Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Geiterasar i Noreg

I Noreg har vi fleire geiterasar med ulike bruksområde – frå mjølkeproduksjon med norsk mjølkegeit og fransk alpine til kjøtt- og ullproduksjon med rasar som bo, mohair og kasjmir. Geitene blir òg brukte til beitepleie, krattrydding og småskala foredling.

Mjølkegeiter

Dette er rasar som er avla fram med mål om å produsere mjølk med gode kvalitetar, og nesten all geitemjølk som blir omsett i Noreg, kjem frå desse rasane.

Norsk mjølkegeit

Dette er den mest utbreidde rasen for mjølkeproduksjon i Noreg, og cirka 34 000 geiter er registrerte i søknader om produksjonstilskot.

Det blir levert omtrent 17 millionar liter geitemjølk per år til Tine-anlegg, mens noko mjølk òg blir brukt til gardsysting og lokal foredling.

Mjølkegeiter kan ha mange ulike fargar, og dei kan òg ha ulikt ragg, både langt og kort er vanleg. I gjennomsnitt veg ei mjølkegeit omtrent 50 kg og produserer 700 liter mjølk per år.

Visste du at ...

Det var fleire lokale geiterasar eller typar før? Som telemarksgeit, dølageit, vestlandsgeit og nordlandsgeit? I dag har alle desse rasane felles gen, og dei er slått saman i éin rase: norsk mjølkegeit.

Fransk alpin

Denne rasen er kryssa inn i norsk mjølkegeit for å forbetre mjølkekvaliteten, spesielt for å redusere innhaldet av frie feittsyrer i mjølka.

Som namnet seier har rasen opphav i Alpane, og det er ein hardfør og tilpassingsdyktig rase. Denne rasen er litt større enn norsk mjølkegeit, og ei vaksen geit veg i overkant av 60 kg.

Kjøtt- og kombinasjonsrasar

Desse rasane bruker vi først og fremst som ammegeiter og landskapspleiarar, sidan dei ikkje produserer så mykje mjølk.

Boargeit

Boargeita har opphavet sitt i Sør-Afrika og er ein utprega kjøttrase. Ei vaksen geit veg i snitt cirka 80 kg, og ein bukk kan vege opptil 130 kg.

Typisk for rasen er dei store og hengande øra, og den raud- til mørkebrune fargen på hovudet og framparten.

Dei er sosiale og hardføre dyr med gode morseigenskapar, og dei eignar seg godt som ammegeiter.

Visste du at ...

Boar kjem frå ordet for "bonde" på nederlandsk? Boar blir òg brukt om ein del av den kvite befolkninga i Sør-Afrika som stammar frå nederlandske tilflyttarar på 1600- og 1700-talet.

Dverggeit

Dverggeitene kjem opphavleg frå Vest-Afrika, og det finst to ulike rasar: nigeriansk dverggeit og afrikansk pygmégeit. Begge rasane er små og finst i fleire fargevariantar.

Her til lands er dette hobby- og kjæledyr, og vi treffer dei gjerne på besøksgardar og i dyreparkar, sidan dei er små og søte og enkle å handtere.

Kystgeit

Den norske kystgeita produserer lite mjølk og blir bruk til kjøttproduksjon og som utegangdyr. Dagens kystgeiter er siste rest av ein spesiell norsk rase som òg har hatt namn som kjøttgeit, villgeit eller utegangargeit, og dei er gode beitedyr.

Dei lever på kysten og er vane til røft klima og bratt terreng, så dei er lett på foten og har sterke bein.

Kystgeita finn vi i Selje kommune i Nordfjord og på øyane Skorpa og Sandsøya sør i Møre og Romsdal.

Kasjmirgeit

Kasjmirgeiter eignar seg godt til landskapspleie. Dei er særleg glad i buskar og kratt, og dei et omtrent alt dei kjem over opp til 1,8 meters høgde.

Dei første dyra vart importerte til Noreg frå New Zealand i 1994 for forsking på spesialisert kjøtt- og ullproduksjon på kasjmirgeiter.

Dei finst i fleire fargevariantar og med og utan horn. Ei vaksen hogeit veg 35–45 kg. Kasjmirgeitene har gode morseigenskapar, kjear lett og har jur som eignar seg til amming.

Kasjmirgeiter ser vi gjerne i arbeid som landskapspleiarar i beitesesongen. Denne driftsforma er det fleire bønder som har begynt med etter at dei digitale gjerda kom.

Mohair-/angorageit

Mohairgeiter stammar frå Tibet og Tyrkia, og hovudproduktet frå mohairgeita er den fine ulla. Dei første dyra kom til Noreg i 1992, og no er det omtrent 60 buskapar som har rasen.

Dei har mange fargekombinasjonar, men den kvite ulla er mest etterspurd. Mohairgeitene blir klipte to gonger i året, og gir 4–6 kg ull per år. Vi får den mjukaste ulla frå dei yngste dyra, og det er vanleg at denne ulla blir blanda med merinoull. Dette gir svært mjuk ull som er populær å strikke med.

Ulla frå eldre dyr er grovare og blir brukt til ytterplagg, sokkar og vottar.

Desse geitene er små og søte, og det er vanleg at kjea går saman med mora.

Visste du at ...

Angorageiter heiter angorageiter fordi Angora er eit eldre namn på Ankara?

I dei nordiske landa kallar vi dei mohairgeiter for å unngå forveksling med angorakanin. Mohair stammar frå det tyrkiske ordet mukhyar og betyr "den beste og mest utsøkte fiber".

Oppgåve

Klarer du å kjenne igjen geiterasane? Flytt bileta til rett rase.

Kjelder

Boere. (2025, 24. februar). I Store norske leksikon. https://snl.no/boere

Breeds of livestock. (u.å.). Alpine goats. Henta 10. april 2025 frå https://breeds.okstate.edu/goats/alpine-goats.html

Breeds of livestock. (u.å.). Nigerian Dwarf Goats. Henta 10. april 2025 frå https://breeds.okstate.edu/goats/nigerian-dwarf-goats.html

Breeds of livestock. (u.å.). Pygmy Goats. Henta 10. april 2025 frå https://breeds.okstate.edu/goats/pygmy-goats.html

Norsk Sau og Geit. (u.å.). Geiterasene i Norge. Henta 7. april 2025 frå https://www.nsg.no/geit/geiteraser/geiteraser-i-norge/

Relatert innhald

Geit

Nettside hos nibio.no

Skrive av Magnhild Nymo og Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 10.04.2025