Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Forklaringar

Forklaringsartikkel
Interaktivt innhald

Raspberry Pi 4B

Raspberry Pi er ei minidatamaskin. Denne modellen har både Bluetooth og ekte Gigabit Ethernet. Maskina har ein firekjerna 64-bit-prosessor på 1,5 GHz og eit internminne* på opptil 4 Gb. Ho har to mikro-HDMI-utgangar som kan yte 4K-oppløysing med 60 fps (frames per second) med ein skjerm, eller 30 fps med to skjermar tilkopla.

Raspberry Pi 4B er svært anvendeleg til open programmering og smarthus-kompatible einingar for lys, kontaktar og varmekablar, for å nemne noko.

*Double data rate synchronous dynamic random-access memory (DDR SDRAM)

Skrive av Haldor Hove.
Sist oppdatert 12.04.2022