Hopp til innhald
Fagartikkel

Stimulere motorisk utvikling hos barn 1 til 6 år

Å lære motoriske ferdigheiter tek ganske lang tid og krev mykje trening og mange repetisjonar. Tid og rom til allsidige og varierte rørslemoglegheiter har betyding for utviklinga av motorisk kompetanse.

Leggje miljøet til rette

Leik og fysisk aktivitet er den viktigaste moglegheita barnet har for utvikling og trening. Vi må leggje til rette for allsidig rørsleleik både ute og inne i barnehage, skule/SFO og i fritida. Aktivitetane bør vere tilpassa utviklingsnivået til barna, vere lystprega og leggje grunnlag for livslang rørsleglede. Deltaking i ulike typar aktivitet saman med jamaldringar gir barna ei kjensle av meistring og tilhøyrsel og har positiv innverknad på sjølvkjensla deira.

Generelt, i alle aldersgrupper, må miljøet vere tilrettelagt for variert bruk av rørsler for å stimulere motorisk utvikling. Vi må leggje oppgåvene eller aktivitetane til rette for at barnet får nok utfordringar, samtidig som det opplever meistring. Allsidige og varierte rørsleerfaringar gir naturleg styrke, rørsle og uthald, noko som legg grunnlag for å meistre aktivitetar i ulike miljø.

Leggje til rette for allsidig rørsler

Det fysiske miljøet må vere både trygt og utfordrande. Vi må leggje til rette for allsidige rørsleerfaringar, både inne og ute. Leiker og materiell må vere tilgjengelege for barna. Vi vaksne må vere aktive og oppmuntrande deltakarar i leik og aktivitetar både inne og ute. Vi bør stimulere til ulike oppgåver og inspirere til individuelle, utforskande og utfordrande rørsleløysingar. I nokre tilfelle kan det vere nyttig å vise, rettleie og instruere, andre gonger treng kanskje barn motivasjon og oppmuntring til å halde fram i eller vidareutvikle leiken eller aktiviteten, eller utfordre seg sjølv med tanke på nye oppgåver.

Leik og uorganiserte aktivitetar

I leik kan barn vere fysisk aktive. Barn treng motoriske ferdigheiter for å delta i leik, og samtidig gir deltaking i leik svært gode moglegheiter for at barna utviklar dei motoriske ferdigheitene sine vidare.

Barn og unge bør derfor ha nok tid til spontan og uorganisert fysisk aktivitet. Dette er leik og aktivitetar som er frie og ustrukturerte, der barn og unge sjølve kan styre og bestemme, åleine eller saman med andre barn eller vaksne. Her får dei moglegheit til å løyse utfordringar på nivået sitt og bli medvitne kva aktivitetar dei liker. Fri og ustrukturert leik og aktivitet kan påverke dei fysiske, emosjonelle og psyko-sosiale ferdigheitene til barn.

Oppgåva til barne- og ungdomsarbeidaren er derfor å leggje til rette for leik og aktivitetar med oppgåver, materiell og ulike miljø slik at barna får føremålstenlege og meiningsfulle handlingsmoglegheiter.

Frå 1 til 3 år

I denne alderen skal barna lære å meistre kroppen gjennom daglege aktivitetar i ulike ytre fysisk miljø og sosiale situasjonar.

I eittårsalderen er det store variasjonar i den fysiske og motoriske utviklinga. Omtrent halvparten av barna som byrjar i barnehagen, kan stå utan hjelp, færre enn halvparten går utan hjelp. Det er òg ein mindre del av barna som framleis ikkje meistrar det å krabbe eller gå med hjelp. Leike- og læringsmiljøet må derfor vere tilpassa dei store variasjonane i det grovmotoriske utviklingsområdet.

I denne alderen bør barna få øve opp dei grunnleggjande rørslene: krype, krabbe, klatre, gå, springe, hoppe og liknande. Barnet bør få utforske omgivnadene gjennom aktive rørsle og i daglege gjeremål inne og ute.

