Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Oppstalling av kje

Oppstalling og oppal av kje kan skje på to måtar: naturleg oppal eller kunstig oppal. Viss du har naturleg oppal, går kjea saman med mora. Ved kunstig oppal er kjea skilde frå dei vaksne geitene. Begge metodar har sine fordelar og krev omsorg for å sikre god dyrevelferd.

Naturlig oppal

Ved naturleg oppal er kjea i same binge som mora. Det er viktig å ha eit eige område (gøyme) for kjea med eige grovfôr og kraftfôr, som vaksne geiter ikkje har tilgang til. Kjea bør ha tilgang på både grovfôr og kraftfôr heilt frå første leveveke.

Kunstig oppal

Viss du har kunstig oppal, er kjea skilde frå dei vaksne geitene. Då må du ha eit eigna fôrbrett eller fôrhekk til dei, og dei bør ha kraftfôrtilgang frå ein automat. Det er viktig å bruke kraftfôr som er tilpassa speddyr på mjølkefôring i denne perioden. Kjea må òg ha tilgang på vatn frå nippel eller bøtte heilt frå starten. Du må passe på å skifte grovfôr, kraftfôr og vatn kvar dag.

Bingeløysingar

Når det gjeld bingeløysingar, bør du sørge for å ha eit underlag med gode varmetekniske eigenskapar. Kjea treng eit trekkfritt miljø med optimal ventilasjon og gode lysforhold. Arealbehovet varierer med alderen; i starten bør du berekne 0,2 m2 per kje, men behovet aukar når kjea veks, så du bør ha minst 0,35 m2 per kje tilgjengeleg i oppalsperioden.

Dyrevelferd og miljøberiking

For å sikre best mogleg dyrevelferd bør du setje inn noko som kjea kan leike med og klatre på. Geiter er nysgjerrige og liker å utforske og vere i aktivitet. Nokre gode aktivitetstilbod inkluderer:

  • blad og kvistar

  • kløbørstar

  • tomkasser eller liknande

  • klatrestativ (heimelaga eller pallar)

  • robust emballasje som toler litt røff behandling

Om du har tid og materiale til overs, kan du òg lage eller finne andre leikeobjekt som stimulerer kjea til trygg leik og utforsking.

Film som viser miljøberiking (0:27)

I filmsnutten under er det ei stor blåse som krev gode balanseeigenskapar. Filmen er utan tale og viser eit geitekje som fleire gonger prøver å balansere på blåsa, men overflata er for glatt, og kjeet sklir stadig av.

Video: Ingrid Resell, Artlist.no / CC BY-ND 4.0

Kjelde

Falk, M., Reiersen, A., Wolff, C., Heier, B. T., Paulson, B. & Hofshagen, M. (red). (2024). Dyrehelserapporten 2023 (Veterinærinstituttets rapportserie 22–2024). https://www.animalia.no/contentassets/39b78a91b44549fe90d404ea2d7d22d5/dyrehelserapporten_2023.pdf

Relatert innhald

Geit

Nettside hos agropub.no

Skrive av Magnhild Nymo og Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 12.03.2025