Oppal av livkje

Oppalsmetodar
Oppalsmetodane du kan velje mellom, er
naturleg oppal der kjea diar mora
kunstig oppal med smokkfôring frå automat eller smokkbøtte
Oppalsmetoden påverkar både arbeidsmengde og kostnader. Alt oppal av speddyr krev nøye oppfølging og ekstra arbeidsinnsats i fjøset.
Råmjølk
Råmjølk er livsviktig, og du må passe på at alle kjea får det i seg så snart som mogleg etter fødselen. Råmjølka gir det nyfødde kjeet energi og tilfører immunstoff, og i tillegg gir mjølka varme og løyser opp tarmbek.
Naturleg oppal
I naturleg oppal får kjea bli hos mora gjennom heile oppvekstperioden. Denne metoden er ofte sett på som etisk gunstig, spesielt for dei som driv med ammegeiter. Fordelane inkluderer:
optimal ernæring: Kjea får mjølk som er perfekt tilpassa behova deira.
naturleg tilknyting: Det er naturleg for kjea å vere saman med mora.
Avgrensingar ved naturleg oppal i mjølkeproduksjon
Dersom du driv med mjølkeproduksjon, er ikkje naturleg oppal tilrådd. Årsakene til dette inkluderer:
manglande menneskeprega åtferd: Kjea som veks opp med mora, blir ofte sky og vanskelegare å handtere seinare i livet.
smitterisiko
Det er fare for overføring av CAEV-smitte (Caprine Arthritis Encephalitis Virus). Sjølv om tankmjølka testar negativt, kan enkelte geiter ha antistoff.
Kjea syg ikkje berre på mora, men òg på andre geiter. Dette kan spreie smitte, til dømes bakteriar frå jur med kronisk mastitt.
Kunstig oppal
I kunstig oppal blir kjea tekne frå mora etter 1–2 døgn. Alle bør få gå med mora den første dagen for å få råmjølk. Men jo lenger dei får gå med mor, jo vanskelegare blir det å lære opp kjea til å suge smokk.
Det er naturleg for speddyr å suge i seg mjølka. Dei står då med hovudet strekt oppover, og når sugerefleksen blir aktivert, vil bollerennefunksjonen fungere optimalt.

Koagulering
Om du bruker fersk mjølk, er det viktig at ho er spenevarm når du gir ho til kjea. Mjølka må ha ein viss temperatur for at fordøyinga skal fungere, og viss kjea må bruke av eigen kroppsvarme for å få opp varmen i mjølka, vil det gå lengre tid før dei får tilgang på næringa i mjølka. Dette måler vi i koaguleringstid, altså den tida det tek frå mjølka kjem inn i løypemagen, til fordøyingsprosessen (koaguleringa) startar.
Mjølketemperatur | Koaguleringstid |
|---|---|
41 oC | under 2 minutt |
38–39 oC | 2–3 minutt |
35 oC | 5 minutt |
15 oC | 6 timar |
Smokk
Dei første dagane etter at du har teke kjea frå mora, må du følge nøye med på at dei lærer å suge smokk. Derfor bør det ikkje vere for store grupper, for då mister du lett oversikta over tilvekst og helsetilstand for enkeltindivida. Du kan gjerne opprette ein opplæringsbinge og flytte kjea vidare i større bingar etter kvart som dei lærer å drikke utan hjelp.
Bøttefôring
Bøttefôring blir ikkje tilrådd, for det er ein unaturleg måte å drikke mjølk på. Når kjea drikk frå ei bøtte som står heilt eller delvis på golvnivå, er det større risiko for at mjølka hamnar i vomma. Det kan gi feilgjæring i vomma med mistrivsel, kolikk eller diaré som resultat.
Fôringsopplegg
Naturleg oppal
I naturleg oppal oppsøker kjea mora eller ei anna geit når dei vil drikke, og oppgåva di er å følge med sånn at du klarer å ta vare på dei kjea som av ein eller annan grunn ikkje får i seg nok næring.
Kunstig oppal
I kunstig oppal finst det ulike mjølkefôringsløysingar du kan velje mellom, og det er mest vanleg å bruke anten smokkbøtter eller automat. Det viktigaste du må hugse, er at kjea skal ha fri tilgang på mjølk døgnet rundt, uansett kva system du vel!

Smokkbøtte eller mjølkebar
Her må du passe på at det alltid er mjølk, etterfylle ved behov og sørge for godt reinhald kvar dag for å unngå bakterievekst. Det finst ulike typar av smokkbøtter å velje mellom.
Mjølkefôringsautomat
Automaten blandar mjølkepulver og varmt vatn, og kjea får varm mjølk, som er gunstig med tanke på fôropptak. Med ein riktig innstilt automat treng du berre å etterfylle mjølkepulver og sørge for godt reinhald av miksekopp, slangar og smokkar.

