Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video
Interaktivt innhald

Den naturlege åtferda til grisen

For at grisane dine skal ha eit godt liv, må du kunne litt om den naturlege åtferda deira. Grisar kommuniserer med lyd, lukt og smak i tillegg til at dei bruker kroppsspråket sitt. Dei er flokkdyr og altetarar – og dei liker å ha det ryddig rundt seg!

Sansar

Grisar kommuniserer med lyd, lukt og smak i tillegg til at dei bruker kroppsspråk.

Syn

Grisane ser ikkje så godt, spesielt ikkje på langt hald. Men synet er likevel viktig for dei for å tolke kroppsspråket til andre grisar, sidan dei ofte bruker kroppen til å signalisere kva dei tenker å gjere. Det er derfor viktig at dei ser, og at dei lærer seg å tolke kva andre grisar meiner når dei inntek ulike kroppspositurar.

Høyrsel og lydsignal

Det er forska mykje på lydsignal hos gris, og dei siste forskingsresultata tyder på at grisar har stor evne til å kommunisere ulike kjensler med bruk av lydsignal. Du har kanskje høyrt smågrisar som hyler av smerte? Eller godlynt grynting når grisane koser seg eller utforskar noko nytt?

Kommunikasjon i samband med diinga

Kommunikasjonen mellom purka og smågrisane rett før og under diinga er ei velkjend åtferd for den som jobbar med gris. Purka lagar rytmiske gryntelydar for å varsle grisungane om at det er på tide å komme til juret. Når grisungane samlast, vil dei massere juret. Då vil purka begynne å gi ned mjølka, og samtidig aukar ho intensiteten på gryntinga. Etter 20–25 sekund kjem mjølka, og du ser at grisungane tek til å suge. Purka gir ikkje ned mjølk meir enn rundt 20 sekund, men grisungane held fram med å massere juret ei god stund sjølv om dei ikkje får meir mjølk for neste diing.

Visste du at ...

Når du høyrer ein smågris som hyler, er det fordi han treng hjelp? Anten har purka vore uheldig og lagt seg på han, eller han kan vere fanga mellom purka og innreiinga.

Då er det viktig å reagere raskt for å berge han!

Film som viser åtferd under diing (0:26)

Dei rytmiske gryntelydane til purka under diing. Filmen er utan tale.

Video: Ingrid Ellen Resell / CC BY-SA 4.0

Tenk gjennom

Kva er det første som skjer når du opnar døra inn til grisane? Korleis reagerer dei, og kvifor trur du dei reagerer som dei gjer?

Lukt og smak

Grisar har veldig god lukte- og smakssans, og dei bruker desse sansane mykje for å kommunisere med andre grisar.

Luktstoff (feromon) som dei skil ut, gjer at andre grisar kan oppfatte om dei er redde eller tenker å underkaste seg. Grunnen til at dei har så god luktesans, er at dei har mange nerveceller i trynet, og du kan ofte sjå at dei bruker trynet for å undersøke miljøet dei lever i.

I tillegg er trynet ein viktig reiskap når dei skal få tak i godsaker dei har lukta seg fram til. Sidan den øvre delen av trynet er så sterk, kan dei bruke det til å løfte og flytte på både steinar og trestokkar. Det hender òg at dei flyttar rundt på grinder og portar i grisehuset viss dei kjenner lukta av noko dei har lyst til å smake på!

Tenk gjennom

Kva gjer grisane når du kjem inn i bingen? Kva trur du er grunnen til denne åtferda?

Flokkdyr

Grisar er flokkdyr, og hos villsvin vil purkene danne grupper som består av 5–6 purkar som er i nær slekt med kvarandre. Rånane er ikkje ein del av flokken, men kan danne eigne ungkarsgrupper. Det er òg vanleg at rånane lever åleine når det ikkje er brunstperiode.

Sosiale grupper

Grisar vil helst vere i den same flokken heile livet, og dei liker ikkje å bli flytta saman med grisar dei ikkje kjenner. Derfor bør du helst ikkje blande grisar frå ulike kol eller bingar.

