Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Jordbær

Jordbær er ein intensiv og krevjande produksjon. Sesongen er kort og hektisk, og alle arbeidsoppgåvene må utførast til rett tid. Du er avhengig av at vêret er på di side, og dessutan at du har nok folk til innhaustinga. Men når alt går din veg, er det god økonomi i jordbærdyrking.

Jordbærplanta

Jordbær er ein fleirårig vekst i rosefamilien. Den jordbæra vi dyrkar i dag, har blitt kryssa fram frå viltveksande jordbær i Sør- og Nord-Amerika. Sjølve jordbæra er eigentleg ikkje eit bær, men det vi kallar ei falsk frukt. Bæra vi et, er nemleg eigentleg ein oppsvulma blomsterbotn. Når vi kjøper ei korg jordbær på butikken, må vi plukke vekk det som mange kallar hamsen, den korte stilken. Det er restane frå blomsteren, nærare bestemt begerblada. Frøa, som ligg i det ytste laget på bæra, er den eigentlege frukta og er botanisk sett nøtter.

Etter hausting dannar jordbærplantene utløparar. Utløparar er sideskot som veks vassrett ut frå jordbærplanta og kryp bortover bakken. Etter kvart set desse skota rot og lausriv seg frå morplanta, dermed har vi fått ei ny jordbærplante, genetisk heilt lik mor. På denne måten får du raskt nye planter dersom du vil utvide jordbæråkeren din.

Dyrkingsteknikk

Jordbæra blir dyrka i rader, anten enkel- eller dobbelrad. Det vanlege er å dyrke på drill, altså bed som er litt opphøgde. For å lette ugrasarbeidet legg vi ofte plast eller duk på drillane og lagar hol som plantene blir sette i. Mange bruker halm som dekke i gangane, dette gjer at det held seg reinare i feltet.

  • radavstand 80–140 cm litt avhengig av traktor og utstyr som blir brukt i åkeren. Størst radavstand ved dobbeltrader. Ved dobbeltrad blir det brukt 20–60 cm mellom dei to radene på drillen.

  • planteavstand 25–30 cm

I litt større felt bør vi legge ut dryppvatningsslangar under plasten eller duken slik at plantene får mest mogleg jamn fukt gjennom vekstsesongen. Det er fleire løysingar for automatisk start av vatninga. Det kan til dømes vere ein følar som registrerer fukta i jorda og startar vatning når fukta blir for låg. Det kan òg bli vatna automatisk til faste klokkeslett. Dei fleste som har lagt ut dryppvatningsslangar, både vatnar og gjødslar gjennom dette anlegget.

Dyrking i tunnel

Ein del jordbærprodusentar dyrkar i tunnel. Som oftast er det enkle tunnelar utan veggar og eit tak av plast. Tunneltaka er utsette for vind, og dei fleste tek av plasten på vinteren. Stålkonstruksjonen står heile året.

Fordelen med tunnel er at du har full kontroll på vatn og gjødsel. I tillegg er bæra mykje mindre utsette for soppangrep, spesielt er gråskimmelsoppen eit stort problem i jordbærproduksjon.

Jord og gjødsling

Eit jordbærfelt bør ligge i litt hellande terreng, og radene bør gå rett opp og ned utan sidehelling. Blir det for bratt eller for mykje sidehelling, kan det bli utfordrande å køyre med traktor i feltet.

Jordbær veks i nærast all slags jord, men ho bør vere godt drenert. Det er ønskeleg med ein pH på 5–6,5.

Jordbær er ikkje spesielt næringskrevjande. I konvensjonell produksjon kan klorfri mineralgjødsel brukast. Har du dryppvatning, finst det fleire moglege flytande gjødseltypar i sal.

Næringsbehovet per år er:

  • nitrogen: 4–8 kg/daa

  • kalium: 4–6 kg/daa

  • fosfor: 1–2 kg/daa

I økologisk produksjon er det ofte nok å tilføre 4 tonn husdyrgjødsel per dekar ved planting. Næring frå husdyrgjødsla blir frigjord seint og kan vare i fleire sesongar.

Arbeid i sesongen

Sommarhalvåret er ein hektisk periode for jordbærprodusentane, og arbeidstoppen er utvilsamt hausteperioden. Ein tommelfingerregel seier at det trengst ein person per dekar til plukking. Men det kan vere vanskeleg å berekne behovet for plukkarar fordi modning av bæra avheng av vêret, og då spesielt temperaturen. Har du store areal med jordbær, krev det god organisering under haustinga. Elles er det mykje manuelt arbeid både til luking og planting. På hausten vel nokon å fjerne utløparane som kjem, for å unngå at gangane gror igjen.

I sesongen er det òg viktig å følge med på at plantene får nok næring og vatn og eventuelt justere dette undervegs. Følg òg godt med på angrep av skadegjerarar, og gjer tiltak om nødvendig.

