Plomme

Plomme
Plommene høyrer til rosefamilien, og det vitskapelege namnet på plommene vi dyrkar her til lands, er Prunus domestica. Dei høyrer til gruppa europeiske plommer. Opphavleg kjem plommene frå Asia, og i dag blir dei dyrka over heile verda. I mange land er det ein annan type plomme enn den vi har her i landet, desse har eit hardare skal og lengre haldbarheit enn plommene våre.
Vi et helst plommene friske, men dei blir òg brukte som syltetøy og til sprit. Når vi tørkar plommene, får vi svisker. Plommesortane som blir brukte til svisker, kallar vi gjerne sviskeplommer.
Visste du at ...
Plomme, saman med kirsebær og morellar, høyrer til steinfruktene? I kvar steinfrukt finn vi ein hard "stein" som vernar frøet. Den harde veggen rundt frøet og talet på frø i kvar steinfrukt skil steinfruktene frå bær. Men "mellom" bær og steinfrukt finn vi bringebær og molte. Dei er såkalla samansette steinfrukter der bæra består av mange små steinfrukter.
Dyrkingsteknikk
Poding
Plommetrea som blir dyrka i dag, er poda. Poding betyr at vi set saman to ulike planter. Vi bruker rot frå ei plante og toppen frå ei anna plante. Toppen er den sorten plomme vi ønsker. Rota vi bruker, kallar vi grunnstamme.
Val av grunnstamme påverkar mellom anna vekstkraft, frosttoleranse, kor raskt trea får plommer, og kor stor avling du får. Sortane har òg ulik vekstkraft. Har du både sterktveksande grunnstamme og sterktveksande sort, får du eit stort tre. Dette kan vere aktuelt om du ønsker deg eit stort, dekorativt plommetre i hagen. Skal du derimot dyrke plommer for sal, vil du ha små tre som er enkle å skjere, gir enkel innhausting, tek liten plass og ber like mykje frukt som eit stort tre.
Hagesentera sel plommetre som er ferdig poda og klare for planting. Grunnstammane på desse har ofte middels vekstkraft.
Det finst fleire plommesortar som ikkje er poda, vi seier at dei er rotekte. Ofte er desse plommene mindre og har dårlegare kvalitet enn sortane som er poda.

Plantesystem
Plommetrea blir planta i rader. I radene kan du dekke med plast, duk eller bork slik at du unngår mykje vegetasjon inntil stammen på plommetreet. I det vi kallar tettplanting, blir desse avstandane brukte mellom trea:
radavstand: 4 m er vanleg, må tilpassast maskiner og reiskapar
planteavstand: 1,20–1,50 m, litt avhengig av sort
I tettplanting, som er vanleg hos dei profesjonelle plommedyrkarane, er trea slanke og høge, gjerne 2,5–3 meter. Ein god regel er at høgda ikkje bør vere større enn radavstanden. Desse trea har eit svakt rotsystem og stor produksjon, derfor må dei støttast opp i heile stammehøgda.
Det vanlege i slike plantingar er å setje opp eit "hesjesystem". Ved kvart tre set du ned ein bambusstokk, ein plastbelagd metallstaur eller ein firkantstolpe i hardtre (den siste bør vere 2 cm tjukk). Kva du bør velje, kjem mellom anna an på sorten. For kvart sjuande tre set du ned ein kraftig stolpe med diameter på 8–10 cm. På endene bør du setje ned skråstilte anker.
Deretter trekker du 2–3 ståltrådar langs heile rada. Ståltrådane blir festa til stolpane med klips, ein lågt, ein midt på treet og ein nært toppen. Kvart tre blir festa til stolpen sin med eit eller fleire gummiband. Det blir tilrådd å plante plommetrea på lesida av stolpar og ståltråd, då slepp vi at dei gnissar mot stolpar og tråd når det blæs.
Plommetrea kan òg bindast opp eit og eit til ein staur. Dette er den oppbindingsmetoden vi bruker viss vi skal plante eit plommetre i hagen, og han er framleis brukt hos ein del yrkesdyrkarar med store areal.
Vatning
Det er vanleg å legge dryppvatningsslangar dersom arealet med plommetre er stort. I desse slangane blir det òg blanda inn gjødsel. Det er viktig med jamn fukt for å få plommer av god kvalitet.
Pollinering
Ein del plommesortar er sjølvpollinerande, det betyr at det er nok med eit tre for å få plommer. Eit døme på dette er opal, som er ein populær sort i privathagar. Fleire av sortane som blir brukte av dei store dyrkarane, må likevel ha pollinerande sortar. Desse blir då planta innimellom sorten vi dyrkar.
Jord og gjødsling
Plommetrea stiller ikkje store krav til jorda, men det er ein fordel om ho er moldrik og godt drenert. pH bør vere 5,6–6,2.
Gjødsling
Det er viktig at plommetrea har nok næring gjennom heile vekstsesongen dersom du ønsker ei stor avling av god kvalitet. Det vanlege i dag er gjødsling gjennom dryppvatningsanlegg, det gir ein ganske presis næringstilgang gjennom heile sesongen. Elles blir klorfattig mineralgjødsel tilrådd, 12–4–18 eller 8–5–19.
Tilrådd årleg gjødsling for plommetre:
nitrogen: 5–6 kg/daa
fosfor: 1,5–2,0 kg/daa
kalium: 7,0–9,0 kg/daa
I økologisk dyrking finst det fleire moglegheiter. Har du montert dryppvatningsanlegg, finst det flytande økologisk gjødsel du kan bruke. Eit anna alternativ er pelletert hønsegjødsel som du strøyer ut rundt trea. Før planting kan det vere lurt å blande inn kompost eller husdyrgjødsel i jorda.
Gjødsling i fruktplantingar kan vere komplisert, mellom anna må du ta omsyn til jorda, klima, alder på trea og kor mykje frukt trea produserer. Skal du satse på plommedyrking, bør du søke råd hos ein rådgivar eller nokon med erfaring.
Arbeid i sesongen
Skjering
Skjering er arbeidskrevjande, og det beste tidspunktet for skjering er på ettervinteren og våren. Ta omsyn til kvar du bur, i område med streng kulde kan du få frostskadar når du skjer på den kaldaste vinteren.
Det er framleis vanleg å forme plommetrea som eit spindeltre, det betyr ein tydeleg midtstamme med horisontale greiner. Trea er smale i forma og eigna for kort avstand mellom trea.
Korleis, og kor mykje du skjer, kjem an på plantesystem, grunnstamme og sort. Men det finst ein del generelle råd om skjering av frukttre:
Skjering stimulerer til vekst og forynger treet.
Det er viktig å få lys inn i trea.
Ta alltid bort skadde greiner.
Ta alltid bort greiner som gnissar mot kvarandre.
Ta bort greiner som veks innover i treet, og dei som veks rett oppover.
Behald horisontale greiner, det er på desse frukta kjem. Fjern greiner som veks vertikalt.
Det kan vere lurt å snakke med ein rådgivar eller ein erfaren fruktdyrkar om skjering, då får du rett rettleiing for plantesystemet ditt og sorten din.

