Juret og nedgiinga

Anatomien til juret
Juret til geita består av to skilde delar, og viss du står bak ei geit, kan du sjå den sterke bindevevsveggen som held juret oppe. Han er synleg som ei innsnevring mellom høgre og venstre del av juret. Viss bindevevsveggen blir øydelagd, vil juret sige ned og spenane sprike. Det er ikkje direkte kontakt mellom kjertlane med mindre det er store skadar på juret.
Den største forskjellen på juret hos ku og geit er lagringa av mjølka. Hos geit blir cirka lagra 75 prosent av mjølka lagra i jursisterna og 25 prosent i alveoleområdet. Hos kyr blir derimot mesteparten av mjølka lagra i alveolane, mens berre cirka 20 prosent blir lagra i jursisterna. Derfor kan geita oppfattast som meir lettmjølka enn kua.
Geit har i tillegg apokrin mjølkesekresjon. Det vil seie at sekretet (mjølka) som blir danna i alveolecellene, "forlet" celleveggen i alveolen i ei blære. Ein annan forskjell på geitemjølk og kumjølk er at geitemjølka har normalt høgare celletal enn kumjølka.
Nedgiing
Nedgiingsprosessen startar når juret blir stimulert. For at geita skal gi ned mjølka, må du sørge for at nedgiingshormonet oksytocin får gjere jobben sin. Dette hormonet blir danna i hypothalamus og blir lagra i hypofysen, og det må fraktast med blodet ned til juret for å verke. Denne prosessen set du i gang ved å vaske og massere spenane.
Nedgiingsmekanismene er identiske hos ku og geit, men nedgiinga går som regel raskare hos geit. Det er fordi signala i kroppen har kortare veg å gå hos ei lita geit enn hos ei stor ku, i tillegg til at det er forskjellar i korleis mjølka blir lagra i juret.
Oppgåver
Vel rett alternativ.
Relatert innhald
Når du har mjølkekyr eller mjølkegeiter, må du ha gode rutinar for mjølkingsarbeidet. Kunnskap om anatomien til juret og nedgiing er viktig i arbeidet.