Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Refleksjonsoppgåver om geiteavl

Kva har du har lært om geiteavl? Her får du refleksjonsspørsmål som hjelper deg å forstå avlsarbeid, gentesting, indeksar og planlegging i norsk geitehald.

Oppgåver

  1. Kva er målet med avlsarbeidet for norsk geitehald?

  2. Kva er ei avlsbesetning, og kor mange slike finst det i Noreg?

  3. Kva siktar ein til med genomisk avlsverdi?

  4. Kva er hovudkravet for at ein bukk skal få ein offisiell indeks?

  5. Forklar kvifor det er viktig å ha døtrer etter elitebukkar i avlsbesetningane.

  6. Beskriv forskjellen på ei avlsbesetning, ei kontrollert besetning og ei bruksbesetning.

  7. Forklar korleis gentesting bidreg til betre avlsverdiar.

  8. Kvifor er jureksteriørvurdering viktig i geiteavlen?

  9. Du ønsker å starte ei ny avlsbesetning. Kva krav må du oppfylle, og kva trinn må du ta?

  10. Tenk deg at du har ei geit med låg jureksteriørverdi. Kva betyr det for framtidig avl, og korleis kan du bruke denne informasjonen i avlsplanlegginga?

Skrive av Magnhild Nymo.
Sist oppdatert 13.05.2025