Avl på storfe

Norsk storfeavl – bakgrunn og organisering
Norsk storfeavl har vore prega av tidleg bruk av genetikk, statistikk og systematiske registreringar. Allereie i åra rett før andre verdskrigen blei det etablert eit felles landsdekkande avlsarbeid for mjølkekyr. Norsk avlsforeining for raudt og kvitt fe (NRF), i dag kjend som Geno, fekk ansvaret for dette arbeidet.
Eit grunnleggande prinsipp i norsk storfeavl har vore at lønnsam drift for bonden skal prioriterast. Dette har påverka både kva eigenskapar det blir avla på, og korleis avlsarbeidet er organisert.
Avlsmål i norsk storfeavl
I starten var hovudmålet auka mjølkeyting og betre fôrutnytting. Etter kvart blei òg kjøttproduksjon teken inn som eit viktig avlsmål, og NRF blir derfor i dag rekna som ein kombinasjonsrase.
Avlsmåla har blitt justerte over tid. I dag blir det lagt stor vekt på
fruktbarheit
jurhelse og sjukdomsresistens
lynne og brukseigenskapar
haldbarheit og dyrevelferd
Dette betyr at avlen ikkje berre handlar om høg produksjon, men òg om at kyr skal fungere godt i moderne drift over lang tid.
Registrering og datagrunnlag
Eit effektivt avlsarbeid føreset gode data. Derfor blei det tidleg etablert system for å registrere yting, helse og reproduksjon i norske besetningar. Eit døme på dette er Kukontrollen som starta opp allereie i 1898. Han er vidareutvikla gjennom åra og inngår i dag i nyare digitale system for husdyrkontroll, som Eana 360.
Opplysningar frå tusenvis av kyr blir brukte til å berekne avlsverdiar. Desse dannar grunnlag for oksekatalogar og for dei avlsvala vi gjer i praktisk husdyrhald.
Kunstig inseminering
Eit anna avgjerande verktøy i avlsarbeidet er kunstig inseminering. Då metodar for nedfrysing og lagring av sæd blei utvikla, blei det mogleg å spreie gen frå eit fåtal toppoksar til besetningar over heile landet.
I dag er kunstig inseminering den dominerande reproduksjonsmetoden i norsk storfehald. Det er uvanleg å halde eigen okse i mjølkebesetningar, men i mange kjøttfebesetningar har dei framleis ein eigen gardsokse.
Embryosatsing
Produksjon av embryo er òg eit viktig avlstiltak i storfeavlen, og Geno kjøper kvart år inn dei beste kvigekalvane for at dei skal produsere mange embryo. Geno bruker dei befrukta egga frå desse kvigene i avlsarbeidet for å sikre raskare framgang i avlsarbeidet.
Målet med embryoproduksjonen er å krysse dei kvigene som har best avlsverdi, med dei beste oksane for å auke avlsframgangen.
Visste du at ...
I dag er mange norske kyr "surrogatmødrer" og ber fram kalvar som er resultat av embryosatsinga til Geno.
NRF – ein kombinasjonsrase med helseprofil
NRF er avla fram med ein brei eigenskapsprofil. Kombinasjonen av mjølk, kjøtt og god helse gjer rasen konkurransedyktig både nasjonalt og internasjonalt.
I mange andre land har avlen vore meir einsidig retta mot mjølkeyting. Dette har ført til større helseutfordringar enn det som er vanleg i norske besetningar.
Gamle storferasar og genetisk mangfald
I det landsdekkande avlsarbeidet blei avl på lokale, stadeigne rasar etter kvart avslutta, og i dag er mange av dei gamle storferasane utryddingstrua. Vi kallar dei bevaringsverdige rasar fordi det er viktig å bevare det genetiske mangfaldet i storfepopulasjonen. Fleire av desse særprega rasane blir haldne i live takk vere entusiastar, bevaringsprogram og støtteordningar.
Eksport og internasjonal betydning
Vektlegginga frå Geno på helse, fruktbarheit og kombinasjonseigenskapar har gjort NRF attraktiv internasjonalt. Norsk storfesæd blir i dag eksportert til fleire land.
På den globale marknaden konkurrerer NRF særleg med spesialiserte mjølkerasar som Holstein, men skil seg ut ved betre helse og brukseigenskapar.
Avl på kjøttfe
Det er mange likskapstrekk mellom avl på kjøttfe og avlsarbeidet med NRF, men der blir det ikkje lagt så mykje vekt på mjølkeproduksjon. I kjøttfeavlen er det viktigare at kyrne har gode morseigenskapar og nok mjølk til ein kalv eller to. I tillegg blir det lagt stor vekt på eksteriør, fôrutnytting og tilvekst.
Det er TYR (kjøttfeavlslaget) som har det overordna ansvaret for avlsarbeid med kjøttfe i Noreg. Dette kan du lese meir om i artikkelen "Kjøttferasar".
Oppgåver
Bli kjend med oksekatalogen
I oksekatalogen finst beskrivingar av oksar det kan bestillast sæd frå. Katalogen finst både som trykksak og på nettsida til Geno.
Skroll gjennom katalogen utan å lese alt i detalj. Svar kort:
Kva er hovudformålet med oksekatalogen?
Kven trur du bruker denne katalogen i praksis?
Finn og skriv ned:
Kor mange ulike rasar finn du? Kva bruksområde ser du for deg at dei ulike oksane (rasane?) har?
Kvar finn du forklaring på indeksar og symbol?
Kvar finn du oversikt over enkeltoksar?
Samanlikn to oksar
Vel to ulike oksar i katalogen og fyll inn i tabellen under:
Eigenskap | okse A | okse B |
|---|---|---|
| totalindeks | ||
| mjølk | ||
| fruktbarheit | ||
| jur | ||
| haldbarheit |
Kva styrkar og svakheiter har desse oksane?
Kva for ein av dei ville du valt dersom hovudmålet var
høg mjølkeproduksjon
god dyrehelse
robuste og haldbare kyr
Grunngi svara dine.
Relatert innhald
Nettside hos geno.no
Nettside hos tyr.no




