Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Duedtie – sørsamisk tradisjonshandverk

Duedtie er knytt til samisk kultur. Produkta har ein funksjon, samtidig som dei har ei eiga samisk uttrykksform. Fargar og formuttrykk varierer frå område til område.

Duojár – samisk tradisjonshandverkar

Samane brukar materiale som er tilgjengelege i naturen. Presentasjonen under inneheld døme med bilete frå sørsamisk tradisjonshandverk i ulike materiale.

Ordforklaringar:
Vevskei
er ei lang, smal ramme som ein trær renningstrådane til ein vev gjennom.
Ornamentikk
er dekor. Eit motiv blir gjenteke, ofte på ein rytmisk måte.
Kofte
er det norske namnet på den samiske folkedrakta.
Bringeklede
er eit plagg som dekkjer brystet og halsen. Dette blir brukt under kofta. Dei sørsamiske bringekleda blir ofte dekorerte med tinntrådsbroderi. Plagget blir også kalla brystklede.
Skalleband
blir brukte til å snøre saman skorne. Dette held snøen ute.

Relatert innhald

Samisk ornamentikk

Samisk ornamentikk kan delast inn i forskjellige kategoriar. Former og mønster varierer frå område til område.


Skrive av Susanne Lyngman og Jaahkenelkien Aanna. Rettshavar: Nordland Fylkeskommune.
Sist oppdatert 20.03.2025