Dokumentasjon i frisørfaget

Verktøy for læring
I utdanninga for å bli frisør vil du få fleire praktiske arbeidsoppdrag. Du skal lære å dokumentere prosessen frå idé til ferdig produkt. Etter to år som lærling skal du ta sveineprøven. Prøven vil bestå av praktisk arbeid og dokumentasjon der du beskriv arbeidsprosessen din. Dette er noko du må øve på. Dokumentasjon er òg eit godt verktøy for å kunne sjå tilbake på utviklinga di.
Som frisør må du forstå og bruke faglitteratur. Det inneber å tolke skriftleg og visuelt språk knytta til frisørfaget. Dette gjer du gjennom å bruke skisser, arbeidsteikningar og beskrivingar med teikn, fargekoder og symbol.
Fagspråk er eit viktig verktøy i arbeidskvardagen for å kunne kommunisere med kollegaene dine og med samarbeidspartnaran i bransjen. Du lærer faguttrykk ved å skrive og ved å knyte omgrepa saman med det praktiske arbeidet ditt. Det fagspråket vi kjenner til og bruker innanfor frisørfaget er utarbeida av Pivot Point internasjonal.
Kva bør dokumentasjon av frisyrar innehalde?
Framside
Framsida skaper eit førsteinntrykk av arbeidet ditt. Sida skal spegle innhaldet i dokumentasjonen og gi lesaren lyst til å lese vidare. Ei framside skal innehalde
- ei overskrift – oppgåvetittel, namn og klasse
- ein illustrasjon som har samanheng med temaet
- bevisst bruk av komposisjon/layout
Innhaldsliste
Ha med ei tydeleg oversikt over innhaldet i dokumentasjonen – med sidetal.
Innleiing
Presenter oppgåva, og skriv kva lesaren kan forvente å lese om i dokumentasjonen din. Beskriv oppdraget ditt. Kva er behovet til kunden, og kva rammer har du fått?
1. Idéutvikling
Moodboard
Eit moodboard er eit verktøy som kan formidle ein idé til ein kunde. Kunden skal få eit bilete av kva slags frisyre han eller ho vil få.
Det er ingen fasit for korleis eit moodboard skal vere, men hugs at elementa du set saman, skal fortelje om ideen din. Du kan bruke bilete som viser stemninga, stilen eller utrykket du planlegg i frisyren. Det kan vere foto som viser kva du blir inspirert av, eller ein presentasjon av produkta du vil bruke. Tenk på komposisjonen når du plasserer bileta.
Skisser
Skissene skal vise idéutviklinga di. Teikn inn silhuetten, designlinjer, retning i frisyren, teksturoverflata og eventuell farge. Bruk relevante verktøy som blyant, fargeblyantar og eventuelt linjal. Presenter ideane saman med faglege kommentarar.
2. Planlegging
Arbeidsteikning og arbeidsbeskriving
Arbeidsteikninga og arbeidsbeskrivinga skal vise korleis du planlegg arbeidet ditt. Teikninga må vere tydeleg og nøyaktig. Vis at du forstår korleis du kan bruke teori i praksis, og bruk faguttrykk når du forklarer.
Sjå eit døme på ei arbeidsteikning med arbeidsbeskriving laga av Renate Lerstad (PDF), henta frå nettsidene til Norske frisør- og velværebedrifter (NFVB).
Design Kart
Pivot Point har utarbeida Design Kart-malar som følger den norske læreplanen for frisørfag. Malane lar deg visualisere og planlegge det ferdige designet ditt på ein oversiktleg og enkel måte. Dei er eit godt verktøy for å kommunisere designprosessen og kan vere eit utgangspunkt for vurdering.
Eventuelle fargeforslag
Om det er ei fargebehandling du skal dokumentere, så vis fargedøme frå planlegging og utprøvingar. Forklar korleis du har brukt fargelære i fargedøma.
3. Produktutvikling og produksjon
Vis arbeidsprosessen din gjennom bilete, og forklar kva du har gjort. Bruk faguttrykk og knyt teori til det praktiske arbeidet ditt. Presenter det ferdige produktet ditt med foto.

4. Eigenvurdering
Reflekter over arbeidet ditt og utviklinga di gjennom prosessen. Aktuelle spørsmål kan vere:
- Korleis har du brukt teorien?
- Gjekk arbeidet etter planen?
- Kva endringar måtte du gjere undervegs?
- Kva forbetringar ville du gjort om du skulle gjere oppdraget på nytt?
Bruk vurderingskriterium til å vurdere arbeidsprosessen din og produktet ditt.
5. Læring
Kva har du lært gjennom oppdraget? Det kan til dømes vere noko frå teorien eller ein teknikk du har fått til betre enn førre gong du jobba med han.
Relatert innhald
Vi har fire klippformer. Strukturteikningar viser hårlengdene når håret blir trekt 90° frå hovudforma.