Solbær

Solbærbusken
Solbærbuskane er 1–2 meter høge og meir eller mindre opprette i vekst (det siste varierer mellom sortane). Bæra er rik på vitamin C og andre antioksidantar og blir brukte i syltetøy, gelé, saft, is og yoghurt. Nokon liker òg å ete dei direkte frå busken.
Mange har ein solbærbusk eller to i hagen, men det er òg ein god del profesjonelle dyrkarar. I areal er det faktisk den nest største bærproduksjonen i Noreg, berre slått av jordbær. Det aller meste av produksjonen går til saft og syltetøy, berre ein liten del blir seld til friskkonsum.
Visste du at ...
Solbær er spesielt populær i Storbritannia? Under andre verdskrigen oppmoda regjeringa britane til å dyrke solbær for å ha ei god kjelde til vitamin C. Av bæra laga dei solbærsirup som vart delt ut gratis til alle barna. Dette bidrog sterkt til den auka populariteten som altså har halde seg heilt fram til i dag.
Dyrkingsteknikk
Solbærbuskane blir planta i rader med 1,5–2 meters avstand. Det er vanlegast med enkelrader, men dobbelrader blir òg brukte, litt avhengig av hausteteknikk. I radene kan du legge plast eller duk for å lette ugrasarbeidet. Å dekke radene med bork eller flis er òg eit alternativ.
På store felt er det ein fordel om du kan køyre traktor mellom radene mellom anna for å transportere ut hausta bær, og for å slå graset som er sådd i gangane.
Når du plantar nye solbærbuskar, må du passe på så dei ikkje tørkar ut, dei er ikkje i stand til å trekke opp vatn når dei er nyplanta. Det er derfor lurt å setje plantene i vatn nokre timar før planting og å unngå å plante i sterk sol.

Jord og gjødsling
Solbærbuskane klarer seg på fleire typar jord, men dei trivst best om jorda er moldhaldig og næringsrik. For god rotutvikling er det best med veldrenert jord med god jordstruktur.
Solbær er ikkje særleg næringskrevjande, men det er tilrådd å tilføre litt gjødsel kvart år.
Næringsbehovet per år er:
nitrogen: 2–5 kg/daa
kalium: 3–5 kg/daa
fosfor: 1 kg/daa
I konvensjonell produksjon blir det tilrådd å nytte ei klorfri mineralgjødsel. Om du dyrkar økologisk, blir det tilrådd 2–4 tonn husdyrgjødsel per dekar ved planting, litt avhengig av næringsstatus i jorda. Deretter kan du gjødsle med 1–2 tonn husdyrgjødsel per dekar kvart år. Viss du ikkje har husdyrgjødsel tilgjengeleg, finst det pelletert hønsegjødsel du kan bruke.

