Motorisk utvikling hos barn 6 til 18 år - Pedagogisk arbeid (HS-BUA vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Motorisk utvikling hos barn 6 til 18 år

Når barna byrjar på skulen, har dei god kroppsmeistring og kan delta i ulike aktivitetar og øvingar. Utvikling av motoriske ferdigheiter heng saman med moglegheitene barn og unge har til å vere aktive i leik og aktivitet.

Barneskule/SFO

Barn i alderen 6 til 9 år er i stor biologisk utvikling, både kroppsleg, motorisk og nevrologisk. I denne alderen har barna god kroppsmeistring og meistrar dei grunnleggande rørslene i samspel med andre. Dei utforskar bruk av grunnmotoriske ferdigheiter i ulike miljø, ute og inne og til alle årstider. Dette gjer at barna aukar kroppsmeinstringa si og kan delta i ulike aktivitetar og øvingar. I denne alderen har dei målbare ferdigheiter i styrke, snøggleik, balanse, rørsle og koordinasjon.

I alderen 10 til 12 år er dei fleste inne i ein roleg vekstperiode, noko som gjer at barn i denne perioden har gode moglegheiter til å få kontroll over kroppen og lære rørsler. Dei fleste har tileigna seg dei grunnleggande motoriske ferdigheitene og meistrar normalt dei grunnleggande rørslene som løp, hopp, kast og klatring. Dette er basisrørsler som etter kvart kan utvikle seg til teknikkar og ferdigheiter i ulike idrettar og aktivitetar.

Barn i småskulealderen treng varierte, allsidige og utfordrande aktivitetar som gir dei moglegheiter til å vere fysisk aktive. I denne alderen forventar vi at barna meistrar finmotoriske rørsler som det å kle på seg. Det vil vere barn som startar på skulen som treng hjelp til og å øve seg på finmotoriske rørsler som å kneppe knappar, knyte skolisser, teikne innanfor strekar eller klippe etter ei linje. Etter kvart vil disse ferdigheitene bli automatiserte. Ein seksåring vil kanskje skrive namnet sitt med store og ujamne bokstavar, mens ein tiåring skriv med lita skrift og på linje.

Ungdom

I alderen 13 til 16 år skjer det raske endringar i vekst når det gjeld lengde og kroppsstorleik. Her er det òg sjølvsagt individuelle skilnader. Dei raske endringane kan føre til at dei unge får dårlegare kontroll over kroppen sin. Dei blir meir klossete i måten dei går på, og rørslene kan bli meir ukontrollerte. I denne aldersgruppa kan krevjande teknikk- og koordinasjonstrening vere utfordrande, mens det å trene styrke og uthald er meir føremålstenleg.

Kjønnsskilnader aukar i denne alderen, og det er store variasjonar i den motoriske utviklinga både med omsyn til kroppsstorleik innanfor aldersgruppa og mellom kjønn. Å vere i aktivitet er svært viktig for å skape gode vaner for å førebygge livsstilssjukdommar i vaksen alder. Aktivitet bidreg òg til betre helse her og no og auka velvære, og det kan gi dei unge ei positive oppleving av seg sjølv.

I alderen 16 til 18 år er kroppen etter kvart tilnærma ferdig utvikla når det gjeld muskelmasse, lengdevekst og fysiologiske eigenskapar som styrke, uthald, rørsle, spenst og koordinasjon. Dette er likevel avhengig av dei tidlegare erfaringane til kvar enkelt.

Utfordringar til deg

  1. Er det nokre fysiske aktivitetar som du hugsar frå tida di i barneskulen, som du ønsker å lære bort til barn på skule og SFO?
  2. Korleis kan du oppmuntre ungdom til å vere fysisk aktive?
  3. Kva har fysisk aktivitet å seie for helsa di no og seinare i livet?
Kjelder

Fjørtoft, I., Kjønniksen, L. & Støa, E. M. (2018). Barn – unge og fysisk aktivitet. Operasjonalisering av anbefalingene om fysisk aktivitet og stillesitting for barn og unge i alderen 0–18 år. https://openarchive.usn.no/usn-xmlui/bitstream/handle/11250/2578038/2018_12_fjortoft.PDF

Mjaavatn, P. E. & Fjørtoft, I. (2008). Barn og fysisk aktivitet – med hovedvekt på aldersgruppa 0–16 år. Informasjon og veiledning til foreldre og andre voksne. https://bibliotek.bufdir.no/buf/101/barn_og_fysisk_aktivitet.PDF

Moser, T. & Storli, R. (2014). Fysisk og motorisk utvikling. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.), Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 100–126). Fagbokforlaget.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 26.01.2021