Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Eple

Eple er den frukta vi produserer mest av i Noreg. Det er ein arbeidskrevjande produksjon, men når vi gjer arbeidsoppgåvene til rett tid, gjødslar rett og følger med på skadegjerarar, kan vi få store avlingar av god kvalitet. Men då er vi òg avhengige av at naturen er på vår side.

Eple

Epletreet høyrer til rosefamilien og er saman med pære det vi kallar ei kjernefrukt. Epla har opphavet sitt i Asia og blir i dag dyrka over store delar av kloden.

Eple er den suverent største fruktproduksjonen i Noreg. Det er epletre på over 70 prosent av fruktarealet, og over 80 prosent av den totale fruktavlinga er eple. I tillegg finst det ein god del epletre i private hagar.

Dei som har epledyrking som leveveg, vil gjerne selje epla som frisk frukt, dette gir best økonomi. I tillegg har mange eigen jusproduksjon, og etter kvart har ein del starta eigen produksjon av sider. Elles blir frukta brukt både i eplemos, eplekake, eplegraut og i mange andre samanhengar.

Visste du at ...

Logoen til det kjende amerikanske teknologiselskapet Apple er eit eple som det er teke ein bit av? Ja, det gjorde du sikkert, men visste du at planen var å ha eit heilt eple i logoen, men at Apple oppdaga at eplet fort kunne forvekslast med eit kirsebær? Og Apple kunne jo ikkje ha eit kirsebær som logo! Då var det eit smart hovud som fann ut at om dei tok ein bit av eplet, var det ikkje lenger tvil.

Dyrkingsteknikk

Poding

Epletrea som blir dyrka i dag, er poda. Poding betyr at vi set saman to ulike planter. Vi bruker rot frå ei plante og toppen frå ei anna plante. Toppen er den sorten eple vi ønsker. Rota vi bruker, kallar vi grunnstamme.

Val av grunnstamme påverkar mellom anna vekstkraft, frosttoleranse, kor raskt trea får eple, og kor stor avling du får. Sortane har òg ulik vekstkraft. Har du både sterktveksande grunnstamme og sterktveksande sort, får du eit stort tre. Dette kan vere aktuelt om du ønsker deg eit stort, dekorativt epletre i hagen. Skal du derimot dyrke eple for sal, vil du ha små tre som er enkle å klippe ned, gir enkel innhausting, tek liten plass og ber like mykje frukt som eit stort tre.

Hagesentera sel epletre som er ferdig poda og klare for planting. Grunnstammane på desse har ofte middels vekstkraft.

Plantesystem

Det er vanleg å plante epletrea når dei er to år gamle, dette er tre som raskt gir frukt. Epletrea blir planta i rader. I radene kan du dekke med plast, duk eller bork slik at du unngår mykje vegetasjon inntil stammen på epletreet. I det vi kallar tettplanting, blir desse avstandane brukte mellom trea:

  • radavstand: 3,5 m er vanleg, må tilpassast maskiner og reiskapar

  • planteavstand: 0,8–1 m, litt avhengig av sort

I tettplanting, som er vanleg hos dei profesjonelle epledyrkarane, er trea slanke og høge, gjerne 2,5–3 meter. Ein god regel er at høgda ikkje bør vere større enn radavstanden. Desse trea har eit svakt rotsystem og stor produksjon, derfor må dei støttast opp i heile stammehøgda.

Det vanlege i slike plantingar er å setje opp eit "hesjesystem". Ved kvart tre set du ned ein bambusstokk, ein plastbelagd metallstaur eller ein firkantstolpe i hardtre (den siste bør vere 2 cm tjukk). Kva du bør velje, er mellom anna sortsavhengig. For kvart sjuande tre set du ned ein kraftig stolpe med diameter på 8–10 cm. På endene bør det setjast ned skråstilte ankar.

Deretter trekker du 2–3 ståltrådar langs heile rada. Ståltrådane blir festa til stolpane med klips, ein lågt, ein midt på treet og ein nært toppen. Kvart tre blir festa til stolpen sin med eit eller fleire gummiband. Det blir tilrådd å plante epletrea på lesida av stolpar og ståltråd, då slepp vi at dei gnissar mot stolpar og tråd når det blæs.

Epletrea kan òg bindast opp eit og eit til ein staur. Dette er den oppbindingsmetoden vi bruker viss vi skal plante eit epletre i hagen, og han er framleis brukt hos ein del yrkesdyrkarar med store areal.

Vatning

Det er vanleg å legge dryppvatningsslangar dersom arealet med epletre er stort. I desse slangane blir det òg blanda inn gjødsel. Det er viktig med jamn fukt for å få eple av god kvalitet.

