Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Kjøttferasar

Kjøttferasar er storferasar som blir brukte i kjøttproduksjon. Her får du ei oversikt over nokre utvalde kjøttferasar og dei viktigaste eigenskapane dei er kjende for. Den driftsforma du vel, bør tilpassast rase, beiteforhold og fôrgrunnlaget på bruket ditt.

Rasar med nasjonalt avlsarbeid

Det er TYR som har det overordna ansvaret for avlsarbeidet med kjøttfe i Noreg. Dei driv det nasjonale avlsarbeidet på desse kjøttferasane:

  • charolais

  • limousin

  • hereford

  • aberdeen angus

  • simmental

Andre rasar

I tillegg til rasane som er nemnde over, finst det òg mange andre kjøttferasar her til lands. Nokre av dei har eigne raselag utan at det blir drive avlsarbeid på nasjonalt plan.

Ekstensiv eller intensiv drift?

Det er viktig at du vel ein rase som passar til drifta på garden din. Nokre rasar krev forholdsvis sterk fôring og veks raskt (intensiv drift), mens andre klarer seg betre med svakare fôring og treng dermed lengre framfôringstid før dei blir slaktemodne (ekstensiv drift).

Intensiv drift

Dei store og tunge rasane eignar seg best til intensiv drift. Dei har god tilvekst og gir høge slaktevekter. For å få godt resultat i intensiv drift må du ha godt og næringsrikt grovfôr. Desse dyra treng òg kraftfôr for å utnytte vekstpotensialet best mogleg.

Her er nokre av rasane som eignar seg godt til intensiv drift:

  • charolais

  • blonde d'aquitaine

  • simmental

  • limousin

Ekstensiv drift

Her er det dei litt mindre og lettare rasane som eignar seg best. Dette er dyr som kan hente mykje av fôret sitt på beite og likevel ha relativt god tilvekst. Sidan fleire av desse rasane er lette i kroppen, kan dei òg utnytte beite i ulendt terreng.

Utedrift

Nokre av rasane eignar seg òg godt i utedrift, men då må du alltid sørge for at dei har frostfritt vatn og nok fôr gjennom vintersesongen. Dei skal òg ha tilgang til eit skjul med tre tette vegger og tak så dei kan søke ly når dei treng det.

Her er nokre av rasane som eignar seg i ekstensiv drift:

  • aberdeen angus

  • skotsk høglandsfe

  • hereford

  • belted galloway

  • tyrolsk gråfe

Oppgåver


Kjelder

Tyr. (2026). Avlsarbeid. Henta 19. mars 2026 frå https://www.tyr.no/storfekjottproduksjon/avlsarbeid/

Tyr. (2026). Oppstart. Henta 19. mars 2026 frå https://www.tyr.no/storfekjottproduksjon/oppstart/


Relatert innhald

Fôring av oksar

Lær korleis du kan velje rett fôring og driftsopplegg for oppdrett av oksar, frå kalv til slakt, for å sikre god vekst, dyrevelferd og lønnsemd.

Oppstalling og stell av ungdyr

Godt stell av ungdyr krev rett oppstalling, miljø, tilsyn og hygiene. Les om krav til plass, klima, klauvstell og korleis du held dyra reine.

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 26.05.2026