Fôring og stell av avlsbukken

Fôring og stell
Bukkar kan brukast i avl allereie frå dei er fem månader gamle. Du må sørge for god fôring og godt stell av bukken heilt frå fødselen, for då vil du få ein bukk med god helse som kan leve lenge. Vi må unngå at bukkane blir for feite, sidan det kan påverke paringsviljen negativt.
Fôring
Gi bukken grovfôr av god kvalitet etter appetitt, og gi i tillegg 0,5 FEm kraftfôr per dag. Han skal òg ha fri tilgang på vatn, salt og mineral.
I sommarhalvåret er det gunstig at bukken får vere på beite. Det gir betre kondisjon og er bra for bein og klauver. Blir det lite beitegras, må du gi støttefôring med anna fôr.
Oppstalling
Bukkane må ikkje bli gøymde vekk! La dei få ein plass i fjøset der dei får følge med på det som skjer i omgivnadene. Dagleg kontakt og handtering gir harmoniske dyr som er lette å handtere.

