Hopp til innhald
Fagartikkel

Stimulere motorisk utvikling hos barn 6 til 18 år

Barn og unge er fysisk aktive viss vi legg til rette for det. Det er ein tendens til at fysisk aktivitet i barne- og ungdomsgruppa avtek med alderen. Å oppmuntre og inspirere barn og unge til å vere fysisk aktive er ei viktig oppgåve for ein barne- og ungdomsarbeidar.

Leggje miljøet til rette

Når barna er i skulealder og ungdomsalder er det viktig at vi legg miljøet til rette slik at det gir moglegheiter for at barn og unge kan vere fysisk aktive. Sosial fellesskap og allsidig rørsleutvikling er viktige stikkord for både leik og aktivitetar i denne alderen. Naturen i nærmiljøet gir moglegheiter til leik og variert fysisk aktivitet og tilbyr varierte utfordringar som barn og unge etter kvart lærer å meistre.

Å gi barn gode fysiske opplevingar bidreg til at dei blir meir positive til slike aktivitetar seinare i livet. Det er dokumentert at fysisk aktivitet har betyding for både den fysiske og den psykiske helsa.

For å stimulere til motorisk utvikling må du som barne- og ungdomsarbeidar finne ut kva barna liker og ønskjer å drive med, gi ros og oppmuntring, ikkje stille for store krav og leggje til rette for meistring og sjølvbestemming.

Frå 6 til 12 år

For denne aldersgruppa bør vi vektleggje dei grunnleggjande rørslene, som å springe, hoppe og klatre i ulik terreng. Barna har er stort aktivitetsbehov, og tilboda må vere varierte, allsidige, leikbaserte og gi ulike utfordringar. Dei søkjer utfordringar som gir meistring av kroppen og omgivnadene, og dei øver gjerne på aktiviteten til dei oppnår meistring og ferdigheit.

Barna er fysisk aktive gjennom eigne aktivitetar og treng fleire og meir varierte moglegheiter til å vere fysisk aktive. Aktivitetane bør dekkje ein allsidig bruk av kroppen. Aktivitetstilbodet bør innehalde øvingar som stimulerer uthald, muskulær styrke og uthald, koordinasjon, balanse, snøggleik og reaksjon og smidigskap. Aktivitetane må vere lyst- og leikprega, vekke utforskartrong, meistring og rørsleglede.

Barna har behov for

  • varierte moglegheiter og utfordringar for å vere i fysisk aktivitet, utfordrande leikemoglegheiter ute og inne
  • å trene og perfeksjonere grunnleggjande rørslemønster gjennom aktivitetar i ulike miljø, ute og inne, individuelt og i grupper
  • varierte øvingar i å klatre, springe, hinke, hoppe, kaste, fange, rulle
  • øvingar som stimulerer muskelstyrke, koordinasjon, balanse og uthald i leikprega aktivitetar med ulike variasjonar
  • aktivitetar som set krav til koordinasjon og balanse, sentralrørsler og rotasjonar, som gymnastikk og turnøvingar, ski og skeiser, ballspel, sprang, hopp, kasteøvingar, parkour-aktivitetar, hinderløyper (høgt og lågt)
  • å utføre aktivitetar med eigen kropp som belasting
  • aktivitetar over lengre tid og med høgare intensitet: løp, sykling, orientering, ski, skeiser
  • å delta i enkle idrettsaktivitetar og lagspel
  • turar i nærmiljøet, i skogen, utforske terreng og underlag ved ulike årstider (vatn, snø, is, mose, røter, gras, asfalt og sand)

Populære aktivitetar i denne aldersgruppa er ballaktivitetar, sirkusaktivitetar, parkour, kampsport, boltrelek, terrengsykling, rullebrett, trampoline, hinderløyper, vinteraktivitetar som skileik, skeiser, slalåm, snøbrett og aking.

Frå 13 til 18 år

I denne alderen treng ungdommane å få tilbod om aktivitetar som er varierte, allsidige og utfordrande nok. Aktivitetane bør ha moglegheiter for individuelle løysingar. Både koordinasjon og balansetrening bør inngå i aktivitetsutvalet. Det er viktig å fokusere på meir kompliserte og utfordrande ferdigheiter som byggjer på dei tidlegare evnene deira, og som stimulerer kraft, snøggleik, balanse, koordinasjon og uthald.

Det å vere fysisk aktive saman med andre gir rørsleglede, derfor bør vi arbeide for å tilby aktivitetar i eit sosialt fellesskap. Sosialt samvær har mykje å seie for lysta til å vere i fysisk aktivitet.

Ein barne- og ungdomsarbeidar som jobbar med ungdom, må vere flink til å inspirere, støtte og leggje til rette for variert og allsidig fysisk aktivitet. Medverknad er sentralt i denne aldersgruppa, derfor er det naudsynt å finne ut kva dei liker og ønskjer å drive med, og kva dei har behov for av fysisk aktivitet. For å støtte ungdommar til å vere fysisk aktive er det gunstig å stimulere til samspel og sosialt samvær. Når vi tek omsyn til individuelle føresetnader og interesser og involverer ungdommane i utforminga av aktivitetane, kan det bidra til at dei får lyst til å delta i fysisk aktivitet.

Nokon vil òg trenge ekstra "draghjelp" for å vere fysisk aktive. Det er derfor viktig med oppmuntring og støtte frå vaksne om kva dei kan gjere for å vere fysisk aktive.

Dei treng tilbod om ulike og varierte aktivitetar. For eldre ungdom vil det vere føremålstenleg med aukande grad av både styrkje og uthald, som til dømes joggeturar, terrengløp, crossfit og cageball. Det vil bidra til at dei kjem i betre form, og dei kan dermed oppleve auka fysisk velvære ved fysisk aktivitet.

Utfordringar til deg

  1. Kva må du som barne- og ungdomsarbeidar gjere for å inspirere og oppmuntre barn til å vere fysisk aktive?
  2. Kva betyr det at aktivitetar må vere lyst- og leikprega?
  3. Fotball er ein aktivitet mange liker å halde på med. Kva for nokre motoriske ferdigheiter blir stimulerte ved å spele fotball?
  4. Kva tenkjer du det er viktig at ein barne- og ungdomsarbeidar gjer for å motivere ungdom til å vere fysisk aktive?

Kjelde

Fjørtoft, I., Kjønniksen, L. & Støa, E. M. (2018). Barn – unge og fysisk aktivitet. Operasjonalisering av anbefalingene om fysisk aktivitet og stillesitting for barn og unge i alderen 0–18 år. https://openarchive.usn.no/usn-xmlui/bitstream/handle/11250/2578038/2018_12_fjortoft.PDF

Skrive av Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 28.01.2021