Vaksinasjon

Vaksineprogram
Årsaka til at vi vaksinerer purkene, er at vi ønsker å verne dei ufødde grisungane. Det er mange ulike mikroorganismar i fjøsmiljøet, og nokre av dei er livstruande for nyfødde grisungar. Derfor bør du alltid ha eit vaksinasjonsprogram for purkene dine.
Det kan variere kva vaksinar du bør bruke, så her må du samarbeide med dyrlegen og setje opp ein plan.
Aktuelle vaksinar
Her har vi samla litt informasjon om dei vaksinane som er aktuelle for alle som driv med purker og smågrisproduksjon. I spesielle tilfelle kan det òg vere aktuelt med andre vaksinar eller førebyggande tiltak.
Parvovirus
Parvovirus er eit virus som gir fosterdød. Purkene blir ikkje sjuke av viruset, men det er viktig å vaksinere purkene før du inseminerer dei, for å verne grisungane.
Viss purka blir smitta med parvovirus tidleg i drektigheita, vil fostera bli sogne opp av blodet, og purka kjem i ny brunst. Viss ho blir smitta lenger ut i drektigheita (to til tre månader), blir grisungane mumifiserte, og då kallar vi dei svartfoster på grunn av fargen på dei dødfødde grisungane.
Raudsjuke
Raudsjuke kjem av bakterien Erysipelothrix rhusiopathiae. Han finst vanlegvis i jord, men kan òg finnast i kroppen hos friske grisar.
Alle grisar kan blir smitta med raudsjuke, og feber saman med raude flekkar i huda er vanlege symptom. Viss purkene får raudsjuke i drektigheita, kan dei kaste (abortere) grisungane på grunn av høg feber. Derfor blir det tilrådd å vaksinere ungpurker når dei er tre til fire månader gamle, og så gjenta vaksinen omtrent ein gong kvar sjette månad.
E. coli (Esherichia coli)
E. coli kan føre til fleire sjukdommar hos gris, men grunnen til at vi vaksinerer purkene, er at vi ønsker å verne grisungane mot spedgrisdiaré.
Viss spedgrisane blir smitta med E. coli, rekk du ofte ikkje å registrere at dei er sjuke før du finn dei døde i bingen. Derfor bør du vaksinere purka to gonger før første grising (med eit intervall på tre til fire veker), for så å revaksinere ho omtrent tre veker før kvar grising.
PCV2-virus (Porcint circovirus)
Dette viruset finst i mange grisebesetningar, og det kan føre til fosterdød, kasting og svakfødde grisungar.
Ved smitte i drektigheita kan circovirus òg gi svartfoster (som parvovirus), men det er vanlegare med seinabortar og svake eller dødfødde grisungar.
Den vanlegaste smitten rammar likevel grisungar etter avvenning, og sjukdommen utviklar seg gradvis. For å unngå oppblomstring av smitten må du sørge for godt inneklima og ha gode rutinar for reinhald og smittevern.
Vaksinasjon mot circovirus kan skje på fleire måtar: Du kan anten vaksinere purka før grising sånn at grisungane får i seg antistoff gjennom mjølka, eller du kan vaksinere smågrisane etter fødsel.
Smågrisvaksinen skal berre brukast viss du har klare symptom på circovirus i besetninga, men vaksinasjon av purkene er førebyggande og kan brukast på alle purkene. Denne metoden blir tilrådd i alle avlsbesetningar og dessutan i besetningar som har mange ungpurker.
Ungpurkene bør du vaksinere to gonger før første inseminasjon, og så med ein ny dose cirka tre veker før grising.
Oppgåver
Vel rett alternativ.
Relatert innhald
Nettside hos medlem.nortura.no