Pollinering

Epla er vanlegvis ikkje sjølvpollinerande, dei har det vi kallar krysspollinering. Det betyr at dei treng pollen frå ein annan sort for å danne frukt. Derfor plantar vi ofte såkalla pollensortar med jamne mellomrom i frukthagen, desse bidreg med pollen til sortane vi ønsker frukt av. Vi må passe på at pollensortane blomstrar på omtrent same tid som den sorten vi dyrkar. Dersom du har tilgang på bikubar, er dette fint å setje ut i frukthagen under blomstring, biene er gode pollinatorar.

Jord og gjødsling

Epletrea stiller ikkje store krav til jorda, men det er ein fordel om ho er moldrik og godt drenert. pH bør vere 5,6–6,2.

Gjødsling

I tettplantingar er det viktig at epletrea har nok næring gjennom heile vekstsesongen dersom du ønsker ei stor avling av god kvalitet. Det vanlege i dag er gjødsling gjennom dryppvatningsanlegg, det gir ein ganske presis næringstilgang gjennom heile sesongen. Elles blir klorfattig mineralgjødsel tilrådd, 12–4–18 eller 8–5–19.

Næringsbehov per år for epletre:

  • nitrogen: 4,5–7,5 kg/daa

  • fosfor: 1,5–2,0 kg/daa

  • kalium: 7–9 kg/daa

I økologisk epledyrking finst det fleire moglegheiter. Har du montert dryppvatningsanlegg, finst det flytande økologisk gjødsel du kan bruke. Eit anna alternativ er pelletert hønsegjødsel som du strør ut rundt trea. Før planting kan det vere lurt å blande inn kompost eller husdyrgjødsel i jorda.

Gjødsling i fruktplantingar kan vere komplisert, mellom anna må du ta omsyn til jorda, klima, alder på trea og kor mykje frukt trea produserer. Skal du satse på epledyrking, bør du søke råd hos ein rådgivar eller nokon med erfaring.

Arbeid i sesongen

Skjering

Skjering er arbeidskrevjande, og det beste tidspunktet for skjering er på ettervinteren og våren. Ta omsyn til kvar du bur, i område med streng kulde kan du få frostskadar når du skjer på den kaldaste vinteren.

Epletrea skal formast ulikt etter kva plantesystem, grunnstamme og sort du har. Men det finst ein del generelle råd om skjering av frukttre:

  • Skjering stimulerer til vekst og forynger treet.

  • Det er viktig å få lys inn i trea.

  • Ta alltid bort skadde greiner.

  • Ta alltid bort greiner som gnissar mot kvarandre.

  • Ta bort greiner som veks innover i treet, og dei som veks rett oppover.

  • Behald horisontale greiner, det er på desse frukta kjem. Fjern greiner som veks vertikalt.

Det kan vere lurt å snakke med ein rådgivar eller ein erfaren fruktdyrkar om skjering, då får du rett rettleiing for plantesystemet ditt og sorten din.

Plantevern

Det er fleire sjukdommar og skadedyr som kan angripe epletrea. Det er viktig at du følger med gjennom sesongen slik at du kan setje inn tiltak viss du ser angrep av soppsjukdommar eller skadedyr. Nedanfor finnar du dei vanlegaste skadegjerarane på eple.

Skadegjerarar i eple

Skadegjerar

Type

Symptom

Biologi

Tiltak

EpleskurvSopp

Gråbrune til svarte

skurvflekkar eller felt med

skurv på blad og frukt.

Soppen overvintrar i lauv på bakken eller i skot, spreier seg med sporar.Førebyggande: Vel sterk sort, fjern gammalt lauv frå bakken. Kjemisk plantevern.
EplemjøldoggSoppKvitleg belegg på blad og skot, misdanna blad og blomstrar.Soppen overvintrar i knoppane og spreier seg vidare derifrå.Førebyggande: Vel sterk sort, skjer bort infiserte skot. Kjemisk plantevern.
RognebærmøllInsekt

Symptom berre på frukta. Synleg som stikk eller hol i skalet der larvene har gått inn.

Rogn er vertsplante, der blir egga lagde. I år utan eller med lite rognebær blir eple angripne.Førebyggande: Fordel med stor avstand frå skog med rogn. Vel sort som er mindre utsett.
EpleviklarInsekt

Symptom berre på frukta. Larvene går inn til kjernehuset og et frøa. Når larvene går ut

lagar dei ein stor, ekskrementsfylt gang. Gongen inn er liten, gongen ut er stor.

Overvintrar som larve i bork, sprekkar, mose eller lav. Vaksne individ kjem ut i mai.

Førebyggande: Fjern infisert frukt der du ser små gangar inn i eplet, sprøyt med vegetabilsk olje.

Når naturen ikkje er på vår side

Nokre år kan det gå gale med epleavlinga utan at vi får gjort så mykje med det. Kraftige haglskurer kan til dømes gjere store skadar på både blomstrar og frukt. Store areal med eple kan blir øydelagde.

