Korleis går vi fram når vi skal tilsetje nye medarbeidarar?
Når vi skal tilsetje nye medarbeidarar, er det nyttig å ha ein plan for prosessen. Vi kallar dette rekrutteringsprosessen, og han består av fleire trinn.
Å ha tilsette er knytt til mange kostnader: lønn, arbeidsgivaravgift, forsikringar og utstyr. Derfor er det viktig med ein god rekrutteringsprosess for å sikre at personen som blir tilsett, er den beste kandidaten til stillinga. Prosessen kan ofte ta fleire månader, så det lønner seg å starte i god tid.
Vi har delt inn rekrutteringsprosessen i fem trinn:
Trinn 1: Jobbanalyse
vurdere behovet for nye medarbeidarar, og kva kompetanse dei treng
Trinn 2: Utlysing
forme ut stillingsannonse og velje kva for kanalar vi skal lyse ut stillinga i, til dømes på FINN.no. Somme stillingar blir berre lyste ut internt i bedrifta.
Trinn 3: Utveljing
lese gjennom søknader og velje ut kven vi vil invitere til intervju
Trinn 4: Tilsetjing
tilby den utvalde personen jobb, og skrive arbeidskontrakt
I arbeidsmiljølova og likestillings- og diskrimineringslova finn vi reglar som alle verksemder må følge i rekrutteringsprosessen. Det er til dømes ikkje alt ein har lov til å spørje om i eit intervju.
Rekruttering i offentlege verksemder
Offentleg sektor har fleire reglar dei må følge i rekrutteringsprosessen enn private bedrifter. Det er mellom anna eit krav at dei arkiverer søknadene og utarbeider offentlege søkarlister.
I offentlege verksemder skal òg representantar frå fagforeiningane til dei tilsette delta i rekrutteringsprosessen.
Får du jobb som administrativ medarbeidar, til dømes i ei HR-avdeling, vil du ofte bli involvert i rekrutteringsprosessen til bedrifta. Oppgåva di vil vere administrativ støtte til leiarane som skal gjennomføre tilsetjingar. Du treng derfor god kunnskap om rekrutteringsprosessen.
Film: Rekrutteringsprosessen, Color Line som eksempelbedrift
I filmen nedanfor (lengde 07:19) fortel Britt Otterhals om rekrutteringsprosessen i Color Line. Jobbsøkaren blir spelt av ein skodespelar.
Kva er Color Line oppteken av når dei skal tilsetje nye medarbeidarar? Video: Cylinder / CC BY 4.0
Oppgåver til filmen
Oppgåve 1. Jobbanalyse
Kva meiner vi med ein kravspesifikasjon i tilsetjingsprosessen, og kva bør han innehalde?
Lag kravspesifikasjonen for ei sjølvvald stilling i ei sals- eller reiselivsbedrift.
Oppgåve 2. Utlysing
Kva er ei utlysing, og kva bør vi ta med?
Skriv ei utlysing for stillinga du har valt.
Kor ville du ha lyst ut stillinga? Grunngi svaret.
Oppgåve 3. Utveljing
Korleis vel Color Line ut kven dei tek inn på intervju?
Korleis gjennomfører dei intervjuet i filmen?
Kva er ein referansesjekk, og korleis blir han utført?
Beskriv korleis du ville ha gjennomført eit intervju til stillinga di.
Korleis ville du ha gjennomført referansesjekk, og kva ville du ha spurt om?
Oppgåve 4. Tilsetjing
Kvifor trur du dei valde å tilsetje Frank?
Kva vil du vektlegge i tilsetjinga di?
Alle som blir tilsette, har krav på ein arbeidskontrakt. Kva skal han innehalde?
Oppgåve 5. Introduksjon
Kva introduksjon får Frank på den første arbeidsdagen sin?
Lag ein plan for ei introduksjonsveke for stillinga du skal tilsetje nokon i.
Film: Jobbintervju hos Securitas
Securitas søker ein vektar som skal arbeide på eit kjøpesenter. Siri har vore sikkerheitslærling og har nettopp teke fagbrev. No søker ho på Securitas-jobben. Har ho dei rette kvalifikasjonane? Filmen nedanfor (lengde 07:44) viser rekrutteringsprosessen, sett frå synsvinkelen til både arbeidsgivaren og arbeidssøkaren.