Viss du må blande dyr, er det viktig at dei får stor nok plass, nok mat, drikkeniplar og sysselsetjing slik at dei slepp å slåst om ressursane. Du må òg ordne med fluktmoglegheiter så dyra kan gøyme seg når dei treng litt ro og fred.

Fordi grisane er så sosiale, vil dei helst gjere dei same tinga samtidig. Det vil seie at grisane i ein binge vil ete samtidig og kvile samtidig. Viss dei skal få til det, må du ha nok eteplassar til alle og stort nok liggeareal.

Rangorden

Kor sterk rangordenen er, kjem an på talet på grisar som går saman. Det er sterkare rangorden i små flokkar på 4–6 purker enn det er i ein flokk på rundt 20 purker eller fleire. I store flokkar vil dei kunne danne alliansar med ei eller to andre purker, utan at det blir eit tydeleg hierarki.

For at du skal unngå konfliktar mellom dyra, er det viktig at dei alltid har nok liggeplassar, vatn, fôr og rotemateriale.

Altetarar

Grisane er altetarar, og grisar som lever ute, bruker store delar av tida på å leite etter noko dei kan ete. I dag lever dei fleste grisar heile livet sitt inne i grisefjøset, og dei treng ikkje bruke tid på å leite etter mat. Som regel får dei kraftfôr frå ein automat og bruker kort tid på å sluke i seg det dei treng.

For at grisane skal få utøve noko av den naturlege eteåtferda, er det viktig at dei får nok grovfôr og rotemateriale sjølv om næringsbehovet blir dekt gjennom kraftfôret. Sagflis og halm er eigna som rotemateriale for grisane.

Reinslegheit

Grisane er reinslege og vil helst skilje mellom liggeplassen og plassen der dei gjer frå seg i bingen. Dei bruker som regel ein fast plass i bingen når dei skal gjere frå seg, og på den plassen er det gjerne litt kaldare og våtare enn i resten av bingen. Dei liker òg å gjere frå seg nær ein vegg eller i eit hjørne.

Temperaturregulering

Grisane har ikkje sveittekjertlar, og når det blir for varmt, vil dei gjerne avkjøle seg med å ta eit gjørmebad. Dette er ikkje så lett å få til i eit moderne grisefjøs, derfor er det veldig viktig å ha eit godt ventilasjonsanlegg. Viss temperaturen blir over 22–24 gradar, vil behovet for denne åtferda vise seg. Viss dei ikkje har tilgang til gjørme eller vatn, vel dei å ta eit bad i det dei har tilgjengeleg, som er gjødsla som ligg i bingen.

På varme sommardagar kan du gjerne la grisane få seg ein dusj med jamne mellomrom. Det går an å bruke overrislingsanlegget i fjøset til dette.

Oppgåver

Vel rett alternativ.

Kjelder

Andersen, I. L. & Ocepek, M. (2021). Hva betyr grisens signaler? Svin, 01/2021, 30–31. https://norsvin.no/wp-content/uploads/2022/01/Svin-01-2021.pdf

Animalia. (2013). Dyrevelferd hos gris. Studiehefte.

Animalia. (2019). God dyrevelferd for gris. https://www.animalia.no/globalassets/svin-helse-og-velferd---dokumenter/2019nov_god-dyrevelferd-for-gris_hefte.pdf

Haugen, V. (2024). Forskere mener de kan forstå grisenes følelser. NRK. https://www.nrk.no/urix/forskere-mener-de-kan-forsta-grisenes-folelser-1.17031903

Johanssen, J. R. E. & Sørheim, K. (2024, 19. februar). Atferd og velferd hos gris. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/atferd-og-velferd-hos-gris

Kongsrud, S. (2021). Hvordan utvikle øyne for dyr? Svin, 01/2021, 34–35. https://norsvin.no/wp-content/uploads/2022/01/Svin-01-2021.pdf

Thingnes, S. L. & Andersen, I.L. (2021). Hvorfor gjør grisen som den gjør? Svin, 01/2021, 32–33. https://norsvin.no/wp-content/uploads/2022/01/Svin-01-2021.pdf

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 23.04.2024