Tildelingsrutinar ved kunstig oppal
Kjea skal ha fri tilgang på mjølk gjennom heile oppalet fram til avvenninga startar. Berekn 3 liter per dyr per dag.
Fersk eller syrna mjølk?
Mjølka kan fôrast som ferskmjølk eller som syrna mjølk. Ferskmjølk kan anten vere overskot av råmjølk eller erstatningsmjølk. Alle desse kan syrnast, anten bakteriologisk eller kjemisk. Syrna mjølk passar betre til speddyr, reint fysiologisk. Ho er lettare å fordøye fordi ho på ein måte er "litt halvfordøydd", og det passar betre til miljøet mjølka møter i løypemagen.
Samlemjølk frå råmjølkperioden bør berre bli gitt til slaktekje. Dette for å unngå CAEV-smitte til livkje.
Mjølkepulver kan vere tilsett sitronsyre for å gjere mjølka meir lagringsstabil etter utblanding. Ved bruk av mjølkepulver må du passe på at du bruker rett blandingsforhold.
Film om kunstig oppal (3:43)
Avvenning
Kjea må ha mjølk minst fram til seks vekers alder, i tillegg til grovfôr og kraftfôr. Dette for at formagane skal rekke å utvikle seg nok til at dei kan nyttiggjere seg anna føde.
Det er vanleg å avvenne kje når dei er rundt sju veker gamle, men det er vekta og ikkje alderen som avgjer når dei er klare til å starte avvenninga. Derfor bør du dele inn kjea i puljar etter vekt når du skal starte avvenninga.
Kjea skal vege minimum 7 kg ved avvenningsstart, og dei skal ete 200–300 g kraftfôr per dag. Helst bør vekta vere mellom 10,5 og 11,5 kg.
Gradvis nedtrapping
Vi tilrår ei gradvis nedtrapping over 8–10 dagar fordi det er mest skånsamt for kjea. Når du avvenner over fleire dagar, vil kjea gradvis ta opp meir kraftfôr og grovfôr, noko som òg er bra for utviklinga i formagane.
Viss du har mjølkeautomat og fri tilgang på mjølk, må du bruke smokkbøtter i avvenningsperioden for å ha kontroll på kor mykje kvart kje drikk. Det er viktig at du har ein smokk for kvart kje.
Hugs òg at det er veldig viktig at kjea har god tilgang på vatn i avvenningsperioden.
Dag i avvenninga | Liter mjølk per kje per dag |
|---|---|
| Før avvenning startar | 3 |
| 1–3 | 1,5 |
| 4–6 | 1,0 |
| 7–9 | 0,5 |
Førebygg sjukdommar
Nok råmjølk, godt miljø, optimal fôring og tilstrekkeleg plass er viktige faktorar for å gi kjea ein god start i livet. Det vil òg vere nødvendig med førebyggande behandlingar mot enkelte parasittar og sjukdommar.
Parasittar
Det kan hjelpe å klippe dyra etter innsett om hausten for å bli kvitt utvendige parasittar som lus og skabb.
Det finst òg preparat du kan bruke mot både utvendige og innvendige parasittar, men hugs at då vil det vere sperrefrist for levering av slakt og mjølk for dyr som har fått behandling.
Vaksinasjon
Det er vanleg å vaksinere kjea mot pulpanyresjuke og pasteurellose. Vaksinen består av grunnimmunisering med to injeksjonar før kjea er seks månader gamle, pluss ein injeksjon to til fire veker før kjeing. Seinare blir det tilrådd å revaksinere geitene ein gong i året, før kjeing.
Beiteperioden og tida fram til kjeing
Alder på kjea i beiteperioden kan variere ut frå kva driftsopplegg du har. Haustfødde kje vil vere om lag sju månader gamle ved beiteslepp året etter. Du kan la kjea gå på eige beite, men det er ein fordel at dei følger dei vaksne for å lære seg beiteåtferd og trekkruter i utmarka.
Kje som er fødde mellom januar og april, bør få kraftfôr gjennom heile beitesesongen. Når dei er så unge, klarer dei ikkje å ta opp nok næring frå beitegraset, og du bør derfor ha tilleggsfôring med kraftfôr. Bruk ein kraftfôrtype som er berekna på intensiv kjøttproduksjon. Kjea bør ha ein vektauke på 2,5–3 kg per månad i beitesesongen.
Viss nokon av kjea ikkje har oppnådd ønskt levandevekt ved innsett, må du sortere dei etter storleik så du kan gi dei minste tilleggsfôring.
Påsettkje bør vege over 40 kg ved paring.
Tilrådd vektutvikling og fôrplanar for kje
For å ha kontroll på tilveksten er det viktig å vege kjea omtrent ein gong i månaden. Viss du har veldig mange kje, kan du plukke ut ei gruppe av kje med litt ulike storleikar som du kan vege for å få oversikt over tilveksten i flokken.
Tabellen under viser tilrådd vektutvikling for kje som skal vege 45–50 kg ved første kjeing (tolv månaders alder).
Alder i månader | Ønskt levandevekt (kg) |
|---|---|
| 2 | 12–14 |
| 4 | 22–24 |
| 6 | 28–31 |
| 8 | 35–38 |
| 10 | over 43 |
Oppgåver
Forklar kvifor råmjølk er livsviktig for nyfødde kje.
Beskriv forskjellen på naturleg oppal og kunstig oppal, og diskuter fordelar og ulemper med kvar metode.
Kvifor er det viktig at bollerennefunksjonen blir aktivert hos kje? Forklar korleis det påverkar fordøyinga.
Korleis ville du gått fram for å venne kje til smokk? Lag ein plan for tilvenning, og forklar korleis du kan kontrollere at kjea får nok mjølk.
Undersøk kva CAEV er, og analyser korleis denne sjukdommen kan påverke geitehaldet.
Berekn kor mykje mjølk eit kje treng i løpet av mjølkefôringsperioden ved hjelp av fôrplanane over. Diskuter korleis dette kan tilpassast for ulike produksjonsforhold.
Finn ut kva blandingsforhold erstatningsmjølk til kje skal ha. Er det aktuelt å tilsetje meir vatn mot slutten av mjølkefôringsperioden? Grunngi svaret.
Relatert innhald
Kalvar, lam og kje er drøvtyggarar, men dei første vekene etter fødselen er fordøyingssystemet deira meir likt fordøyingssystemet hos einmaga dyr.