Forklaringsartikkel
Morsekon (borhylse)

Bilete: Tom Knudsen / CC BY-SA 4.0
Ein morsekon eller ei borhylse er eit festeverktøy som vi bruker for å oppnå riktig storleik til å passe i ei søylebormaskin eller ein dreiebenk. Boret eller automatkjoksen blir då festa i éin eller fleire morsekonar. Her bruker vi ein kile eller utdrivar for å løyse éin eller fleire morsekonar frå kvarandre og frå sjølve maskina.