Paring og inseminasjon

Førebuingar
Paringstida er viktig for alle sauebønder for å sikre framtida i fjøset. Før paringa startar, må du ha valt ut dei søyene du vil avle vidare på. Sauer du ikkje vil ha med vidare i flokken, må sendast til slakt. Det er mest vanleg med naturleg paring i sauehaldet, men nokre bruker òg kunstig semin (inseminering).
Hold og helse
For å få godt resultat av paringa må dyra vere i godt hold og ha god helse. Vêren går ei spesielt travel tid i møte og bør vere i litt betre hold enn søyene ved starten av paringssesongen.
Grunnar for utrangering
Søyer som har hatt jurbetennelse eller har dårlege tenner, bein eller klauver, bør alltid sendast til slakt før paringssesongen startar. Det same gjeld om dei har meir enn to spenar eller eit veldig stort og sidt jur. Når du har utrangert desse søyene, kan resten av avlsdyra veljast etter kva eigenskapar du ønsker å satse på i avlsarbeidet.
Helsesjekk av vêren
Ein aktiv vêr vil tape mykje hold i løpet av paringstida, så det blir tilrådd at vêren har holdpoeng 3,5–4 ved starten av paringssesongen. Vidare er det viktig å sjekke dei fem k‑ane: kropp, kjeft, kjønnsorgan (to like store testiklar), klauver og karantene (smittevern).
Viss vêren har vore sjuk, kan det ta lang tid før sæden blir av god nok kvalitet.
Unngå innavl
Vi ønsker alltid å unngå at det blir innavl i flokken. For å finne ut om søyene dine er i for nær slekt med vêren du tenker å bruke, kan du legge inn informasjon om slektskap og avstamming i Sauekontrollen. Der kan du hente ut informasjon om innavlsverdien mellom individa. Innavlsverdien bør ikkje vere over 4 % mellom søya og vêren.
Naturleg paring
Når paringssesongen startar, er det på tide å sleppe vêren inn til søyene. Det er lurt å sortere søyene etter alder. Då sikrar du at dei eldre søyene ikkje får underkua dei yngre slik at dei ikkje viser brunst. Dei som er i brunst, vil vise interesse for vêren og la seg bedekke.
Kåra vêrlam
I løpet av hausten blir det arrangert kåring av vêrlam i regi av saueavlslaga rundt omkring i landet. Dei kåra vêrlamma er godkjende som avlsdyr, og dei fleste som driv med sau, kjøper seg ein eller fleire kåra vêrar kvart år, avhengig av kor mange søyer det er på bruket. Om du har fleire rasar, må du òg ta omsyn til det.
Springsele
For å ha kontroll med kva søyer som er para, kan du bruke ein springsele på vêren. Det er ein sele med feste for ei fargeblokk mellom frambeina på vêren, og fargen smittar over på ryggen til dei søyene han rir på.

Inseminering
Før du kan begynne å inseminere, må du ta eit eindagskurs i regi av Norsk Sau og Geit (NSG). Om du skal bli godkjend som inseminør for dine eigne søyer, må du sende inn dokumentasjon frå kurset og søke om løyve hos Mattilsynet.
Ved inseminering er du òg avhengig av hjelp frå vêren for å finne ut om søya er klar for paring. Men for å sikre at vêren ikkje parar seg med søya, må han få på eit forkle før du sender han inn i bingen. Når vêren rir opp på ei søye og ho står i ro (ståbrunst), er ho klar til å bli inseminert.
Før du skal inseminere, må du setje fast søya eller få nokon til å halde henne. Hugs at det er viktig å opptre roleg.
Det er ein fordel om vêren er til stades i bingen mens du inseminerer. Då kan vêren ri litt på søya rett etter insemineringa, noko som hjelper til med å drive sæden innover i børen. La vêren gå saman med søya i minst 10–15 minutt etter insemineringa.
Seminvêrar
Dei beste vêrane etter kåringa om hausten blir sende til avlsstasjonen på Staur. Der er jobben deira å produsere sæd, som du kan bestille til bruk på eigne søyer. Utvalet av seminvêrar finn du i seminvêrkatalogen som blir gitt ut kvar haust. Han ligg på nettsidene til Norsk Sau og Geit.
Fordelar og ulemper med inseminering
Når du inseminerer, kan du bruke fleire vêrar enn du kan med naturleg paring. Du kan få raskare avlsmessig framgang i besetninga om du parar dei beste søyene dine med dei beste vêrane i landet.
Ei ulempe med inseminering er at det kan vere vanskeleg å lykkast, og søyene kan komme i ny brunst etter 16–18 dagar. Du må alltid la vêren sjekke om dei kjem i ny brunst, og i så fall la han få gjere jobben likevel.
Film: Inseminering og paring
I filmen under (lengde 12:33) blir vi med ein sauebonde når han skal inseminere ei søye. Filmen består av følgande delar:
Introduksjon (0:00–1:25)
Del 1: Avl, indeksar og brunst (1:26–04:12)
Del 2: Inseminering (04:13–09:45)
Del 3: Naturleg paring (09:46–12:33)
Relatert innhald
Avlsarbeid på sau skal styrke sauehaldet med fokus på økonomi, berekraft og dyrevelferd.
Nettside hos animalia.no


