Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Likeverd og inkludering i arbeidslivet

Likeverd og inkludering er verdiar som er kjempa fram gjennom historia, og som vi framleis må jobbe med i samfunnet.

Menneskeleg likeverd

«Alle menneske er like mykje verde, uavhengig av kva som elles skil oss.»
– Læreplanverket, overordna del 1.1 Menneskeverdet

Om vi haltar, er blinde, høge eller låge eller lagar lydar som andre ikkje liker, så har vi alle like stor verdi i denne verda. Menneskeverdet er det same uansett biologiske, sosiale og kulturelle forhold som til dømes kjønn, etnisitet og funksjonsevne.

«Funksjonshindrede må inkluderes i mangfoldsbegrepet.»
– NOU 2023:13

Alle skal ha likeverdige moglegheiter til å leve livet sitt på best mogleg måte og oppleve meistring og glede. Samfunnet skal ta vare på mangfaldet og leggje til rette for at alle får oppleve tilhøyrsel i skule, yrkesliv og samfunn. I eit demokratisk samfunn skal det leggjast til rette for at alle kan bidra til verdiskaping gjennom aktiv deltaking i utdanning og arbeidsliv.

Tenk over

Kva skjer om du blir skadd i arbeidet ditt og får ei varig funksjonshemjing? Kan du framleis jobbe hos same arbeidsgivar?

Diskriminering

Diskriminering er forskjellsbehandling og kan oppfattast på ulike måtar. Ingen skal bli utsette for diskriminering. Vi kan alle oppleve at vi skil oss ut og kjenner oss annleis, derfor er vi avhengige av at forskjellar blir anerkjende og verdsette.

Diskriminering på grunn av kjønn, graviditet, permisjon ved fødsel eller adopsjon, omsorgsoppgaver, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsettelse, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder eller kombinasjoner av disse grunnlagene er forbudt. Med etnisitet menes blant annet nasjonal opprinnelse, avstamning, hudfarge og språk.
– likestillings- og diskrimineringsloven, §6, første ledd

Den personlege overtydinga og samvitet til kvar og ein av oss skal takast på alvor slik at alle kan tenkje, tru og ytre seg fritt. Du skal bidra til å ta vare på menneskeverdet og reflektere over korleis du kan forhindre at det blir krenkt.

Tenk over

  • Kva vil det seie å diskriminere?

  • Har du vore vitne til diskriminering?

Inkludering i yrkesfellesskapet

Eit inkluderande samfunn tek vare på alle og tilbyr trivsel, læring og meistring. Med ei raus og støttande haldning kan vi alle bidra til fagleg og sosial utvikling.

Menneske er sårbare og gjer feil. Tilgiving, nestekjærleik og solidaritet er naudsynt for at menneske skal vekse og utvikle seg.

Omsorg og omtanke bidrar til tryggleik og trivsel. Når du kjenner deg trygg, kan du lettare lære, meistre og utfordre deg sjølv. Trivsel handlar om å kjenne seg vel saman med andre og i sitt eige selskap.

I eit inkluderande miljø får du lov til å delta i alle aktivitetar du ønskjer, også dei som er for lette eller for vanskelege for deg. Det gir deg høve til å velje om du vil utfordre deg sjølv eller ta det roleg. Det gir deg òg høve til å utforske grensene dine og oppdage samspelet ditt med andre.

Vennskap skaper tilhøyrsel og gjer oss alle mindre sårbare. Når vi sjølv opplever å bli anerkjende og viste tillit, lærer vi å verdsetje både oss sjølv og andre.

Vi har alle ei historie med oss frå barndommen og oppveksten. Det kan vere veldig positivt, tragisk eller ei blanding av litt av kvart. Denne historia pregar oss og gjer oss til den vi er. Dersom du klarer å møte andre med respekt og anerkjenning, bidrar det til ei oppleving av tilhøyrsel.

Diskuter

Dere er tilsett i ei bedrift.

  1. Kva er eit godt arbeidsmiljø for deg, og korleis kan du bidra?

  2. Korleis kan du bidra til å inkludere ein kollega som kjenner seg utanfor?

  3. Kva kan du gjere om du oppdagar at ein kollega blir diskriminert?

  4. Er det plass og moglegheiter for ein person med funksjonshemjing i yrket ditt? Korleis kan det ordnast?

Kjelder

Kultur- og likestillingsdepartementet. (2023). NOU 2023: 13 På høy tid – realisering av funksjonshindredes rettigheter. Regjeringen.no. https://www.regjeringen.no/no/dokumenter/nou-2023-13/id2974659/

Lov om likestilling og forbud mot diskriminering. (2017). Kapittel 2: Forbud mot å diskriminere (§§ 6–16). Lovdata. https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2017-06-16-51/KAPITTEL_2

Utdanningsdirektoratet. (2017). Overordnet del – verdier og prinsipper for grunnopplæringen: 1.1 Menneskeverdet. https://www.udir.no/lk20/overordnet-del/opplaringens-verdigrunnlag/1.1-menneskeverdet/

Skrive av Sissel Paaske.
Sist oppdatert 05.05.2026