Oppgåve
Video
Utstilling
De kan få i oppdrag å lage ei utstilling i ein butikk, eller de kan jobbe med å stille ut elevarbeid eller lånte produkt på skulen.

Oppgåve:
Finn fram eitt eller fleire produkt de vil stille ut, og lag ei utstilling der produkta kjem tydeleg fram. Når de lagar ei utstilling, må de tenkje på verkemiddel i komposisjonen og kva målgruppe de vil nå.
- De kan jobbe på ulike nivå.
- Hugs å tenkje på bakgrunnen. Det er viktig at den ikkje tek merksemda frå produkta.
- Ver medviten om kva farge og tekstur de vel på underlaget.
- Bruk gjerne ei lyskjelde til å framheve produkta.
Vurdering av:
- heilskap
- bruk av ulike verkemiddel i komposisjonen
- framstillinga av produkta som skal vere i fokus
- korleis de har teke omsyn til målgruppa
I filmen under kan de sjå korleis fargar og element blir gjentekne i ei utstilling for å danne heilskap.
Utstilling av kjøkenutstyr og hagereiskapar. Video: NRK / CC BY-SA 4.0
Relatert innhald
Grunnleggjande visuelle verkemiddel
Visuelle verkemiddel handlar om korleis elementer ser ut eller er plasserte i forhold til kverandre.
Målgruppetenking
Når ein er marknadsorientert, må ein tenkje målgruppe. Det finst ikkje noka bedrift i verda som tilbyr alle kundane akkurat det kvar og ein ønskjer.