Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Gode rutinar i kjeinga

Geitene må utsetjast for minst mogleg stress i tida rundt kjeing for å sikre at dei held seg friske. I tillegg er det viktig at du har gode rutinar for reinhald og fôring for å gi kjea ein god start.

Førebuingar til kjeing

Med gode rutinar i tida før kjeing vil det bli enklare for deg å handtere alt stresset som fort kan oppstå når kjeinga plutseleg er i gang.

Klipping

For at det skal vere enklare for geitene å halde seg reine, bør du klippe dei før kjeinga startar. Om du ikkje klipper heile dyret, er det spesielt viktig å klippe bakspegel, lår og området rundt jur og buk. Dette handlar om hygiene under fødselen og når dyret kvittar seg med etterburden, og òg i den første tida etter fødselen.

Klipping gir òg betre hygiene under mjølking.

Klauvstell

Gode klauver er viktig for at geitene skal gå og stå normalt og reise og legge seg utan problem. Derfor er det viktig med regelmessig stell av klauvene.

Reine jur og spenar

Noko anna du må passe på, er at jur og spenar er reine. Vått ragg og skitne spenar og jur aukar risikoen for forureining, noko som i neste omgang kan gi infeksjonar hos kjeet.

Derfor bør du alltid tørke av spenane før kjeet får suge. I tillegg kan du spraye på ei jodoppløysning, men den må du hugse å tørke av før kjeet skal suge!

Kontroll av mjølka

Kontroller at mjølka er normal ved å mjølke nokre strålar i ein prøvekopp. Det kan hende at geiter har ein skjult jurbetennelse før kjeing.

For å sikre at kjea syg berre den biologiske mora, bør du plassere geita i ein eigen binge når fødselen startar. På den måten kan du unngå at kjea syg på fleire geiter og bidreg til å spreie jurbetennelse i flokken.

Minst mogleg stress

Kjeing er ein stressande situasjon for geitene, og derfor bør du tenke gjennom kva du kan gjere for å redusere påkjenninga. Her er nokre tips for å redusere stress:

Fôring før kjeing

Rett fôring i drektigheitstida styrker immunforsvaret til geitene. Då blir dei betre rusta til å takle stress og vil òg ha større sjanse til å halde seg friske i tida etter kjeing.

Unggeiter

Unggeiter som skal kjee for første gong, bør du flytte inn til dei eldre geitene i god tid før kjeing. Det gir dei tid til å finne sin plass i flokken og bli kjende med dei nye rutinane. Viss du har mjølkegeiter, treng unggeitene òg tilvenning til handtering i samband med mjølkinga. Her er det viktig at dei får følge og lære av dei eldre geitene.

Fødebingar

Viss du har plass og moglegheit, bør du setje opp fødebingar før kjeinga startar. Ved å bruke flyttbare lettgrinder kan du ganske enkelt lage ei fødeavdeling inne i dei store bingane. Pass på at det er tørt og trekkfritt i fødebingane. Bruk eit underlag det er lett å halde reint eller skifte ut. Halm er eit døme på eit underlag som både isolerer mot trekk og held miljøet tørt.

Hygiene og klima i fjøset

For at geitene skal klare å halde seg friske både før og etter kjeing, må du alltid sørge for godt reinhald og god luftkvalitet i fjøset.

Reinhald og smittevern

Eit tørt og reint miljø er ein føresetnad for at geitene skal halde seg friske, og for å gi kjea ein god start. Sidan faren for infeksjonar er spesielt stor viss du må gi fødselshjelp, må du alltid vere klar over kva som trengst for å unngå overføring av smitte.

Sørg for at besøkande alltid bruker smitteslusa og vaskar hendene før dei kjem inn i fjøset!

Ventilasjon og temperatur

Luftkvalitet og temperatur betyr mykje for stressnivået i flokken, så du bør tenke gjennom korleis du kan lage eit best mogleg inneklima. Sidan kjeinga går føre seg i innefôringsperioden om vinteren og tidleg på våren, er det ofte trongt i fjøset. I tillegg produserer geitene mykje varme på grunn av gjæringsprosessen i formagane, og det kan lett bli for varmt og klamt i fjøset.

Det er best for geitene med temperatur mellom 10 og 18 gradar, men dei toler godt å ha det litt kaldt så lenge ventilasjonen fungerer godt.

Oppgåver

  1. Kvifor er klipping og klauvstell viktig før kjeing?

  2. Kva kan skje viss kjea syg på skitne spenar?

  3. Kvifor er det viktig å flytte unggeitene saman med dei eldre geitene før kjeing?

  4. Diskuter kva tiltak vi kan gjere for å redusere stress rundt kjeing. Har de nokre tankar om korleis dette kan løysast i fjøs de kjenner?

  5. Lag di eiga sjekkliste for kva som må gjerast i fjøset dei siste vekene før kjeinga startar.

Kjelder

Kismul, H. & Aabøe Inglingstad, R. (2021, 27. januar). Stell og omsorg i kjeingstida gir eit godt grunnlag for ein vellukka laktasjon. TINE. https://medlem.tine.no/fag-og-forskning/stell-og-omsorg-i-kjeingstida-gir-eit-godt-grunnlag-for-ein-vellukka-laktasjon

Kvamsås, H. (2017, 24. januar). Kjeing og ny laktasjon. TINE. https://medlem.tine.no/fag-og-forskning/kjeing-og-ny-laktasjon

Relatert innhald

Kjeing

Korleis går kjeing føre seg, og kva må du passe på undervegs?

Fôring av geit

Geiter er drøvtyggarar, og når du fôrer, må du kjenne det individuelle næringsbehovet til dyra, næringsinnhaldet i fôrrasjonen og den nødvendige fôrmengda.

Skrive av Ingrid Ellen Resell og Magnhild Nymo.
Sist oppdatert 02.12.2024