Mjølking og avtak

Forbehandling

Det blir tilrådd at du bruker våt/varm juravpuss med éin klut per dyr for å unngå smittespreiing. Det kan vere utfordrande å bruke éin klut til kvar geit viss du skal mjølke fleire hundre geiter. Då kan du tillate å vaske fleire geiter med same klut, under føresetnad av at det er ei rein side av kluten til kvar geit.
Avslutt med å kontrollere at mjølka ser fin ut, ved å mjølke ut nokre strålar frå kvar spene i prøvekoppen. Viss mjølka er unormal, med klumpar/slintrer eller blod, må du ta ein schalmtest for å sjekke celletalet før du set på mjølkeorganet. Mjølka frå ei sjuk geit skal ikkje leverast til meieriet!
Påsett av mjølkeorgan

Dei fleste har røyrmjølkingsanlegg der eit røyr fraktar mjølka frå juret til ein mjølketank. For å sikre at mjølka ikkje blir forureina av lukt eller støv, skal ikkje mjølketanken vere plassert inne i fjøset, men stå i eit eige rom. Vask av mjølkeanlegget styrer du òg frå tankrommet.
Ved mjølking er det vanleg å bruke enkeltorgan, og eit mjølkeorgan består av to mjølkekoppar. Dei fleste mjølkeorgana har ein vakuumknapp som du kan bruke for å starte og stoppe vakuumet (sugefunksjonen).
Unngå luftinnslepp når du set på mjølkeorganet. Det er viktig for å utføre ein effektiv arbeidsoperasjon samtidig som du skal unngå forureining av mjølka.

Mjølking og avtak
Kontroller at det kjem mjølk frå begge spenane, og pass på at begge kjertlane blir tømde. Viss ein kjertel heng igjen, kan du massere han for raskare utmjølking. Målsetjinga er at begge kjertlane blir tømde likt.
Når du tek av berre den eine spenekoppen, vil det medføre vakuumsvingingar, og dette er uheldig for jurhelsa. Men viss det er store avvik mellom tømming av kjertlane, må det gjerast. For å unngå vakuumsvingingar er det veldig viktig å stenge for vakuumet før du dreg av spenekoppen!
Det er alltid viktig å stenge vakuumet ved avtak, òg når du skal ta av begge samtidig. Du må aldri dra av koppane under vakuumbelastning fordi det kan skade slimhinnene i spenen og dermed gjere geita meir utsett for jurbetennelse.
Smørjing
Etter avtak kan det vere nødvendig med etterbehandling. Om sommaren kan jur og spenar bli tørre og såre, då er det lurt å smørje med spenefeitt etter mjølking. Bruk gjerne smørjing med solfaktor, så unngår du solforbrenning òg. Hugs at tørre og såre jur er meir utsette for infeksjonar.
Smørjing før du skal mjølke er ikkje tilrådeleg. Det kan medføre dårleg friksjon mellom spene og spenekopp, og det kan føre til luftinnslepp. Spenefeitt kan òg føre til svekking av materialet i spenegummien og kan gi reststoff i mjølka viss du smør juret før du mjølkar.
Film som viser mjølking av geiter (7:13)
Oppgåver
Kvifor skal du ikkje bruke same klut til å vaske juret på fleire geiter?
Kvifor er det viktig å mjølke nokre strålar i ein prøvekopp før du set på mjølkeorganet?
Søk opp ulike mjølkeanlegg for geit på nettet. Kor mange ulike løysingar finn du, og kva forskjellar er det mellom dei? Er det noko som er felles for alle mjølkeanlegg?
Beskriv korleis du vil avslutte mjølkinga av ei geit. Kva er det viktigaste å hugse på når du skal ta av spenekoppane?
Relatert innhald
Reinhald og hygiene er veldig viktig når du driv matproduksjon! Derfor må du vaske og desinfisere mjølkeutstyret etter kvar mjølking.
Kva er ein schalmtest, og korleis skal du gå fram for å ta ein speneprøve? Det får du svar på her.