Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Eksteriør hos storfe

Eksteriøret er det ytre på dyret, altså det du ser når du står framfor eit dyr. Men ofte er eksteriøret påverka av dei indre strukturane, som skjelett og muskelsetning. Eksteriøret kan derfor seie mykje om brukseigenskapane hos dyra, og det har sterk samanheng med helse og velferd i buskapen.

Viktige eksteriørtrekk hos storfe

Det er nokre eksteriørtrekk som er spesielt viktige for at dyra skal fungere godt og ha god helse. Desse delane av eksteriøret inngår som ein del av avlsarbeidet, både i din eigen buskap og for overordna avlsarbeid med dei ulike rasane.

Her har vi lista opp dei eigenskapane som blir vurderte i samband med avlsarbeid på NRF og dei andre nordiske rasa.

Kropp

Ei god ku bør ha ein kropp som fungerer godt, helst i mange år. Evna til å ete grovfôr og ha lette kalvingar er viktig for at kua skal halde seg frisk og bli lenge i buskapen.


Krysshøgde

Dette er høgda til kua målt frå hoftekammen og ned til golvet.

Kroppsdjupne

Du finn kroppsdjupna ved å sjå på dyret frå sida. Djupna til kroppen måler du ved å trekke ei loddrett linje rett frå ryggen til nedste del av vomma, rett bak bakarste ribbein.

Viss avstanden frå buken og ned til golvet er større enn avstanden frå nedst på buken og opp til ryggen, har kua grunn kroppsdjupne. Er avstanden omtrent den same, har kua middels djupne. Og viss avstanden mellom kropp og golv er mindre enn djupna til kroppen, seier vi at kua har djup kroppsdjupne.

Brystbreidde

Brystbreidda er avstanden mellom framføtene, og breidda av ribbeina og skuldrene.

Mjølketype

Mjølketypen vurderer du ut frå ribbeina og kor stor avstand og runding det er mellom dei. Viss ribbeina er svært lange, peiker skrått bakover og har god avstand, seier vi at kua er utprega mjølketype.

Overlinje

Dette blir òg kalla rygglinja. Ho består av kam, rygg og lend. Ryggen skal helst vere rett eller litt svai. Krum rygg er eit teikn på at kua har smerter.


Kryssbreidde

Kryssbreidda måler du bakfrå, og det er avstanden mellom setebeinknokane du skal måle. Avstanden er omtrent 18 cm på ei ku med eit middels breitt kryss.

Kryssretning

Stå ved sida av kua og vurder om bakenden vippar oppover eller heller litt nedover. Krysset bør helle litt ned frå hoftekammen og mot setebeinet. Viss setebeinet er høgare enn hoftene, kallar vi det vippekryss. Dette er uønskt fordi det kan gi kalvingsvanskar.

Bein

Store og tunge dyr treng sterke bein for å fungere godt både inne i fjøset og ute på beite.

Hasevinkel

Hasen er eit viktig ledd på bakbeina, og han bør ha ein svak bøyg for at dyra skal ha god rørsle. Optimal hasevinkel er 150–155 gradar. Viss hasen er for rett, vil kyrne få ei litt stiv gonge. Viss bøyen er utprega, seier vi at kua er krokhasa.


Beinstilling bak

Beinstillinga vurderer du når du står bak kua. Viss hasespissane peikar innover (mot kvarandre), vil ofte klauvene peike litt utover. Då seier vi at kua er kuhasa (eller kalvbeint). Det beste er at bakbeina er nesten parallelle.

Hasekvalitet

Her vurderer du om det ser ut til å vere væskesamling i haseleddet. Dette kan du sjå både frå sida av dyret og bakfrå.

Beinbygnad

Beinbygnad vurderer du òg ved å sjå på bakbeina, og du skal vurdere både tjukkleik og breidde på lår og pipe (nedste del av beinet). Vi ønsker ikkje at dyra skal ha veldig grov beinbygnad.

Kodeledd

Koden er ledda mellom klauva og nedste del av beinet (pipe). Når du skal vurdere kodeleddet, kan det vere lurt å sjå på hårlinja, altså overgangen mellom klauva og beinet. Koden bør vere ganske steil, sånn at hårlinja berre heller litt bakover.

Viss hårlinja har bratt helling, seier vi at koden er mjuk, og då vil klauva ofte vere veldig låg i bakkant.