Arbeid i sesongen
Eit felt med solbærbuskar krev litt arbeidsinnsats gjennom sesongen. Forutan skjering og hausting, som er dei store arbeidstoppane, må du gjødsle, halde graset mellom radene nede og følge med på angrep av skadegjerarar.
Fordi solbærbuskane har eit grunt rotsystem, er dei ganske tørkesvake. Derfor må det vere tilgang til vatn i nærleiken av feltet.
Skjering
Det er viktig å skjere solbærbuskane, det bidreg både til auka avling og til betre kvalitet på bæra. Skjering stimulerer til auka vekst ved at vi fornyar busken når vi fjernar gamle greiner og opnar opp for meir lys. Bæra kjem på andreårs greiner, det betyr at du bør ha ein miks av nye og gamle greiner i ein busk. Ein fin tommelfingerregel er at ein ferdig skoren busk skal ha cirka 16 greiner i alderen 1–4 år, fire greiner i kvar aldersgruppe.
Du bør skjere på tidleg vår, og du bør ha ei god greinsaks til formålet.
Her er ei punktliste over det viktigaste du må tenke på når du skal skjere solbærbuskane:
Skjer så langt ned som mogleg, og lag snitt litt skrått slik at vatn renn av.
Start med å fjerne skadde greiner.
Fjern alle greiner som ligg ned mot bakken, dette gjer det enklare å få slått graset rundt busken.
Ta bort gamle, store greiner inni busken. Då slepper du inn lys og luft. Ein luftig busk er mindre utsett for soppangrep.
Ta bort greiner som veks innover i busken eller greiner som gnissar på kvarandre.
Dei 2–3 første åra etter planting er det ikkje noko behov for skjering, men du bør gå gjennom feltet og ta bort skadde greiner og greiner som ligg ned på bakken.
Film om skjering av solbær- og ripsbuskar (4:15)
Plantevern
Skadegjerar | Type | Symptom | Biologi | Tiltak |
|---|---|---|---|---|
| Mjøldogg | Sopp | Grått/kvitt belegg på blad. | Trivst i tørt og varmt vêr. | Vel resistente sortar eller sortar som er sterke mot sjukdommen, kjemisk plantevern. |
| Bærbuskbladfall | Sopp | Brune flekkar som etter kvart veks saman før bladet fell av. | Spreier seg raskt i fuktig vêr. Soppen overvintrar i blad på bakken. | Vel sortar som er sterke mot sjukdommen. |
| Bærbuskbladflekk | Sopp | Blada får gråbrune flekker med mørk kant. | Spreier seg raskt i fuktig vêr. Soppen overvintrar på blad på bakken. | Vel sortar som er sterke mot sjukdommen, kjemisk plantevern. |
| Solbærgallmidd | Insekt | Knoppane svulmar opp på hausten og blir store som erter, på våren fell dei av. | Midden overvintrar som vaksen. Blir m.a. spreidd med pollinerande insekt. | Brenn smitta plantemateriale, kjemisk plantevern. |
| Nesletoppvirus | Virus | Det blir svært lite eller ingen bær på busken. | Blir spreidd av solbærgallmidden eller med stiklingar frå smitta planter. | Start med garantert friskt plantemateriale. |
Hausting og lagring
Hausting av solbær kan du gjere heilt enkelt med plukking. På store areal kan du bruke det vi kallar "bankemetoden". Då set du ei spesiallaga kasse under busken og bankar på greinene slik at bæra fell ned i kassa. I staden for kasse kan du bruke ein duk som du legg under busken. Det finst òg motoriserte haustemaskiner for solbær, då treng du ein sjåfør og nokon til å ta unna kassene med bær etter kvart som dei blir fulle.
Solbær er ferskvare og bør raskast mogleg til kjølelager etter hausting. Temperatur på 2–4 gradar. Friske bær kan oppbevarast i 2–4 dagar ved denne temperaturen.
Film om hausting av solbær (2:59)
Sortar
Sort | Beskriving |
|---|---|
| Ben nevis | God kvalitet på bæra, moden tidleg august. Store bær og stor avling. Blir mest brukt til industri. Utsett for mjøldogg. |
| Ben tron | God kvalitet på bæra, moden sist i juli. Middels til store bær. Passar godt i småhagar. |
| Hedda | God kvalitet på bæra, moden sist i juli. Store bær og stor avling. Sterk mot mjøldogg. Passar best i småhagar. |
| Imandra | Svært tidleg sort. Litt blaute bær. Store bær, middels avling. God sort for Nord-Noreg. Resistent mot mjøldogg. |
| Jänkisjärvi | Tidleg sort med god kvalitet på bæra. Store bær med lita til middels avling. Sterk mot mjøldogg. Vinterherdig. Passar best for Nordland og Troms. |
| Sunderbyn II | Tidleg sort med god kvalitet på bæra. Store bær med middels avling. Sterk mot mjøldogg. Hardfør. Sort berre berekna for Nord-Noreg. |
Oppgåve
Vel rette påstandar og lag eit samandrag om solbær.