Brunst og brunstteikn
Brunstsyklus
Dei fleste søyene har berre éin brunstsesong i løpet av året, og dei kjem i brunst når dagane blir kortare om hausten. Det er vanleg at dei har mellom tre og fem brunstar i paringssesongen, og at det går 16–17 dagar mellom brunstane (eggløysingane). Kvar brunst varer i rundt 30 timar hos vaksne søyer og er litt kortare hos dei yngste.
Om du ønsker å setje i gang brunsten i flokken, kan du halde vêren borte frå flokken i tida før paring. Når du då set vêren inn til søyene om hausten, vil dei fleste få eggløysing allereie etter eit par dagar! Men den første brunsten er ofte ein "stille brunst" som ikkje blir oppdaga, og du kan ikkje rekne med at paringa skjer før neste brunst.
Visste du at ...
Nokre søyer kan ha ein kortare syklus etter den første eggløysinga og starte den første "eigentlege" brunsten allereie fem–seks dagar seinare?
Brunstteikn
Vanlege brunstteikn hos søyer er at dei blir rastlause og at kjønnsleppene hovnar litt opp. Hos nokre kan du òg sjå klart slim frå kjønnsopninga. Ei søye som er i brunst, vil vise interesse for vêren når du slepper han inn i bingen, ho vil riste på halen og la seg pare (stårefleks). Viss søya ikkje er interessert i vêren, er ho ikkje i brunst.
Forhold som verkar inn på brunsten
Fôring og hald
Haldet på søyene avheng av mange faktorar, men rett fôring er alltid ein føresetnad for rett hald.
Fôring
Når sauene kjem frå utmarksbeite om hausten, er det vanleg at dei går på innmarksbeite nokre veker. Dei lamma som ikkje blir sende direkte til slakt, fortset å gå saman med flokken. Lamma vil halde fram med å die så lenge dei går saman med mora, og søya treng næringsrikt fôr så lenge ho produserer mjølk.
Ved innsett må du sortere søyene etter alder og hald for å tilpasse fôringa best mogleg.

Haldvurdering
Søyene bør vere i rett hald ved paring, og det beste er at du vurderer haldet på søyene når du venner av lamma om hausten. Då kan du sørge for at dei søyene som er i dårleg hald, får det beste fôret. Animalia tilrår at haldpoeng ved paring er 3–3,5. Du finn lenke til haldvurderingstabellen frå Animalia under "Relatert innhald" nedst på sida.
Sjukdom og stress
Ei søye som har dårleg helse eller er stressa, vil som regel ikkje ha overskot til å vise brunst, og syklusen blir sett på pause.
Sosial status
Påsettlam har ofte låg status i flokken, og derfor er det best om du skil dei frå dei eldre søyene i brunsttida. Om dei går saman med dominante eldre søyer, kan dei yngste og svakaste søyene få problem med å vise brunst.
Lys
Redusert daglengde heng saman med produksjon av hormonet melatonin, som i neste omgang gjer at brunsthormona LH og FSH blir sett i aksjon. Dette er ein av grunnane til at søyene kjem i brunst om hausten når dagane blir kortare.
Kontakt med vêr
For å unngå at enkelte av søyene kjem i brunst for tidleg, er det viktig å skilje søyer og lam når dei kjem heim frå utmarka om hausten. Det er fordi kontakt med pubertale og kåte vêrlam kan utløyse brunst til feil tid.
Men når paringa nærmar seg, bør søyene få kontakt med vêren. Då kan vêren bidra til at brunsten startar, og søyene kjem i gang med syklusen til rett tid.
Oppgåver
Vel rett alternativ.
Relatert innhald
Nettside hos animalia.no