Vridde klauver

Du kan òg sjå litt på klauvene og vurdere om dei veks rett. Nokre dyr har klauver som veks i spiralform. Det kallar vi korketrekkarklauv, og det er ein arveleg eigenskap.

Jur og spenar

Ei god mjølkeku må ha eit jur som er godt festa til kroppen. Spenane bør òg ha god plassering og vere passe store.

Jurfeste

Jurfestet vurderer du både framme og bak. Jurfestet framme bør ha ein jamn overgang mellom juret og buken, med feste langs heile jurbreidda under buken på kua.

For å finne høgda på jurfestet bak kjenner du etter kor jurvevet startar, og vurderer dette punktet i forhold til avstanden mellom hasespissane og opp til setebeinknoken.

Jurbotn

Når du står bak kua, bør du sjå midtbandet som held juret oppe, dette er kløfta mellom jurhalvdelane. Viss midtbandet har losna, vil juret sjå ut som ein rund sekk, og spenane peiker skrått utover.

Vi ønsker eit jur med tydeleg kløft og spenar som heng rett ned eller skrår svakt innover.


Jurdjupne

Djupna på juret avheng av avstanden mellom jurbotnen (ikkje spenespissane) og hasespissane. Jurbotnen bør vere over hasespissane.

Jurbalanse

Jurbalanse seier noko om forholdet mellom framjuret og bakjuret. Vi ønsker at juret skal vere mest mogleg balansert, altså bør det verken vere for baktungt eller for framtungt.

Spenelengde

Spenelengda er viktig for at mjølkinga skal fungere best mogleg. Optimal lengde er omtrent 5,5 cm.

Det er viktig for helsa og velferda til kua at spenane er lange nok, sånn at dei ikkje blir feilbelasta under mjølking. Viss dei blir for lange, er det større fare for skadar som følge av spenetråkk.


Spenetjukkleik

Spenetjukkleiken er òg viktig for at livet som mjølkeku skal vere best mogleg. Både for tjukke og for tynne spenar kan få skadar under mjølking.

Speneplassering og speneretning

Plassering av både framspenar og bakspenar vurderer du bakfrå. Spenane bør ikkje stå for langt ut, og framspenane bør vere ganske tettstilte. Midt på kjertelen eller endå litt tettare er bra, så lenge det framleis er litt avstand mellom spenespissane.

Bakspenane bør vere plasserte midt på kjertelen.

Både framspenane og bakspenane bør henge rett ned. Dette er spesielt viktig i fjøs som har robotmjølking sidan roboten ikkje har så lett for å skilje mellom spenar som står for tett, når han skal setje på mjølkeorganet.

Ekstraspenar

Ekstraspenar kan vere marispenar (små spenar bak på juret), mellomspenar eller samanvaksne spenar. Det kan vere mjølkeproduksjon i ekstraspenane, og då er det òg fare for betennelsar fordi dei ikkje blir tømde for mjølk.

For å unngå å avle på dyr som har ekstraspenar, blir ekstraspenar registrerte og lagde inn som data i avlsarbeidet.

Lynne

Lynnet til kua er ikkje ein eksteriøreigenskap, men sidan det er så viktig i avlsarbeidet, er det vanleg at denne eigenskapen blir vurdert på lik linje med eksteriøreigenskapane.

Når du skal jobbe med dyr, er det viktig at dei har eit godt lynne. Kyrne må til dømes takle å bli handterte både under mjølking og ved dyrlegebesøk.

Lynnet til dyra skal vurderast etter korleis dei reagerer når det kjem ein ukjend person i nærleiken av dei, og det er som regel ein avlsrådgivar som vurderer åtferda når hen likevel er på besøk i fjøset for å vurdere eksteriøret.

Dyra bør ha eit normalt lynne òg i møte med ukjende, det vil seie at dei er nysgjerrige og kontaktsøkande og toler å bli tekne på.

Kjelder

GENO. (2019, 1. januar). Linær eksteriørvurdering – Tegninger. https://www.geno.no/contentassets/4ed4a6a05791495cb839cd028bc0d4c0/manual-for-eksteriorvurdering.pdf

GENO. (2020, 17. april). Eksteriøregenskaper. https://www.geno.no/fagstoff-og-hjelpemidler/avlsprogram-for-norsk-rodt-fe/egenskaper-i-avlsmalet/eksterioregenskaper/

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 19.05.2025