Bringebær

Bringebærplanta
Bringebær høyrer til rosefamilen og er populære bær å ete rett frå busken. Mange liker dei saman med is eller vaniljesaus, og dei er flittig brukte inni eller oppå blautkaka. Det blir òg laga syltetøy og saft av bringebæra. Det vitskapelege namnet er Rubus idaeus.
Bringebærplantene blir fort 2–3 meter høge og må støttast opp for ikkje å knekke når dei er fulle av bær på seinsommaren. Dei set nye skot frå rota og spreier seg villig utover om vi ikkje stoppar dei.
Nokon har bringebærplanter i hagen, men den store produksjonen finn vi hos dei profesjonelle dyrkarane. I avling er bringebær den nest største bærproduksjonen, berre slått av jordbær.
Visste du at ...
Mange påstår at vi har svarte bringebær? Det finst foreløpig ikkje. Dei tenker nok då på bjørnebær, som har det vitskapelege namnet Rubus fruticosus. Dei er raude før dei er modne, og dei blir heilt svarte når dei er hausteklare.

Dyrkingsteknikk
Bringebær blir dyrka i rader og aller helst på opphøgde drillar. Drillar gir betre drenering og raskare oppvarming av jorda. For å lette ugrasarbeidet kan du legge plast eller duk i radene.
radavstand minimum 2,5 meter, litt avhengig av utstyret du bruker
planteavstand 50–60 cm
Mellom radene kan du ha gras som du slår med klippar eller anna utstyr. Då held du òg nede bringebærskot som sprett opp utanfor radene.
Oppbinding
Bringebærplantene blir som nemnt høge, og dei treng oppbinding for at dei ikkje skal knekke når dei blir tunge av bær. Den vanlegaste metoden er gjerdemetoden. Det inneber å setje ned stolpar midt i rada med 4 meters avstand. Stolpane bør vere så lange at dei er minst 1,5 meter over bakken når dei slått godt ned i jorda. På kvar stolpe set vi eit 90 cm langt tverrtre cirka 1,5 meter over bakken. På kvart tverrtre festar vi fire spikrar eller skruar. Dei to inste set vi med 30 cm avstand ut til kvar side frå midt på tverrtreet, dei to ytste med 80 cm mellom.
Langs heile rada strekker vi ståltråd på kvar side av plantene. Gjennom vinteren og våren fram til blomstring festar vi tråden på dei to inste spikrane eller skruane, og vi festar kvar grein til tråden med klips. Når blomstringa startar, flytter vi trådane ut til kvar side slik at lys slepp til i plantebestandet. Når haustinga er ferdig, flytter vi trådane inn igjen.
Vatning
I litt større felt bør du legge ut dryppvatningsslangar under plasten eller duken slik at plantene får mest mogleg jamn fukt gjennom vekstsesongen. Det er fleire løysingar for automatisk start av vatninga. Det kan til dømes vere ein følar som registrerer fukta i jorda og startar vatning når fukta blir for låg. Det kan òg vatnast automatisk til faste klokkeslett. Dei fleste som har lagt ut dryppvatningsslangar, både vatnar og gjødslar gjennom dette anlegget.
Dyrking i tunnel
Ein del bringebærprodusentar dyrkar i tunnel. Som oftast er det enkle tunnelar utan veggar og med eit tak av plast. Tunneltaka er utsette for vind, og dei fleste tek av plasten på vinteren. Stålkonstruksjonen står heile året.
Fordelen med tunnel er at du har full kontroll på vatn og gjødsel. I tillegg er bæra mykje mindre utsette for soppangrep, spesielt er gråskimmelsoppen eit problem i bringebærproduksjon.

