Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel

Søylebormaskin

Ein søylebormaskin er ein bormaskin der borhovudet – med motor, girkasse og mating – er montert på ei søyle. På den same søyla er det også montert eit oppspenningsbord.

Avstanden mellom borhovudet og oppspenningsbordet kan justerast i både horisontal og vertikal retning.

Skrive av Bjørn Dølving.
Sist oppdatert 10.08.2022