Dyrking av frukt og bær i Noreg

Fruktdyrking i Noreg
Dei fruktslaga vi dyrkar i litt omfang her til lands, er eple, pære, plomme, morell og kirsebær. I dag dyrkar vi frukt på snautt 23 000 dekar i Noreg, det svarer til rundt 3 000 fotballbanar.
Samanliknar vi 2010 og 2023 har det totale arealet til fruktdyrking auka noko, og det meste av auken kjem av meir epledyrking. Morelldyrking har gått noko ned, mens plomme, kirsebær og pære har halde seg ganske stabilt. Så i det store og heile kan vi seie at produksjonen av frukt har halde seg ganske stabil dei siste 10–15 åra.
Visste du at ...
Både kirsebær og morellar eigentleg er kirsebær? Det finst nemleg to typar kirsebær: søtkirsebær, som vi her i landet kallar morellar, og surkirsebær, som ofte blir kalla berre kirsebær.

Kvar dyrkar vi frukt?
Det store området for fruktproduksjon finn vi som nemnt i Vestland fylke, her finn vi nærare halvparten av alt arealet. På dei neste plassane finn vi regionane Oslo og Viken og Vestfold og Telemark som til saman har omtrent same areal som Vestland. Det blir dyrka frukt i alle fylka i landet, minst lengst mot nord.
Region | Areal (dekar) |
|---|---|
| Vestland | 10 831 |
| Oslo og Viken | 5 135 |
| Vestfold og Telemark | 4 810 |
| Rogaland | 1 015 |
| Møre og Romsdal | 374 |
| Trøndelag | 255 |
| Innlandet | 233 |
| Agder | 191 |
| Nordland | 21 |
| Troms og Finnmark | 1 |
Kva frukt dyrkar vi mest av?
I gode år blir det dyrka fram opp mot 25 000 tonn frukt i Noreg, og det er eple det blir dyrka suverent mest av i både areal og avling. I 2023 var over 70 prosent av fruktarealet epleproduksjon, så følger plomme med 17 prosent. I 2023 utgjorde epla over 80 prosent av heile fruktavlinga som vart dyrka fram her i Noreg.
Bærdyrking i Noreg
Jordbær, bringebær og solbær er dei bærslaga som blir dyrka i litt omfang her i landet. I tillegg finn vi små areal med bjørnebær, rips, stikkelsbær og hageblåbær.
Vi nordmenn er storetarar av bær og ligg heilt i verdstoppen når det gjeld konsum. Og det må vi gjerne halde fram med, for bær er sunt. Dei inneheld mykje vitamin C og andre antioksidantar og lite kaloriar.

Kvar dyrkar vi bær?
Vi dyrkar bær i heile landet. Omtrent ein tredjedel av bærarealet ligg i Oslo og det tidlegare fylket Viken, men både Vestfold, Telemark og Innlandet har mykje areal til bærdyrking.
Region | Areal (dekar) |
|---|---|
| Oslo og Viken | 5 090 |
| Vestfold og Telemark | 2 505 |
| Innlandet | 2 384 |
| Vestland | 1 801 |
| Trøndelag | 1 078 |
| Agder | 979 |
| Møre og Romsdal | 578 |
| Rogaland | 412 |
| Nordland | 92 |
| Troms og Finnmark | 91 |
Kva bær dyrkar vi mest av?
Kvart år dyrkar vi fram 10–12 000 tonn bær. Jordbær står normalt for rundt 70 prosent av den totale avlinga. I areal er òg jordbær den klart største, mens bringebær og solbær ligg nærast.