Avlsarbeid på geit

Mål
Avlsmålet for norsk geitehald er å utvikle ei geit som produserer mjølk med god og særeigen geitsmak, godt eigna for produksjon av ulike typar geitost. Geita skal ha god helse, høg fruktbarheit og gode brukseigenskapar og kunne utnytte naturressursene best mogleg.
Avlsarbeidet
Avlsarbeidet er basert på avlsbesetningar som sender dei beste bukkekjea til NSGs seminstasjon. Avlsbesetningane driv òg avkomsgransking av nye bukkar til bruk i naturleg paring eller semin. NSG organiserer geiteavlen, og du må ha avtale med NSG for å bli avlsbesetning. Opptak skjer etter søknad og avgjerd frå Fagråd geit.
Avlsbesetningar
Vi har cirka 40 avlsbesetningar i Noreg. Det er strenge krav til smittevern i desse besetningane, og dei ragar øvst i helse- og avlspyramiden. Det er ikkje lov til å setje inn levande dyr frå andre besetningar, og rekruttering skjer berre ved bruk av semin. Førsteprioritet ved bruk av semin er å skaffe nytt hanndyrmateriale til besetninga. Geitkjea som blir fødde etter semin, blir rekrutteringsdyr. Vidare er det kvart år krav om å ha døtrer etter elitebukk ("semindøtrer") i kvar generasjon når ein skal berekne indeksar.
Hovudoppgåva til avlsbesetningane er å sørge for størst mogleg avlsframgang i populasjonen. Framgangen frå kvar enkelt besetning blir delt med resten av besetningane gjennom å levere dei beste bukkane til seminstasjonen. Denne avlsframgangen kjem dei andre besetningane til gode gjennom bruk av semin.
Kontrollerte besetningar
Dette er besetningar som er med i Geitekontrollen, men som ikkje er avlsbesetning. Desse besetningane kan kjøpe godkjende bukkekje til bruk i avl eller avkomsgranska bukkar frå avlsbesetningane. Dei kan òg bruke semin.
Bruksbesetningar
Dette er besetningar som ikkje er med i Geitekontrollen. Desse kan skaffe seg bukkemateriale frå besetningane over, eventuelt kjøpe semin.
Indeksberekning
Ein indeks er eit tal som uttrykker det genetiske nivået til eit dyr for éin eller fleire eigenskapar. Han blir brukt for å samanlikne dyr og velje ut dei beste for avl.
Det blir berekna indeksar på alle dyr i Geitekontrollen tolv gonger per år. Ein bukk som har fått døtrer i produksjon, kan få offisiell indeks når det finst mjølkekontroll, jurvurdering og utmjølkingsprøver frå minst fem døtrer.
I tillegg blir indeksberekninga basert på
reproduksjon og helse
slektskapsinformasjon
gentesting (dersom tilgjengeleg)
Opplysningane blir henta frå Geitekontrollen, eit nasjonalt system for registrering.
Med gentesting og bruk av genomisk avlsverdi kan denne tidslinja forkortast, fordi ein kan velje bukkar basert på genetisk potensial før resultata frå avkommet er klare.
- Avkomsgranska bukk (elitebukk)
- Bukkar som blir godkjende som elitebukk, skal brukast på elitegeiter for å sikre gode gen hos neste generasjon.
- Seminelite
- Avkomsgranska bukk som er tilgjengeleg for semin, òg til bruk på elitegeiter.
Avlsverdi
Avlsarbeidet på geit fokuserer på ti eigenskapar. I kor stor grad eigenskapane kjem av arv, er vist med arvegrad. Jo lågare verdi, jo mindre er eigenskapen påverka av arv. Ut frå desse ti eigenskapane blir det berekna ein samla avlsverdi. Denne ligg mellom 75 og 150, der alt over 100 blir rekna som bra.
Godkjenning av bukkekje i avl

Alle bukkekje som er moglege kandidatar til å bli sette inn i avl i avlsbesetningane, må gentestast. Dette skjer på same måte som hos storfe og sau, ved at det blir sett inn eit øyremerke der det samtidig blir teke ut ei prøve med øyrevev.
Gentesting
Gentesting er mest brukt i avlsbesetningar sidan dette er subsidiert der, men bruksbesetningar gentestar òg bukkekje. For desse er det ikkje subsidiert analyse. Formålet er å skaffe seg eige bukkemateriale og unngå livdyrkjøp.
Gentesting blir òg brukt til å stadfeste farskap med høg presisjon, noko som er avgjerande for sikker slektsregistrering. Ved å inkludere genetisk informasjon blir kvaliteten og sikkerheita på avlsverdiar betre, noko som gir eit meir påliteleg grunnlag for utval av avlsdyr. Dette gir eit betre grunnlag for avlsplanlegging og bidreg til ein raskare avlsframgang, særleg ved bruk av yngre dyr som kan selekterast tidlegare basert på den genetiske profilen deira.
Jurvurdering

Vi skal utføre jurvurdering på alle geiter i Geitkontrollen kvart år. Alle geiter som mjølkar, skal vurderast tidlegast éin månad etter kjeing. Dette er viktig fordi dårleg jureksteriør blir arva ned til avkommet. Tilrådd jureksteriørverdi for bukkemor er minst 6, der skalaen går frå 1 til 10. Her ser du vurderingskriteria:
jureksteriør
ekstraspenar
lekkasje
utmjølkingseigenskapar
Avlsplanleggingsverktøy
NSG har er eit planleggingsverktøy for å sjå kva kombinasjonar mellom bukk og geit vi må unngå på grunn av nær slektskap. I programmet legg vi inn kva bukkar som skal nyttast kommande paringssesong. Programmet vil då gi ein indikasjon via fargekodar om kva kombinasjonar vi må unngå. Vidare viser programmet med fargekodar (grøn, gul, raud) på indeksar kva avkom som eignar seg til påsett. Dette er berre tilgjengeleg på innlogga sider.
Avl på andre geiterasar
NSG varetek òg interessene til andre geiterasar i Noreg via semin. Dette gjeld rasane boar, mohair, kasjmir og kystgeit. Det finst ein samarbeidsavtale mellom NSG og raselaga, der raselaga sjølve må velje ut aktuelle seminbukkar.
Seminstasjonen til geit ligg på Staur ved Hamar og er samlokalisert med stasjonen til sau.
Inseminering
Du kan inseminere geitene dine sjølv viss du har gjennomført kurs i regi av NSG og blir godkjend av Mattilsynet. Insemineringsteknikken blir kalla "skot i blinde", der sæden blir lagd inn i vaginaen til geita. Tilslag med denne metoden ligg mellom 60 og 70 prosent. Det finst ein eigen seminkatolog som du kan bestille semindosar frå.
Film som viser nokre eigenskapar hos ein boarbukk (lengde 1:44)
Oppgåver
Vel rett svar.
Relatert innhald
Nettside hos nsg.no