Plantevern
Det er generelt mindre problem med sjukdom og skadedyr i plomme enn i til dømes eple. Likevel bør du følge med på plommetrea gjennom sesongen slik at du raskt kan setje inn tiltak dersom du får eit angrep.
Skadegjerar | Type | Symptom | Biologi | Tiltak |
|---|---|---|---|---|
| Gul monilia | Sopp | Rote i ein skade (insektstikk, fuglehakk e.l.) på plomme før modning. Spreier seg raskt til andre plommer i nærleiken. Frukta tørkar inn. | Soppen overvintrar i inntørka plommer i treet eller på bakken. | Førebyggande: Fjern rotne og inntørka plommer raskt, unngå skadar ved hausting, vel sterk sort. Kjemisk plantevern. |
| Sharkavirus | Virus | Symptom varierer etter sort. Ringstrukturar i blad eller på frukt kan indikere sharkavirus. Frukta blir ikkje fullt utvikla. | Viruset blir overført ved poding eller med bladlus. | Er ein karanteneskadegjerar, det betyr at det er meldeplikt ved mistanke om angrep av sharkavirus. Kontakt landbrukskontoret eller Mattilsynet. |
| Lita plommebladlus | Insekt | Blada krøllar seg. Ved store angrep kan blomstrane falle av. | Overvintrar som egg. Når blomsterknoppane opnar seg, går lusa inn. | Førebyggande: Set ut nyttedyr som et lusa. Kjemisk plantevern. |
Når naturen ikkje er på vår side
Nokre år kan avlinga slå feil utan at vi får gjort så mykje med det. Kraftige haglskurer kan til dømes gjere store skadar på både blomstrar og frukt. Store areal med plommer kan bli øydelagde.
Elles kan temperaturen spele oss eit puss i enkelte år. Unormalt låge temperaturar tidleg på sommaren kan gi frostskadar på blomstrane, og pollinatorane er heller ikkje ute og jobbar når det er kaldt. Så sjølv om du unngår frostskadar, risikerer du dårleg pollinering ved låge temperaturar.
Hausting og lagring
Plommene må behandlast varsamt under hausting. Dei skal vere utan sprekkar, skadar eller mugg.
Det kan vere vanskeleg å finne rett haustetid, men haustar du for tidleg, mister du både avling og god smak. Samtidig vil plommene som er hausta litt tidleg, ha betre lagringsevne.
Plommene blir lagra ved 0–4 gradar.
Sortar
Sort | Beskriving |
|---|---|
| Mallard | Ein ganske gammal sort som lenge har vore ein av hovudsortane i norsk plommedyrking. Ganske tidleg. Middels stor, raudfiolett i fargen, god smak og svært populær. Varierande avling som er avhengig av gode pollensortar, til dømes opal. |
| Reeves | Ein ganske ny sort som blir dyrka i aukande omfang. Ulike erfaringar med avlingsnivå, nokon får store avlingar, andre ikkje. Stor plomme som er gul med raude parti. Avhengig av gode pollensortar. |
| Opal | Har blitt dyrka lenge og er framleis ein av dei mest populære sortane i Noreg. Gir stor avling og er sjølvpollinerande. Ganske små, raudgule plommer med god smak. Må tynnast kraftig, elles blir plommene veldig små. Utan tynning går opal òg lett inn i vekselsbæring. Det betyr at avlinga varierer kraftig frå år til år, inga avling det eine året og stor avling neste år. |
| Jubileum | Ganske ny sort som gir store og årvisse avlingar. Utan tynning kjem plommene ofte i klasar, dette gir fare for rote. Vinterherdig. Store, raudfiolette plommer. Ikkje den mest smakfulle sorten, men likevel lett å omsetje. |
| Valor | Relativt ny sort i norsk plommedyrking. Sein sort med stor avling. Store, mørkeraude plommer av god kvalitet. |