For å leggje til rette for best mogleg fysisk og motorisk utvikling for barn i denne alderen er det naudsynt å skape eit miljø der det er attraktivt og enkelt å flytte seg. Leikemateriell må vere tilgjengeleg i ulik høgde. Barna må ha moglegheit til å reise seg opp utan hjelp, ved benker og låge skap med faste hyller, slik at dei kan støtte seg på noko. Teppe og matter som underlag kan gjere at det kan bli artig og lite farleg å falle. Vi må innreie soner der det er attraktivt å kome saman med andre barn for å vere saman.

Stimulere utvikling

Vi lèt barnet få røre seg på ulike måtar for å stimulere til utvikling:

  • krype/krabbe/gå/springe på ulike underlag både inne og ute. I trapper: framlengs opp og baklengs ned
  • klatre på ulike gjenstandar ute og inne, opp på stol og bord, på stellebordet
  • hoppe horisontalt, krype opp på ulike gjenstandar og hoppe ned. Klatre opp, hoppe ned
  • gripe med begge hender, høgre og venstre
  • rulle frå side til side, frå rygg til mage, som ein tømmerstokk
  • bruke naturen og utforske terrenget og underlaget ved ulike årstider (snø, is, mose, røter, gras, asfalt, sand og liknande)
  • prøve å kaste og ta imot gjenstandar

Frå 3 til 5 år

I denne aldersgruppa spesialiserer barna dei grunnleggjande rørslene. Det er derfor viktig å stimulere vidareutvikling av dei grunnleggjande rørslene (klatre, gå, springe, hoppe, kaste, fange og så vidare) i eit variert utval av aktivitetar fram mot skulealder. Barna treng utfordringar gjennom variasjon i rørsle og rørslemiljø. Aktivitetane bør vere allsidige og lystprega, fremje trivsel, meistring og glede. Dei må vere tilpassa aldersgruppa og behovet til individet.

For å stimulere til rørsleglede:

  • La barna få erfare ulike rørslemiljø. Gi dei moglegheit til å røre seg, gå, springe, hoppe, hinke i variert og i ulendt terreng.
  • Bruk ulikt materiell til å kaste og fange.
  • Stimuler til allsidige, varierte og kreative rørsler.
  • Utvid repertoaret til barnet av kroppslege opplevingar.
  • Tilpass rørsleutfordringane til ferdigheitsnivået til barnet.
  • La målet vere rørsla i seg sjølv.
  • Del rørsler i eit sosialt fellesskap.
  • La barna oppleve fridom og autonomi i fysisk aktiv leik.
  • Tilby variert materiell som innbyr til ulike rørsler: ski, sykkel, skøyter, tjukke madrassar, klatrevegg, leikeapparat, tau, klossar i ulik form og storleik.
  • Bruk naturen: opne område inviterer til springing og høg fart. Klatre i tre, på steinar og bergknausar. Krype og balansere på trestammar og steinar. Kaste og fange ulikt naturmateriell, til dømes kongler. Hoppe frå ulike høgder og hoppe opp på ulikt materiell.
  • Bygg og konstruer. Hyttebygging og annan konstruksjonsleik gir mange moglegheiter for allsidig kroppsbruk.

Utfordringar til deg

  1. Kva har kvardagslege aktivitetar og leik å seie for den fysisk utviklinga?
  2. Korleis kan du leggje miljøet i barnehagen til rette slik at barn mellom eitt og tre år får gode rørslemoglegheiter?
  3. Kva moglegheiter tilbyr naturen med tanke på å stimulere den motoriske utviklinga?
  4. Korleis kan du ha det moro saman med barn i fysisk aktivitet?
  5. Hugsar du nokre rørslesongar eller regler med rørsler frå eigen barndom, som du ønskjer å lære bort til barn?

Kjelder

Fjørtoft, I., Kjønniksen, L. & Støa, E. M. (2018). Barn – unge og fysisk aktivitet. Operasjonalisering av anbefalingene om fysisk aktivitet og stillesitting for barn og unge i alderen 0–18 år. https://openarchive.usn.no/usn-xmlui/bitstream/handle/11250/2578038/2018_12_fjortoft.PDF

Moser, T. & Storli, R. (2014). Fysisk og motorisk utvikling. I V. Glaser, I. Størksen & M. B. Drugli (Red.), Utvikling, lek og læring i barnehagen. Forskning og praksis (s. 100–126). Fagbokforlaget.

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 25.01.2021