Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Spesifikk patogenfri gris

Spesifikk patogenfri gris (SPF), er den beste helsestatusen i norsk grisehald. For å bli godkjend som SPF-besetning må du gå gjennom sanering for å sikre at fjøset ditt er fritt for nokre spesifikke sjukdomsframkallande mikroorganismar (patogen).

Sanering

Sanering betyr å fjerne smittestoff som finst i fjøset. Det første du må gjere når du skal sanere, er å tømme fjøset for dyr. Kor mykje jobb du må legge i saneringa, kjem an på kva smittestoff du har fått inn, så det er lurt å ta prøver og få dei analysert før du lagar ein plan for saneringa. Av og til må du kanskje rive delar av innreiinga for å vere sikker på å komme til over alt. Alt av lausøyre som ikkje kan reingjerast godt nok, må erstattast med nytt utstyr.

Det er viktig at du lagar ein arbeidsplan så du har alt klart før du startar saneringsjobben. Omtrent sånn blir gongen i arbeidet:

  1. Tøm fjøset og fjern alt som ikkje kan vaskast.

  2. Vask grundig. Rett framgangsmåte finn du i rettleiingane om vask og desinfeksjon av grisehus hos Animalia.

  3. Desinfiser. Når alt av skitt og støv er fjerna og huset har fått tørka opp litt, må du desinfisere. Det finst mange ulike desinfeksjonsmiddel å velje mellom, og dei verkar litt ulikt. Her er det lurt å spørje ein rådgivar om kva middel som passar best til fjøset ditt.

  4. Opptørking. Etter at du har desinfisert, må alt få tørke godt opp. Fjøset bør stå tomt i tre veker før dei nye dyra flyttar inn. I tillegg må du passe på at det er heilt tørt (under 60 % RF) i minst fem døgn før du set inn nye griser. Denne tida kan du til dømes bruke til å forbetre grisehuset så du kan få enklare og meir smittesikker drift.

Innsett av dyr etter sanering

Når du startar saneringa, må du slakte eller selje alle dyra dine. Etter at saneringa er fullført, kan dei nye grisene flytte inn. Dei nye grisene må du kjøpe frå ei besetning som allereie er godkjend som SPF-besetning.

Helsegris

Dei nye dyra i besetninga skal registrerast i Helsegris. Dette er eit digitalt system som blir brukt til å dokumentere og følge opp helse og velferd i norske grisebesetningar.

Det er òg krav om at alle norske grisebesetningar skal ha besøk av veterinær ein til tre gonger i året. Kravet til talet på rådgivingsbesøk aukar med talet på leverte smågriser og slaktegriser per år.

Under besøka går bonden og veterinæren saman gjennom besetninga og vurderer om det er behov for forbetringar. Dei blir einige om eventuelle tiltak som bør gjerast for å forbetre hygiene, helse eller velferd. Veterinæren registrerer aktuelle tiltak i Helsegrissystemet så det blir oversiktleg og lett å følge opp.

Kva er SPF-grisene frie for?

Kva sjukdommar som inngår i ei smittesanering, kan variere frå land til land, men i Noreg er det desse fem smittestoffa SPF-besetningane skal vere garantert frie for:

  • nysesjuke (Pasteurella multocida)

  • svinedysenteri (frå bakteriefamilien Brachyspiraceae)

  • smittsam grisehoste (Mycoplasma hyponeumonia)

  • smittsam lunge- og brysthinnebetennelse (Actinobacillus pleuropneumoniae)

  • skabb (Sarcoptes scabiei)

Helseovervaking og testing

For å sikre at alle SPF-besetningar faktisk er frie for desse smittestoffa, må bonden i samråd med veterinæren sørge for at det jamleg blir teke ut prøver for analyse. Kor ofte prøvene skal takast, varierer med dei ulike smittestoffa og kva besetningstype du har. Du må til dømes ta ut prøver oftare i ei avlsbesetning enn i ei bruksbesetning.

Kvifor SPF?

I tillegg til at næringa ønsker å ha friske og livskraftige griser, er SPF eit tiltak som òg får støtte av styresmaktene. Her er nokre av fordelane dei viser til hos bønder som har lagt om til SPF:

Fôrutnytting
Tal frå Norsvin viser at SPF-besetningar har lågare fôrforbruk og betre tilvekst hos grisene. Dette fører til at grisene bruker kortare tid på å bli slaktemodne.
Dyrehelse
Gode rutinar og auka medvit om smittevern gir betre helse i flokken.
Dyrevelferd
Gjennomgang av besetninga saman med veterinær gir auka merksemd og betre oppfølging av velferda i fjøset.
Hygiene og reinhald
Bonden får betre tid til vask og desinfeksjon mellom innsetta som følge av kortare oppfôringstid.
Klima og berekraft
Når grisene har god tilvekst og held seg friske, fører det til mindre utslepp av klimagassar og meir berekraftig bruk av dyrkajord.

Oppgåver

Kjelder

Animalia. (2021, 14. september). Helsegrissystemet. https://www.animalia.no/no/dyr/svin/helsegrissystemet/

Animalia. (2026, 28. april). SPF - spesifikk patogenfri gris. https://animalia.no/spf

Norsvin. (u.å). Friskere gris med SPF. Henta 12. mai 2026 frå https://norsvin.no/friskere-gris-med-spf/

Naadland, S.S. og Gilhuus, M. (2021, 9. februar). SPF - systematisk satsing på friskere gris. https://www.animalia.no/no/gomorning/dyrehelse/ny-spf--systematisk-satsing-pa-friskere-gris/

Skadsem, T.R. (u.å.). Praktisk omlegging til SPF. Henta 12. mai 2026 frå https://www.fiska.no/kunnskap/praktisk-omlegging-til-spf

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 27.05.2026