Elles kan temperaturen spele oss eit puss i enkelte år. Unormalt låge temperaturar tidleg på sommaren kan gi frostskadar på blomstrane, og pollinatorane er heller ikkje ute og jobbar når det er kaldt. Så sjølv om du unngår frostskadar, risikerer du dårleg pollinering ved låge temperaturar.

Og sist, men ikkje minst, er det utfordringar dei åra rogna har lite eller ingen bær. Då vel rognbærmøllen å gå til angrep i eplehagen, og epla kan ikkje bli selde som eteeple.

Hausting og lagring

Det kan vere vanskeleg å finne rett haustetid for eple. Når modninga startar, blir stivelsen i epla omdanna til sukker. Derfor blir epla søtare jo lenger dei får modne. Men for å bevare lagringsevna, bør det vere litt stivelse igjen når du haustar.

Fargen på eplet kan fortelje noko om kor modent det er. Grunnfargen går frå grønt til gult fordi klorofyllet i skalet blir brote ned. Og når epla får sol, får dei raud dekkfarge (kor mykje kjem an på sorten). Eit anna teikn på hausteklare eple er at stilken slepp lett, altså at eplet losnar lett frå treet.

I dag blir epla hausta manuelt eller maskinelt. Uansett må frukta behandlast varsamt.

Epla blir lagra best ved 2–4 gradar og ei luftfukt på cirka 90 prosent.

Sortar

Nokre av dei vanlegaste eplesortane i Noreg

Sort

Beskriving

AromaDen sorten det blir dyrka mest av i Noreg. Haustetid september–oktober. Ein allsidig sort som eignar seg til eteeple, jus og bakst.
DiscoveryEit syrleg og friskt eple med rosaskjer i fruktkjøttet. Ganske tidleg, haustetid august–september. Eignar seg som eteeple, men er spesielt populær i eplejus på grunn av den friske smaken og fargen. Sorten er sterk mot mjøldogg og epleskurv.
SummerredEit eple med mørkeraud farge, oval form, sprøtt og saftig fruktkjøtt. Populært som eteeple. Haustetid slutten av september. Noko utsett for epleskurv.
Raud gravensteinEin saftig og søt gammal eplesort. Glinsande, voksaktig skal. Eignar seg godt som eteeple og til bakst. Haustetid frå midten av september.
RubinstepRelativt ny sort som kan vinterlagrast. Søt smak, sprøtt og saftig eple. Eignar seg spesielt godt som eteeple, men òg fin i bakst. Sein sort, haustetid oktober–november.
ÅkerøGammal, svensk sort. Har oftast ei lang, oval form. Kan vinterlagrast. Framleis favoritt som eteeple for mange på grunn av den særeigne smaken. Sein sort, haustetid frå oktober.

Oppgåve

Vel rette påstandar og lag eit samandrag om dyrking av eple.


Kjelder

Flatland, S. (2022, 9. september). Rett haustetid i eple. Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/kunnskap/fagartikler/frukt-og-baer/vest/rett-haustetid-i-eple

Frith, H. (2011, 7. oktober). Unraveling the tale behind the Apple logo. CNN. https://edition.cnn.com/2011/10/06/opinion/apple-logo/index.html

Jaastad, G. & Djønne, R. T. (2009). Epledyrking. Økologisk småskrift, 2009 (2). https://www.agropub.no/publikasjoner/epledyrking

Myren, G. (2019, 16. august). Veit du egentlig kva eit epletre er? Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/kunnskap/fagartikler/frukt-og-baer/ostlandet/veit-du-eigentleg-kva-eit-epletre-er

Norsk Fruktrådgjeving Hardanger. (2013, juni). Etablering av ei fruktplanting: Økologiske og konvensjonelle metodar. Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/files/documents/NLRs/Nyplantingsmanual_tettplantingarFrukt_NFH2013.pdf

Nyt Norge (2023, 6. februar). En guide til norske epler. https://www.nytnorge.no/artikler/norske-epler-er-fantastiske/

Røen, D., Brandsæter, L. O., Birkenes, S. M., Jaastad, G., Nes, A., Trandem, N. & Stensvand, A. (2008). Plantevern og plantehelse i økologisk landbruk: Bind 4 – Frukt og bær. Bioforsk Fokus. http://hdl.handle.net/11250/2441678

Vangdal, E. (2017, april). Gjødsling i frukthagar: Konvensjonell og økologisk dyrking. NIBIO og Norsk Landbruksrådgiving. https://www.nlr.no/files/documents/NLRs/Gjodsling-i-frukthagar_Nibio2017.pdf

Yara Norge AS (u.å.). Eple. Henta 29. januar 2025 frå https://www.yara.no/gjoedsel/frukt-og-bar/eple/

Skrive av Anne Langerud.
Sist oppdatert 29.01.2025