Plantevern

Jordbær er ein produksjon som er relativt utsett for skadegjerarar, og nokre av skadegjerarane kan øydelegge mykje av avlinga viss dei får herje fritt. I tabellen nedanfor finn du tiltak mot dei vanlegaste skadegjerarane i jordbæråkeren.

Skadegjerarar i jordbær

Skadegjerar

Type

Symptom

Biologi

Tiltak

GråskimmelSoppGrått belegg på blad, stilkar og bær. Bæra rotnar.Trivst i fuktige forhold. Kan øydelegge svært mykje av avlinga.Dyrking under tak, sortsval, vatningsstrategi, opent plantebestand, kjemisk plantevern.
MjøldoggSoppGrått, tynt belegg på blad og bær.Trivst i tørt og varmt vêr.Sortsval, moderat gjødsling, vatning med spreiar, kjemisk plantevern.
JordbærsnutebilleInsektVaksne biller legg egg i knoppane og bit dei av.Kan komme inn frå kantvegetasjon, kan gjere stor skade.Vekstskifte, legg nye felt langt unna dei gamle om du har hatt angrep i dei, kjemisk plantevern.
TegeInsektTegene syg på blomster eller kart. Gir det vi kallar knartbær.Tegene flyg inn frå kantvegetasjon. Kan gjere stor skade.Dekking med fiberduk for å hindre angrep i nye felt, kjemisk plantevern.

Hausting og lagring

I Noreg haustar vi det meste av jordbæra frå midten av juni til midt i august, dette avheng av vêret og kvar du bur. Den største utgiftsposten hos ein litt større produsent er utan tvil plukkinga. Bæra må haustast til rett tid, og er det høge temperaturar, blir svært mykje bær moden samtidig. Under slike forhold er det òg viktig å fjerne sjuke bær for å hindre spreiing av til dømes gråskimmelsopp. Under varme forhold må vi hauste og plukke ut sjuke bær minst annankvar dag.

Jordbæra bør setjast i kjølerom straks etter hausting for å behalde kvaliteten og haldbarheita. Temperaturen i kjølerommet bør vere 2–4 gradar.

Jordbær er ferskvare som må omsetjast omgåande, anten direkte til forbrukar eller til grossist. Direktesal til forbrukar gir best betalt, men det krev både meir arbeid og meir organisering.

Sortar

Nokre av dei vanlegaste jordbærsortane i Noreg

Sort

Beskriving

KoronaHar lenge vore hovudsorten. Store bær som er tidleg modne. Svært god smak. Relativt lite haldbar. Litt lys i fargen som gjer dei mindre aktuelle som industribær.
SonataKanskje den nye hovudsorten. Betre haldbarheit enn korona. Store, fine bær med god smak.
FlorenceSort som har komme inn dei seinare åra. Modnar seint og gir ferske bær når dei andre sortane er ferdig. Faste bær med god smak.
PolkaModnar litt seinare enn korona. God å ete direkte. Raudfarge tvers i gjennom bæret. Middels store bær.
FridaModnar litt seinare enn korona. Store, faste bær, eignar seg både som etebær og til industrien. Raud farge gjennom heile bæret.
Senga senganaGammal sort som framleis er favoritten hos mange på grunn av smaken. Var hovudsort fram til korona kom på marknaden. Middels store, faste bær. Brukt både som etebær og i industrien.
ZefyrTidleg moden, gammal sort. God som etebær, men eignar seg ikkje som industribær. Store bær. Svak mot mjøldogg.
SagaRelativt ny sort som eignar seg godt som industrisort. Store bær med god smak. Litt lys innvendig. Fast bær med ganske god haldbarheit.

Oppgåve

Vel rette påstandar og lag eit samandrag om jordbær.

Kjelder

Birkeland, L. & Døving, A. (2020, 25. august). Jordbær. Agropub. https://www.agropub.no/fagartikler/jordbaer

Døving, A., Nes, A. & Serikstad, G. L. (2017, mai). Jordbærdyrking i økologisk landbruk. Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/files/documents/Vest/JORDBAR_dyrkingsrettleiing_OKOLOGISK.pdf

Døving, A. (2017, 30. desember). Starte med jordbær? Agropub. https://www.nlr.no/fagartikler/frukt-og-baer/midt/starte-med-jordbaer

Helgheim, B. (2024, 26. november). Utløper. I Store norske leksikon. https://snl.no/utl%c3%b8per

NIBIO. (u.å.). Normtall for gjødsling til frukt- og bærartene. NIBIO. Hents 18. januar 2025 frå https://www.nibio.no/tema/jord/gjodslingshandbok/gjodslingsnormer/7.frukt-og-baer

Nyt Norge. (2023, 6. februar). En guide til norske jordbær. https://www.nytnorge.no/artikler/en-guide-til-norske-jordbaer/

Skrive av Anne Langerud.
Sist oppdatert 21.01.2025