Kjeing

Oppstalling under kjeing
Forskrift om velferd for småfe seier at geiter som føder i bingar med fleire dyr, skal få godt høve til å søke isolasjon. Du må sørge for godt reinhald og at det er tørt underlag i bingane, for å redusere faren for smitte. Det er ein fordel viss du har høve til å setje geitene i eigne fødebingar, sidan dei helst vil trekke seg litt bort frå flokken når dei skal føde.
Det er best om geitene får kjee på underlag av tørr halm, som du skiftar ut når han er fuktig. Eit vått, nyfødd kje taper mykje kroppsvarme på eit kaldt underlag før det får i seg råmjølk og rekk å tørke.

Faser i kjeinga
Dei ulike fasane i kjeinga kallar vi oppblokkingsfasen, utdrivingsfasen og etterburdsfasen.
Oppblokkingsfasen
Den første fasen i fødselen blir kalla oppblokkingsfasen eller opningsfasen. Geita blir uroleg og vil helst trekke seg unna resten av flokken i denne fasen. Som namnet seier skal fødselsvegen opne seg no. Geita er ofte uroleg, skrapar i golvet og prøver å finne ei god stilling.
Unngå å punktere dei væskefylte fosterblærene inne i dyret sidan dei skal opne fødselsvegane. Men det hender at dei sprekk av seg sjølve inne i dyret.
Utdrivingsfasen
I utdrivingsfasen vil geita som regel ligge på sida mens dei sterke pressveane jobbar for å presse kjeet ut. Det er vanleg at geita vekslar mellom å stå og ligge i denne fasen òg, og ho kan stønne og jamre seg litt.
Fosterblærer
Kjea ligg inne i to fosterblærer, og den ytre fosterblæra er det første du ser i ei normal kjeing. Denne blæra blir òg kalla vasskalven. Væska frå denne blæra skal reinse fødselsvegane. Så kjem den indre fosterblæra, med ei slimaktig væske som skal smørje fødselsvegane slik at kjeet glir lettare ut.
Etterburdsfasen
I etterburdsfasen pressar geita ut morkaka og resten av fosterhinnene, dette kallar vi etterburden. Som regel kjem han ganske raskt etter at det siste kjeet er fødd, men det kan ta to til tre timar. Det er viktig at du fjernar både fosterhinner og resten av etterburden med ein gong etter fødselen. Viss dette blir liggande i bingen etter kjeinga, utgjer det ein stor smittefare fordi bakteriar vil få gode vekstforhold.
Tilbakehalden etterburd
Viss det går meir enn seks timar etter fødselen utan at etterburden har komme, snakkar vi om tilbakehalden etterburd. Det kan vere ulike grunnar til at dette skjer, men risikoen aukar viss geita er sjuk eller har fått fødselshjelp.
Som regel vil han losne i løpet av nokre dagar utan behandling, men viss geita ser sjuk ut og har feber, må du kontakte dyrlegen. Då har det sannsynlegvis oppstått ein infeksjon som krev behandling med antibiotikum.
Film som viser kjeing (4:21)
Fødselshjelp
Geitene klarer som regel kjeinga på eiga hand, men det er viktig at du har god oversikt sånn at du kan gripe inn og hjelpe til når det trengst. Feilstillingar hos kjea er den vanlegaste årsaka til at det er behov for fødselshjelp.
Halebeinbrot
Noko anna som ein ofte kan finne hos geit, er gamle halebeinbrot som resultat av fall eller slåsting. Då "sig" brotstaden ned i fødselsvegane, og det kan vere komplisert å få ut fosteret på normalt vis.
Viss du gir fødselshjelp til ei geit med halebeinbrot, kan du kjenne at fødselsvegen er delvis blokkerte. Då er det viktig å tilkalle dyrlegen sidan keisarsnitt kan vere nødvendig. I verste fall må geita avlivast av omsyn til dyrevelferda.
Hygiene er viktig
Følg desse reglane for å unngå å overføre bakteriar frå fjøsmiljøet til geita når du skal gi fødselshjelp:
Vask hendene godt.
Bruk lange plasthanskar.
Bruk nok glidemiddel.
Ver forsiktig så du ikkje skader geita!
Hugs at ein vanskeleg, uhygienisk eller tøff fødsel er ei påkjenning for geita. Derfor er det større fare for tilbakehalden etterburd og betennelsar i juret og børen viss du må gi fødselshjelp.
Oppgåver
Relatert innhald
Det er ikkje uvanleg at lamma ligg feil i fødselskanalen, så under lamming må du alltid vere til stades så du kan hjelpe til viss søya treng hjelp.