Reinhald og vask av mjølkeutstyr

Kvifor det er viktig med godt reinhald?
Hygiene og reinhald er veldig viktig når du driv med mjølkeproduksjon. Viss hygienen ikkje er god, blir det dårlegare kvalitet på mjølka du leverer, noko som resulterer i dårlegare betaling for arbeidet du gjer.
Det er òg veldig viktig å ha god hygiene for å hindre smittsame sjukdommar i å spreie seg i fjøset ditt. Friske dyr i eit godt miljø er ein føresetnad for å få gode resultat.
Gongen i arbeidet
Du må følge faste rutinar ved vask og desinfeksjon av mjølkeanlegget. Viss du har automatisk vasking, er det kanskje nok at du passar på å etterfylle vaskemiddel når det trengst, og så går resten av seg sjølv. Men det er framleis mange som har manuell vask av mjølkeanlegget, og då må du vite kva krav som blir stilte til hygiene og reinhald for deg som matprodusent.
Ytre reinhald av mjølkearealet, mjølkeslangar og mjølkeorgan er òg viktig.
Før mjølking
Startskyljing
Startskyljing (eller forskyljing) av mjølkeanlegget er noko du gjer for å skylje ut vaskemiddelrestar frå førre vask av anlegget. Du sender varmt vatn ein runde gjennom heile anlegget og tømmer det ut til slutt. Viss du har eit mjølkeanlegg med manuell styring, må du anten sende ein eller fleire tømmeproppar gjennom anlegget eller bruke vakuumpumpa til slutt for å tømme det for vatn.
Om vinteren kan det ofte vere kaldt i fjøset, og då er det òg godt for dei første geitene at mjølkeorganet er oppvarma før du set det på.
Når du er ferdig med startskyljinga, set du inn mjølkefilter og plasserer mjølkeslangen i tanken før du går inn i fjøset og startar mjølkinga.
Mjølkefilter
Mjølkefilteret fangar opp rusk og lort som kan komme inn i mjølka viss ei geit sparkar av seg organet under mjølking. Filteret fangar òg opp slintrer i mjølka. Slintrer kan vere ein indikasjon på høgt celletal og infeksjon i juret. Viss det er mykje slintrer, bør du vere merksam på forandringar i mjølka når du prøvemjølkar ved neste mjølking.
Dei mjølkefiltera som blir brukte no, er som regel forma som ei strømpe som du trær over ein stålspiral. Spiralen blir så plassert i mjølkerøyret som går frå anlegget til mjølketanken.

Jurklutar

Hygiene er veldig viktig i mjølkingsarbeidet, og du skal helst bruke minst éin rein klut til å vaske og stimulere juret til kvar geit. Jurklutane skal vaskast og desinfiserast mellom kvar mjølking, dette kan du gjere i ei vaskemaskin på 90 gradar.
Film om førebuingar til mjølking (5:28)
Etter mjølking
1. Utvendig vask av mjølkeorgan og slangar
For å sikre at gammal skit ikkje festar seg, er det viktig å skylje av mjølkeorgan og slangar etter mjølkinga. Av og til må du òg bruke ein børste for å løyse skit og lort.
2. Tøm anlegget for mjølk

Før du kan starte opp vaskinga, må du sørge for å få all mjølka frå anlegget over på mjølketanken. På manuelle anlegg er det vanleg å gjere dette ved å sende ein tømmepropp, eller svamp, gjennom mjølkerøyra. På andre anlegg bruker du berre vakuumpumpa til å få ut mjølkerestane.
3. Ta ut mjølkeslangen frå tanken
Når du har fått ut all mjølka frå anlegget, er det på tide å drenere mjølkeslangen ved å løfte han opp slik at mest mogleg av mjølka renn over på tanken. Etterpå tek du ut slangen frå tanken.
4. Ta ut mjølkefilteret
Mjølkefilteret skal takast ut etter kvar mjølking, og du bør sjekke om det er slintrer eller andre uønskte ting som har festa seg på filteret når du tek det ut. Det vil ofte vere slintrer på filteret viss ei eller fleire geiter har høgt celletal eller skadar i juret.
5. Skyljing
Den første delen av vaskinga går ut på å skylje ut mjølkerestar som ligg igjen i mjølkeorgana og på veggane i resten av anlegget.
Du må plassere mjølkeorgana i ein vask eller i eit vaskestativ før du startar. Ved manuell vask må du fylle vaskekaret med lunka vatn, og så blir vatnet soge opp og køyrd ein runde gjennom anlegget. Dette vatnet skal du tømme rett ut igjen etter éin runde. Skyljinga avsluttar du ved å sende ein tømmepropp gjennom anlegget eller køyre ut vatnet med vakuumpumpa.
Det er det same som skjer ved automatisk vasking, men då treng du som regel berre å plassere mjølkeorgana i vaskestativet og trykke på ein knapp. Så sørger automaten for å sende lunkent vatn gjennom anlegget og tømmer det ut etter ein runde.
6. Hovudvask
Når du har fått ut dei siste mjølkerestane, er det på tide å starte hovudvasken. Då skal du bruke så varmt vatn som mogleg, helst opp mot 80 gradar. Ved manuell vasking må du fylle vaskekaret med berre varmt vatn og tilsetje vaskemiddel som er berekna på vask av mjølkeanlegg.
I hovudvasken skal vatnet sirkulere i anlegget så alle røyr og mjølkeorgan blir heilt reine. Som regel bør ein hovudvask vare i 5–7 minutt, men ikkje så lenge at vatnet blir avkjølt for mykje.
Når vasken har gått lenge nok, tømmer du ut vatnet og drenerer mjølkerøyra. Så skal anlegget stå lukka fram til neste mjølking, slik at vaskemidla får halde fram med å verke og du unngår at det kjem fluger eller andre uønskte gjestar inn i systemet.
Vaskemiddel
Syre og kombi er framleis vanlege namn på dei to vaskemidla vi bruker til å vaske mjølkeanlegg og mjølketank med.
Syre er sterkt surt, og kombi er sterkt basisk, og begge midla kan gi etseskadar på huda i ufortynna form. Derfor er det tilrådd å bruke hanskar når vi handterer desse midla.

Når du skal vaske mjølkeanlegg, er det vanleg å bruke dei annankvar gong, til dømes syre om morgonen og kombi om kvelden.
Grunnen til at vi bruker to ulike vaskemiddel, er at vi vil sikre at bakteriar og mikroorganismar ikkje lærer seg å tole vaskemidla. Når vi vekslar mellom eit middel som er sterkt surt, og eit som er sterkt basisk, vil ikkje mikroorganismane klare å lage mutasjonar som er resistente mot det eine eller det andre.
7. Jurklutar og blindspenar
Jurklutane kan du gjerne vaske på høg temperatur i vaskemaskin, det vil seie på minst 60 gradar, og gjerne 90 gradar. Då tek du knekken på dei fleste uønskte mikroorganismane før neste mjølking.
Viss du ikkje har vaskemaskin, kan du bruke same framgangsmåte som ved vask av mjølkeanlegget. Skyl godt med lunka vatn først, og vask dei i varmt vatn tilsett surt eller basisk vaskemiddel.
Ekstrautstyr som blindspenar må du òg vaske og desinfisere kvar gong etter bruk.
Film som viser vask av mjølkeanlegget etter mjølking (7:43)
Oppgåve
Relatert innhald
Nettside hos medlem.tine.no
Gode rutinar er viktig under mjølkingsarbeidet. Du må ha god personleg hygiene og sørge for godt reinhald i fjøs eller mjølkestall.