Velferdsindikatorar

Positive velferdsindikatorar
Positive velferdsindikatorar er signal som dyra sender ut når velferda er god. Her er nokre typiske teikn på god velferd hos gris:
Utforskande åtferd og leik
Trygge grisar vil komme mot deg når du nærmar deg bingen, og viss du går inn til dei, vil dei nappe litt i kleda dine eller reiskapen du har med deg. Grisane bruker lukt og smak for å bli kjende med deg, og dette er ein del av utforskinga deira av miljøet dei lever i.
Når du gir grisane nytt strø eller legg inn grovfôr i bingen, vil dei vise glede ved å danse rundt og leike, og dei vil riste på grovfôret og kaste det rundt seg.
Godlåtar
Samtidig som dei utforskar og leiker, vil du òg kunne høyre at dei lagar låge gryntelydar. Desse godlåtane kan av og til bli avbrotne av korte, høge hyl viss dei kjem i skade for å bite kvarandre under leiken, men viss du ser at dei koser seg og herjar rundt, er dette òg heilt normalt.
Krøll på halen
Glade grisar har som regel krøll på halen, og dei kan òg vise glede ved å "logre" med heile bakparten.
Film som viser positive velferdsindikatorar hos gris (lengde 3:21)
Negative velferdsindikatorar
Negative velferdsindikatorar er signal som dyra gir når dei ikkje trivst så godt. Viss dyrevelferda ikkje er god nok i fjøset, vil du kunne observere anten ein eller fleire negative indikatorar:
Stereotyp åtferd
Stereotyp åtferd er åtferd som ikkje gir meining, men som dyra stadig gjentek. Årsaker til slik åtferd er at grisane ikkje får tilfredsstilt dei naturlege behova sine. Døme på utløysande faktorar er mangel på plass eller for lite fôr.
Frykt
Grisar er nysgjerrige dyr, men det er heilt normalt at dei er litt skeptiske når du introduserer nye ting i miljøet. Det er derimot eit dårleg teikn viss alle grisane viser tydelege teikn til frykt og flyktar når du nærmar deg. Det tyder på at dei har dårleg erfaring med menneske!
Smerte
Grisar reagerer ofte med å hyle når dei opplever plutseleg smerte. Ein annan reaksjon kan vere at dei plutseleg forandrar stilling. Dei vil prøve å verne kroppsdelen som gjer vondt, og sleike seg. Store smerter fører til ei lut kroppshaldning, og dei vil helst ikkje bevege seg.
Sår og andre skadar
Liggesår, bogsår, bein- og klauvproblem kan oppstå som resultat av slåsting, men det kan òg komme av feil og manglar i miljøet og innreiinga. Det er alltid viktig å undersøke kva som kan vere grunnen til at dyra har sår og skadar, sånn at du kan førebygge lidingar hos fleire av grisane dine.
Passivitet
Viss grisane ikkje reagerer når du nærmar deg, eller i samband med fôring, er det eit teikn på at noko er galent. Det same gjeld viss du ser ein gris som ligg i ro mens dei andre dyra er i full aktivitet. Hugs at ein frisk og sunn gris ønsker å gjere det same som resten av gjengen.
Halebiting
For lite plass i bingen, for lite fôr eller andre manglar i miljøet kan føre til at grisane begynner å glefse etter kvarandre. Både øyra og halen er utsette område, og i verste fall kan slik åtferd føre til at ein eller fleire grisar i ein binge mister anten heile eller delar av halen.
Visste du at ...
I mange land er det vanleg å kupere halen hos nyfødde grisungar for å unngå halebiting? Det vil seie at dei klipper av halen sånn at det berre står igjen ein liten stump. Dette er heldigvis forbode i Noreg!
Målbare indikasjonar
I tillegg til dei velferdsindikatorane vi registrerer gjennom åtferda til dyra, er det nokre fysiske reaksjonar som kan målast. Det kan til dømes vere:
hjartefrekvens (slag per minutt)
pustefrekvens
kroppstemperatur
mengde stresshormon i blodet
Stress
Når grisane over tid ikkje klarer å meistre miljøet dei lever i, vil dei oppleve stress. Kronisk stress fører til varig høgt innhald av stresshormonet kortisol i kroppen. Grisar som over lengre tid blir jaga rundt og utsette for aggresjon frå andre, vil vere livredde heile tida, og dei vil slite med å få i seg nok fôr og vatn. Dei vil òg ha problem med å finne seg ein liggeplass fordi dei heile tida blir jaga bort av andre grisar.
Kortvarig stress
Mens langvarig stress vil føre til dårleg velferd for grisen, vil ikkje kortvarig stress i samband med flytting eller veging gi varig skade. Mange grisar liker ikkje å bli handterte, og dei kan vere veldig skeptiske når dei må bevege seg ut av miljøet dei er vane med.
Men sjølv om vi av og til må utsetje dyra for ubehag i korte periodar, kan dyrevelferda totalt sett vere god.
Oppgåver
Vel rett svar.