Jord og gjødsling
Bringebær bør plantast i moldhaldig og godt drenert jord. Det er ikkje tilrådd med stiv leire, sandjord eller myr. pH bør ligge på 5,5–6.
Bringebær er næringskrevjande samanlikna med dei andre bærproduksjonane. Næringsbehovet per år er:
nitrogen: 6–12 kg/daa
fosfor: 1–2 kg/daa
kalium: 6–8 kg/daa
På små areal kan du bruke ei klorfri mineralgjødsel som du strør ut i rada på våren. Når areala er store, blir det brukt flytande gjødsel som blir blanda med vatn og tilført plantene i dryppslangar.
Dyrkar du økologisk, kan du bruke husdyrgjødsel, då blir det tilrådd 2–4 tonn per dekar, litt avhengig av husdyrslag. Alternativt kan du kjøpe flytande økologisk gjødsel eller pelletert hønsegjødsel.
Arbeid i sesongen
Skjering
Bringebær må tynnast. Du må fjerne skot, viss ikkje blir det altfor tett og bæra blir små.
Du bør ta jobben med skjering etter hausting. På denne tida er det veldig tett med skot i bringebærradene, noko som gjer plantene meir utsette for soppangrep.
Bringebær blomstrar på andreårsgreiner, og den korte hugselista for skjering av bringebær blir derfor slik:
Klipp bort alle greiner som du har hausta bær frå i år.
Fjern spinkle, dårlege årsskot.
Ta vare på 10–12 av dei kraftigaste årsskota per meter i radene, desse vil blomstre og gi bær neste år. Har du erfaring med greinbrekk eller frostskadar gjennom vinteren, kan du gjerne sette igjen litt fleire skot. Så fjernar du nokre på våren slik at talet blir 10–12 per meter.
Topp greinene til omtrent passande plukkehøgde. I tillegg til at det er praktisk for plukkinga, er det òg gunstig med topping fordi bæra i toppen ofte blir veldig små. Du kan gjerne utsetje toppinga til våren i tilfelle du får ein tøff vinter. Greinene som er toppa, kan vere meir utsette for frost.

Plantevern
Det er fleire sjukdommar og skadedyr som kan angripe bringebærplantene. Her er nokre av dei vanlegaste:
Skadegjerar | Type | Symptom | Biologi | Tiltak |
|---|---|---|---|---|
| Raud rotrote | Sopp | Blada gulnar og visnar. Få og svake nye skot. | Soppen lever i jorda og angrip røtene. | Friske planter og planting på drill. Vel sterk sort. |
| Gråskimmel | Sopp | Grått belegg på stengel, modne bær blir blaute. Grøn kart får gråbrune flekker. | Overvintrar på visne bær, blomstrar eller på skota. Går inn i blomsteren. | Vel sort som er sterk mot gråskimmel. God skjering som gir opne planter. Hauste ofte. Kjemisk plantevern. |
| Bringebær-bille | Insekt | Gneg i blomsterknoppar, går inn i bæra. Gneg òg på blad om våren. | 4 mm lang bille, gulbrun til svart, kjem opp frå jorda 2–4 veker før blomstring. | Få ikkje-kjemiske tiltak. Å setje ut mange kvite limfeller før blomstring kan hjelpe. |
| Bringebær-bladmidd | Insekt | Uregelmessige gule flekkar på oversida av blada. | Midden kan berre bli sett i lupe. 0,1 mm lang. Overvintrar i stenglar eller knoppar. | Nokre sortar meir utsette enn andre. Kjemisk plantevern. |
Hausting og lagring
Hausting er den mest arbeidsintensive perioden for bringebær. På store areal trengst mange plukkarar, spesielt på varme dagar når modninga går raskt. Det finst maskiner for hausting, men det blir fortrinnsvis brukt for bær til industrien.
Du bør hauste annankvar dag viss bæra skal omsetjast til friskkonsum. Plukk bæra mens dei framleis er faste. Skal bæra brukast til syltetøy eller saft, kan dei gjerne modnast litt meir, og hausting kvar tredje dag er kanskje tilstrekkeleg.
For å bevare kvaliteten må bringebær på kjøl så fort som mogleg etter hausting. Temperaturen bør ligge rundt 1–2 gradar. I kjøleskapet kan bringebær halde kvaliteten i 1–3 dagar.
Sortar
Sort | Beskriving |
|---|---|
| Glen ample | Har vore hovudsort i Noreg i mange år. Middels tidleg, stor avling. Store bær med god kvalitet. Kraftige planter utan tornar. Utsett for bringebærbladmidd. |
| Ninni | Norsk sort. Nokre få dagar seinare og noko lågare avling enn glen ample. Toler godt transport og lagring. God smak. Froststerk og sterk mot bringebærbladmidd. |
| Asker | Gammal tysk sort som har smak som liknar villbringebær. No berre brukt i private hagar, og smaken gjer at denne er favoritten for mange. Vinterherdig og sterk mot bringebærbladmidd. Mykje tornar, relativt små bær og beskjeden avling. |
| Veten | Norsk, gammal sort. Eignar seg best til syltetøy, gelé eller saft. Bæra blir raskt blaut. Ganske stor avling, tidleg. Frisk, syrleg smak. |
| Varnes | Gule, søte, ganske små bær. Blir nok først og fremst dyrka fordi han er gul, og i relativt lite omfang. Kan vere noko utsett for frost. |
Oppgåve
Vel rette påstandar og lag eit samandrag om bringebær.