Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Jobb med rekrutteringsprosessen

I desse oppgåvene skal du jobbe med dei ulike trinna i rekrutteringsprosessen.

Oppgåve 1

Situasjonsbeskriving for Morten og Minoos bedrift

M&M importbedrift AS importerer profileringsutstyr til bedrifter og idrettslag. Bedrifta har hatt eit godt år med aukande aktivitet, og sidan dei berre er to tilsette, klarer dei ikkje å følge opp alle kundane på ein tilfredsstillande måte. Dei treng ein person som kan hjelpe til med sal og kundeoppfølging.

Del 1: Jobbanalyse

Utfør ein jobbanalyse for M&M importbedrift AS.

  1. Lag først ei liste over kva for oppgåver ei slik stilling inneber. Kva slags ansvar, og kva for plikter følger med?
  2. Kva slags utdanning, erfaring og personlege eigenskapar krev stillinga?

Del 2: Utlysing

  1. Finn jobbannonsar for ei tilsvarande stilling. Lag ei liste over kva slags formelle kvalifikasjonar bedrifta er ute etter, og kva for eigenskapar dei ser etter.

  2. Finn ut kva for vilkår som er typiske for ei slik stilling.

  3. Utarbeid eit forslag til ein stillingsannonse for M&M importbedrift AS.

  4. Undersøk finn.no/jobb, arbeidsplassen.no og Linkedin. Kvar vil du legge ut stillingsannonsen? Grunngi valet ditt.

Gode råd frå Nav til utarbeiding av stillingsannonsar

Tips om å lage ein treffsikker stillingsannonse, frå Nav sine nettsider

Del 3: Utveljing

  1. Forklar korleis du vil setje opp søkarliste.

  2. Utarbeid ein intervjuguide for den aktuelle stillinga, og forklar korleis du vil gjennomføre intervjuet.

  3. Korleis vurderer du søkarane i intervjuprosessen?

  4. Kven vil du kontakte for referansesjekk, og kva spør du om?

  5. Kva for lover og reglar må du følge i rekrutteringsprosessen?

Del 4: Tilsetjing

  1. Forklar kva det vil seie å skrive ei innstilling.

  2. Set opp eit utkast til ein arbeidskontrakt for stillinga.

Del 5: Introduksjon

Korleis vil du ta imot ein nytilsett?

Lag ein plan for eit introduksjonsprogram som skal gjennomførast den første arbeidsveka.

Oppgåve 2

I denne oppgåva skal du svare på repetisjonsspørsmål og utdjupande refleksjonsspørsmål knytte til rekrutteringsprosessen.

Skrive av Cecilie Lund og Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 23.10.2020