Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Fagorganisert eller ikkje?

Som arbeidstakar har du rett til å melde deg inn i ei fagforeining. Fagforeiningar er gjerne del av ein større fagorganisasjon, og for å vere medlem må du betale kontingent. Nokre fagforeiningar stiller krav om ei spesifikk utdanning for å kunne melde seg inn, andre har medlemmer frå ulike yrke.

Oppgåve 1. Vel deg eit yrke

  1. Kva for fagforeiningar kan du bli medlem av som fagarbeidar innanfor dette yrket?

  2. Kva fagforeining organiserer flest fagarbeidarar innanfor det yrket du har valt?

  3. Kva for nokon andre yrkesgrupper kan vere medlemmer i same fagforeining?

  4. Kva kan denne fagforeininga tilby medlemmene sine?

  5. Drøft argument for og imot å vere medlem av ei fagforeining.

Oppgåve 2. Lønner det seg?

Nokon seier det er dyrt å vere med i ei fagforeining. Kor mykje kostar det å vere medlem? Har du råd til å la vere?

Kontingent

Kontingenten til fagforeininga er skattefri. Det betyr at du betaler ein prosentsats ut frå bruttolønna di.

I tillegg er kontingenten frådragsgodkjend på skattemeldinga. Det betyr at du kvart år kan trekke frå inntil 8 700 kroner på skattemeldinga (2026).

Del 1

Eva er resepsjonist og tener kr 450 000 brutto i året. Ho vurderer å bli med i fagforeininga Fellesforbundet.

  1. Kor mykje skal ho betale i fagforeiningskontingent når kontingenten er 1,5 prosent?
  2. Kva nytte kan Eva ha av å vere med i Fellesforbundet?
  3. Synest du nytta veg opp for kostnaden?

Del 2

Ola er vektar og tener kr 500 000 i året. Han vurderer å bli med i fagforeininga Parat.

  1. Kor mykje skal han betale i fagforeiningskontingent når kontingenten er 1,2 prosent?
  2. Kva nytte kan Ola ha av å bli med i fagforeininga Parat?
  3. Synest du nytta veg opp for kostnaden?

Aktuelle nettstader

Fellesforbundet

Parat

Skrive av Vigdis Haugan og Cecilie Lund.
Sist oppdatert 11.05.2026