Vurdering - Produktutvikling og produksjon (FD-FBI vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Vurdering

Når produktet er laga eller prosjektet er gjennomført, er det tid for vurdering av kva som har skjedd. Var valet av produkt eller teneste riktig?

Hugs at ja eller nei ikkje er godt nok som svar på det spørsmålet. Her dreier det seg om å lære noko, og då må vi vite kvifor eller kvifor ikkje. No vil du ha stor glede av ein grundig dokumentasjon av prosessen. Korleis passa produktet eller prosjektet den målgruppa de hadde planlagd for? Her vil ei lita marknadsundersøking blant kundane gi dykk nokre svar.

Vurdering av dei ulike fasane i prosessen

Heldt den tidsplanen de sette opp for prosjektet i planleggingsfasen? Kva avvik blei registrerte? Dersom de var fleire som var saman om prosjektet: Korleis fungerte arbeids- og ansvarsfordelinga dykk imellom? Gjekk prosessen med val av materialar, teknikk og arbeidsprosess som planlagd? Også her vil ein grundig avvikslogg vere gull verd for det neste prosjektet de skal starte opp. Hugs at avvik er noko vi lærer av, ikkje noko vi skal skjule!

Det gjeld også gjennomføringsfasen. Korleis blei arbeidet gjennomført i forhold til den planen som blei sett opp? Korleis beherska de dei metodane de brukte med omsyn til materialar, teknikkar, verktøy og maskinar? Korleis gjekk samarbeidet i gruppa? Ser de no i ettertid at det kunne ha vore andre måtar å organisere prosessen på som kunne gitt ein meir effektiv produksjon eller eit betre produkt? Kva kunne ha vore gjort annleis og kvifor?

De kan godt sjå på denne vurderingsprosessen som ei trapp med tre trinn: På første trinn klarer de å forklare kva de har gjort. På andre trinn reflekterer de over eige og andre sitt arbeid. Og på tredje trinn finn de fram til eigne utviklingsbehov ut frå denne vurderingsprosessen. Kva har du lært av dette arbeidet som du kan bruke i andre samanhengar? Har du kanskje lært noko som slett ikkje har noko med det produktet eller den tenesta de skulle utføre å gjere?

Rettshavar: NRK
Sist fagleg oppdatert 02.01.2019