tolkningen av natur og naturkrefter (Nidarosdomen, 2020).