Oppgåve
Video
Foredrag og digitale presentasjonar
Foredrag og digitale presentasjonar kan enkelt koplast saman. Eit foredrag er ein lengre presentasjon med ei tydeleg innleiing, hovuddel og avslutning.

Oppgåve:
Ta for deg ei større oppgåve du har jobba med som har eit ferdig produkt. Lag ein digital presentasjon ved å bruke eit digitalt verktøy, som til dømes PowerPoint eller Prezi, og hald eit foredrag.
Vurdering:
- Har foredraget ei god innleiing, hovuddel og avslutning?
- Korleis blir ulike verkemiddel (bilete, lyd og liknande) brukte i presentasjonen?
- Har foredraget god heilskap?
- Korleis blir innhaldet presentert? Har du bra formidling, kroppsspråk, stemmebruk og god kontakt med tilhøyrarane?
Video: NDLA / CC BY-SA 4.0