Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Film

Duodji – nordsamisk tradisjonshandverk

Duodji er nordsamisk handverk og kunsthandverk. Det har vore drive for å lage praktiske gjenstandar og klede, men òg som estetisk utfolding. I filmane møter du ein treduojár og blir med på eit besøk til Duodjeinstituhtta.

Film: Naturlig tre

Ove Stødle er treduojár. I filmen under (lengde 3:18) viser han korleis han utformer ein trekopp ut frå ei rirkule.

Film: Filmkonsulentene / CC BY-NC-ND 4.0

Film: Duodji

Duodjeinstituhtta er eit utviklings‑ og kompetansesenter for samisk husflid og brukskunst. I filmen under (lengde 14:07) får vi innblikk i kuftetradisjonen, tekstil- og skinnarbeid, og i korleis tradisjonshandverket går i arv frå generasjon til generasjon.

Film: NRK / CC BY-SA 4.0
Skrive av Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 14.05.2021